Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Kjerringfjellet og småtopper

Dato:
30.09.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:50t
Distanse:
12,3km

Parkerte på tilrettelagt p-plass før gardane på Krogedal. og begynte å følge tursti til Ramnafjellet. Oversåg trulig skiltinga og endte opp med å følge traktorveg oppover gjennom beitelandskap. Sidan eg ikkje såg sti til Ramnafjellet gjekk eg stilaust til toppen. Vidare austover fulgte eg merka sti mot Svihusvatnet så går på sørisida av Akslifjellet. Resten av turen gjekk eg stort sett stilaust over Kjerringfjellet, Lyngberget, Mosaberget, Hellefjell og Rikkafjellet. Gjekk ned ved utløpsbekken frå Rikkatjørna, og der er det særs bratt i det øverste partiet. For dei fleste vil det nok være betre å gå ned i slakere terreng lenger aust.

Kart    

Tindafjellet og småtopper

Dato:
24.09.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:15t
Distanse:
16,3km

Gjekk frå Kyllingstadveien, men det er mulig å kjøre oppover Kringlelia men stengt med bom opp til vindmøllene. Veien går nesten til topps. Fulgte veien vidare vestover eit stykke, og så stort sett stilaust gjennom stedvis myr og skog over Langafjellet, Middagsfjellet, Litla og Store Håfjellet og Grønafjellet og så ned til Kringlelia. Derfrå fulgte eg stort sett grusveg resten av turen med avstikker oppom Sniborfjellet og Nordlifjellet.

Kart