Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Kattaborga og Foreknuten

Date:
05.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h

Parkerte i vegkanten mellom Eltarvåg og Vier, litt sør for Nordavatnet. Gjekk opp vestover forbi ei hytte og så gjennom skogen eit kort stykke til dagens første topp Iglemyrknuten. Så vidare sørvestover mot Kattaborga. Kryssa ein nordgåande skogsveg og kom inn på ein sti som viste seg å føre opp til Kattaborga. Her kom det og sti opp både sør- og vestfrå. Sendte i vår epost til Kartverket ang høyden på denne toppen. Økonomisk (digitalt) kart med 1 m-koter stemmer ikkje overens med vanlig kart. Kartverket vedgår at "Det er tydeligvis noe som ikke stemmer her!" Ifølge punktarkivet skal toppen av den 7,5 cm høye jernbolten være 164,027 m. Jernbolten står etter det eg ser ikkje på absolutt høgaste punkt, men ikkje langt i frå. Var også oppom ein knaus drøyt >>>

Map    

Urdvassheii

Date:
28.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
6:45h

Gjekk på vegen oppover Evardalen. Det er ca 4,5 km bomveg som nå koster 100 kr for bil. Planen var uansett å gå oppe på fjellryggen ned igjen så derfor unødvendig å kjøre bomvegen. Frå enden av vegen fulgte eg T-merka sti drøyt 3 km vidare vestover til Kleivi. Der gjekk eg opp sør- og austover til Urdvassheii trigpunkt. Så sørover til ein jamnhøg topp uten avmerka høyde på nokon kart. Gjekk nedover Urdevassdalen der eg kom inn på ein gammal T-sti. Det såg ikkje ut til at den stien merkes lenger sidan det var slitt T-maling på steinane. Stien går over til Evardalen, men eg gjekk over Øyetjørnsknuten og vidare austover og kom inn på ein annen (stengt) bomveg gjennom hyttefelt.

Map    

Verehovudet og Søtebekkheii

Date:
27.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
7:00h

Gjekk over brua over Myklevassåni gjennom hyttefeltet på Stuteliheii. Så vidare i terrenget mellom Myklevatnet og Gardevatn og austover til Øydeskarshei og Den høge knausen. Deretter vestover mot Verehovudet via 994-toppen. Etter ein pause på toppen gjekk eg ned i Jarbudalen og opp på Søtebekkheii's to jamnhøge topper. Så ned i nordsida til sørvestenden av Myklevatnet og fulgte vegen det siste stykket til Myklestøyl.

Map    

Reinshornheii med Knut Sverre

Date:
04.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
8:45h

Hadde kontakt med knutsverre (Knut S. Andersen) denne våren mtp skitur til Urdalsknuten når vegen opna i mai hvis forholda tillot det. Snøfattig vinter og varm vår satte dessverre effektivt stopp for slike planer. Knut hadde bare to kommunetopper igjen i denne delen av landet og ville gjerne ta Reinshornheii i begynnelsen av juni. Sidan eg reiser Suleskardvegen rett som det er for å følge med på snø- og isforholda passa det godt å vere med Knut på hans nest siste kommunetopptur sør for 62. breddegrad. Me treftest som avtalt på p-plassen til Øyuvsbu litt før kl 9 og fulgte stien sørover og var bortom Øyuvsbu turisthytte. Vidare sørover langs austsida av Øyuvsvatnet mot Sandvatnet. Me måtte over Ivlungsåsni og der var det hverken bru eller tilrettelagt passering, og åna var ganske stri etter en del regn >>>

Map    

Tverråknuten

Date:
08.05.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Topper rundt Seilvassdalen

Date:
13.04.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
9:30h

Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning. Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km kvar veg over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen >>>

Map    

Bjødnaknuten

Date:
12.04.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Myrfjell og Storbakknuten

Date:
10.04.2019
Characteristic:
Hike

Parkerte ved kraftstasjonen. Hadde med sykkel som eg leide opp den asfalterte anleggsvegen opp til til Myrtjørna. Kun nokre få snøfenner over vegen lengst oppe etter ein nokså snøfattig vinter. Sykla over den islagte Myrtjørna og gjekk opp til Reiarsskaret på stort sett fast skaresnø. Hard bratt snøfonn øverst i skaret, men kom meg greit opp uten stegjern. Isøks var likevel god å ha. Gjekk over Krokavatnet, og så opp sørsida til Myrfjell. Retur same veg, men var oppom Storbakknuten før eg gjekk ned igjen via Reiarsskaret. Sykla så tilbake over Myrtjørna og anleggsvegen ned til Maudal.

Map    

Vallresknuten

Date:
02.04.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Dyranuten

Date:
11.03.2019
Characteristic:
Hike
Map