Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vardåsen og diverse

Date:
25.09.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
6:10h
Distance:
12.9km

Gjekk frå p-plass ved Mysingveien omtrent midtveis mellom E39 og Mysing. Fulgte stort sett merka sti opp til Vardåsen, men stien er mange plasser lite synlig og merkinga mangelfull så eg mista stien fleire plasser. Vidare stort sett uten sti i stedvis høgt gras over Vardåsen/ Nibane og Bukkaknuten/ Høgeknuten. Kom så ned til Mysing og fulgte merka sti til Hestafjellet/ Jonsokknuden og minnesmerke etter eit engelsk fly som styrta hausten 1942 i fbm operasjon Freshman. Fulgte så en annen nordligare sti til p-plassen ved Mysingveien. Tok til slutt ein tur ned til andre sida av E39 og gjekk opp til Kulefjell. Toppen der er ein markert steinknaus omgitt av granskog så lite utsikt. Overskya dag med periodevis skodd over ca 400 moh og regn av og til, men lettare og delvis oppklarning med fullmåneskin >>>

Map    

Rygla og sekundærtopper

Date:
24.09.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:18h
Distance:
20.1km

Gjekk frå tilvist p-plass på eine garden på Gya. Fulgte merka sti opp Kyrkjevegen mot Botnabrekka og så stilaust vestover via Baglitjørna til Bagli. Vidare i nokså tungt terreng til Stokkafjellet. Så nordover til Rygla, og så på god sti vestover til Gyaaksla. Stort sett stilaust sørvestover via 626-toppen til Lammaknuten. Vidare nokså bratt nedover til Slettebøtjørna, og så oppom Klubben og Kjelleheia. Klubben har mykje plagsomt kratt mens Kjelleheia er lettgått på kulturbeite. Siste topp blei 268-toppen på vestsida av Uadalen som lokalnamn.no kaller Tasabakkjen. Ved Fv 42 ved Terland hadde eg lagt frå meg sykkel og sykla drøyt 9 km tilbake til Gya i flott klarverskveld med meste fullmåne.

Map