Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Other winter trip (13)
- Snowshoe trip (13)
-
Ski trip (130)
- Backcountry skiing (128)
- Cross-country skiing (2)
-
Trip by foot (519)
- Alpine trip (2)
- Hike (408)
- Hillwalk (100)
- Walk (7)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Collected lists
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favourite peaks
Øyåsen og Randåsen
- Date:
- 06.07.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 7:45h
Kjørte ein runde rundt Randøy og la i frå meg sykkel på parkeringsplassen på vestsida av øya. Parkerte så ved ein tømmervelteplass ein snau km vest for Randøybrua. Derfrå går det ein litt gjengrodd skogsveg eit stykke vestover og så på merka sti til Øyåsen/ Kodl. Trigpunktet på toppen fant eg ikkje men det er eit fint utsiktspunkt og besøksbok litt sør for toppen.
Fulgte så umerka men grei sti vestover og så gjennom skiferbrotet der det sto adgang forbudt, men det var ikkje aktivitet der på dette tidspunktet utpå ettermiddagen. Fant så merka sti det siste stykket opp til Randåsen frå sør og austsida. Beskjeden utsikt frå toppen og pga skogen, men også her var det fint utsiktspunkt og besøksbøk litt sørvest for toppen. Så fulgte eg merka sti ned til Randåsen parkeringsplass.
Sykla >>>
Tofjellet og Måheia
- Date:
- 05.07.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 8:30h
Parkerte på ein liten tilrettelagt p-plass rett før brua over Bønaråna. Herfrå går det merka rute opp til Tofjellet. Det går an å kjøre lenger oppover Bønardalen (mot bomavgift på 20 kr), men det var ikkje aktuelt for meg sidan eg skulle gå ein lengre rundtur. Flott utsikt og vardebok på Tofjellet.
Gjekk så ned i terrenget nordover og kunne greit steingå den ellers strie Bønaråna ved Røglemyrane. Så gjekk eg opp gjennom skogen til Såteheia og Hesthei og rundt nordenden av Måvatnet til Måheia. Store oppdyrka areal på Måmyrane så det går fleire vegar opp hit. Kryssa den vestre vegen og kom inn på den midtre vegen på ca 480 moh, og så over på den austre vegen på 400 moh som eg fulgte ned til Bønaråna.
Størnafjellet og nabotopper
- Date:
- 04.07.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 11:30h
Parkerte på tilrettelagt p-plass på vestsida av Rv 13 ca 150 m nord for avkjøringa til Songesand. Herfrå er det merka turløype opp til Middagsåsen. Fin skogsveg oppover og så tar stien av til venstre på ca 220 moh. Vardebok på Middagsåsen. Fulgte så stien ned igjen til skaret aust for toppen og så på ein utydeliare sti vestover som nok fører inn på skogsvegen igjen. Men eg gjekk vidare gjennom skogen vestover til Størnafjellets to topper, og så til Kyrkjeleidfjellet og forbi den nedlagte garden Drifland til Skorpefjellet. Frå Drifland går det veg ned til Måland ved Rv 13 slik at dette vil vera enklaste adkomst til Kyrkjeleidfjellet, utan at den vegen var aktuell for meg nå.
Så fulgte eg ein sti nordover til Espevatnet der eg kom inn på god skogsveg. Var så oppom ein skogstopp >>>
Grønhaug og Solliknuden
- Date:
- 28.06.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 9:30h
Parkerte ved vannverket som ligger rett overfor Lundheim folkehøgskule på Moi. Derfrå er det merka rundløype over Grønhaug og Solliknuden som er 16,6 km lang ifølge infoskilt. Eg fulgte den nordligste ruta for å gå på Grønhaug fyrst. Der er det stor varde med bok. Gjekk så sørover til Solliknuden som har liten varde og bok. Tok så ein ekstrarunde sørover for å ta med nokon sekundærtoppar. Gjekk opp og ned i austsida av Medhei og opp til Sauehagen frå nord. Stort topplatå har med fleire jamnhøge topper.
Kom inn på stien igjen litt vest for Bjørnstjørna, og frå austenden av tjørna tok eg avstikkere opp på Yddeknuden og Stemhei. Toppunkt på 503 m NV for trigpunktet på Yddeknuden. Stemhei har stort topplatå med fleire omtrent like høge topper. Fulgte så stien det siste >>>
Gjegningheia
- Date:
- 27.06.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 10:30h
Parkerte på skilta p-plass litt sør for Gursligardane. Gjekk på god taktorveg et stykke oppover mot Gullvatnet. Fulgte så merka sti til Gullbergknuden som har eit par klyvepunkt i vestsida med utlagt vaier til å halde seg i. Flott utsiktstopp med vardebok. Vidare vestover er det merka sti til Hattesteinen og Gjegningheia, men stien blei stadig meir utydelig så eg mista den i det høge graset. Hattesteinen var dog godt synlig på avstand så lett å finne fram. Det er to steiner som ligger oppå kvarandre på ein fjellrygg. Gjekk så opp på Jegningsknuten som og har vardebok, og hadde der ein lengre pause. Herfrå gjekk eg på merka og tydelig sti ned til Gullvatnet og Gursligruvene. Gjekk ikkje inn i gruvene, men var der på omvisning i februar 2011. Då var det store istapper ved gruveinngangane.
Frå >>>
Gruvletinden
- Date:
- 11.06.2017
- Characteristic:
- Hike
Etter å hatt Med saueflokk til Langeidheia denne helga skulle me på sundag gå ein kortare veg tilbake til Brokke - Suleskardvegen ved Kvislevasskardet. Vakna opp til ein grå morgon me skodd og yr, men det letta heldigvis utover føremiddagen. Me fekk heile 13 fisker i garnet i løpet av natta. Me steikte nokre av dei og åt til frukost, og resten tok me med heim. Etter denne solide frukostmiddagen gjekk me nordvestover og fulgte T-stien frå Gruvledalen til Steinbutjørnin. Eg tok ein avstikker over Gruvletinden mens dei andre fulgte T-stien. Frå Steinbutjørnin går ein annan sti så me fulgte til Kvislevasskaret der Asbjørn hadde parkert og me kjørte så ned til Håhellervatnet der me andre hadde parkert våre biler.
Etterpå kjørte eg opp igjen til Ivlungsvotni og parkerte ved Øyuvsbuparkeringa og gjekk ein >>>
Med sauedrift til Langeidheia
- Date:
- 10.06.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 31:00h
Var med Asbjørn, Morgan, Endre og Odd Einar for å jaga sauaflokkane deiras til Langeidheia i Setesdal Vesthei. Det var 3 flokker på i alt 514 sauer og lam, 214 til Asbjørn og 2 andre flokker på 150 i kvar som skulle til heis denne helga. Asbjørn hadde med dei 3 hundane sine til å halde kontroll på sauene. Me gjekk frå skiljegardene vest for Håhellervatnet kl 10 fredag og gjekk sørover Hytteheii over heilårsbru ved Rågeloni. Vidare søraustover forbi nordenden av Monsvatnet til Vidalega der me hadde overnatting til dagen etter.
Me hadde 3 pauser underveis og ein plass lagde me bål og grilde pølser. Det regna mesteparten av tida, særlig siste del av dagen, men stilt og mild temperatur. Det var to krevjande elvepasseringar rett før Vidalega. Greit å steingå for oss tobeinte, >>>
Faureknuten og Nonsfjellet
- Date:
- 14.04.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 6:15h
Parkerte ved Krokavatnet som ligger langs vegen mellom Nedrebø og Skjæveland. Det går ein grusveg med åpen bom frå Trongsla gjennom lerkeskog og kulturbeite forbi eit lite tjern på nordsida av vegen. Her er det parkeringsplass og infoskilt om turområder i Bjerkreim. Kan spare 1,5 km gåing med å kjøre opp der. Var ikkje åleine på tur her denne langfredagen. Herfrå gjekk eg på merka sti gjennom stedvis myrete terreng opp Grolidalen og så det siste stykket opp austsida til Faureknuten. Fleire meste like høge topper på det vide topplatået. Ny vardebok frå 24. mars i år på hovedtoppen med varde litt nord for trigpunktet. Flott utsikt med utsyn over store deler av Jæren og innover Bjerkreimsheiane.
Gjekk vidare i terrenget austover til Jonilknuten opp/ ned den bratte nordsida. >>>