Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Kjertåsen og Tofjellet

Datum:
14.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:00h
Entfernung:
17,9km

Fant en grei p-plass nokon hundre meter frå Rv 42 ca 2 km vest for Krossmoen. Gjekk nordover på grusveg og vidare på traktorveg eit stykke før eg gjekk ut i terrenget og opp på Kjertåsen nordfrå. Ingen sti annet enn sporadiske dyretråkk. Retur sørover over en sekundærtopp kalt stien og så bratt ned gjennom skog til Lomelandstjørna. Åt en del blåbær underveis så det blei en rundtur på ca 2 t. Gjekk så vidare til Tofjellet på traktorveg nokså langt opp og så ut i terrenget. Vidare over fleire småtopper. Mesteparten av tida i tungt terreng med høgt gras, men og enkelte strekk på veg.

Karte    

Grønhaug og nabotopper

Datum:
09.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
10:48h
Entfernung:
25,2km

Parkerte på skilta turparkering på nordsida av innløpselva i austenden av Orrestadvatnet. Solliveien er stengt med låst kjetting noen få hundre meter lenger oppe. Gjekk på god grusveg opp til Solli. Stien vidare er stedvis utydelig og såg ikkje stien opp langs bekken frå Tangavatnet. Fulgte en sti et stykke nordover som er merka med plastbånd før eg forlot stien og gjekk opp fjellsida austover. Stedvis svak sti langs bekken oppover. Frå vestenden av Tangavatnet gjekk eg direkte opp til Solliknuten. Så vidare nordover via Solliheia til vestenden av Langavatnet, og på merka sti opp til Grønhaug. Deretter til Skarfjell, Gaulerottan, Øydalsknuten og Grøndalsheia ned til Håland og fulgte grusveg siste 4 km tilbake til utgangspunktet. Ganske greit å gå mellom Grønhaug og Skarfjell, >>>

Karte    

Glerhaugen og Sellfjellet

Datum:
08.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
10:17h
Entfernung:
26,4km

Parkerte på skilta turparkering på nordsida av brua over innløpselva i austenden av Orrestadvatnet. Hadde med sykkel uten batteri og måtte leie den i motbakkene opp til et stykke forbi Håland. Gjekk så på gjengrodd sti gjennom skogen og stedvis dyretråkk opp til Myssaheia. Vidare til Glerhaugen og ned til Trollkyrkja. Så bratt ned på hjortesti gjennom skogen til Kolestrand og på god grusveg nordover. Oppe på bakketoppen er det skilta tursti til Sellfjellet så eg fulgte noenlunde, men stien er stedvis utydelig. Neste topp blei Stokkafjellet opp vestfra, og så bratt ned sørsida til vestenden av Stokkavatnet. Siste topp blei Vallbakken på dyresti opp fra Hålandsvegen. Frå utløpet av Ljosvatnet fulgte eg Hålandsvegen som er en rødmerka sti. Stedvis slitt maling og stien er delvis >>>

Karte    

Hunnefjell og Grohei

Datum:
08.06.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
5:27h
Entfernung:
18,7km

Parkerte mellom Hunnevatn og Lortabu. Mykje vatn i bekken pga snøsmelting, men akkurat her er det greit å steingå over bekken. Bar skia et stykke opp fjellsida før eg kom inn på snøen. Ennå ganske mykje snø i Grodalen og i aust- og nordhellingane av Hunnefjell og Grohei. Gjekk til fots opp og ned den snøbare vestsida av Indre Grohei, og vidare på ski til Grohei og ned sørsida til skiføret tok slutt. Lettgått på tørre sva nedover til Hunnedalen.

Karte    

Krokavassheia og Gaupefjellet

Datum:
07.06.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
10:20h
Entfernung:
35,6km

Kjørte anleggsvegen nokon få hunde meter frå Lysevegen opp mot Langavatn til der snøen låg. Samanhengande skiføre det aller meste av turen med litt kreativt rutevalg. Første topp blei ein namnlaus topp mellom Varmekroheia og Gaupefjellet. Vidare vestover via fleire namnlause topper til Krokavassheia som har stor varde. Så austover igjen via sørsida av krokavasstjørna til Gaupefjellet. Rant ned til Langavatn turisthytte og over Langavatnet og fulgte stort sett anleggsvegen tilbake til utgangspunktet.

Karte    

Urdalsknuten

Datum:
21.05.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:57h
Entfernung:
33,4km

Brokke - Suleskard - vegen mellom Sirdal og Setesdal åpna middagstid etter vinterstengning. Fortsatt godt med snø og godt skiføre over Rosskreppfjorden uten overvatn eller gjennomslagsføre annet enn langs land. Samanhengande skiføre opp til Urdalsknuten. Brukte 1 t og 45 min over fjorden og ytterliggare 1 t til topps, og så ein drøy time pause. Retur ned via Solhedlerskvæven og tilbake over fjorden.

Karte    

Auråhorten

Datum:
07.05.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
10:48h
Entfernung:
46,7km

Begynte skituren ved trafostasjonen ovanfor Duge kraftverk. Vegen vidare opp til dammen var ikkje brøyta. Gjekk over Svartevassmagasinet og opp den bratte sørsida til Auråhorten. Passerte kommunegrensepunktet mellom Sandnes, Sirdal og Bykle. Ser ut som eg bomma med ca 5 meter, men det får være godkjent under tvil. Vidt topplatå oppe på Auråhorten, og gjekk ein runde over fleire vardesatte sekundærtopper. Så oppom Skrumleknuten til fots via nordsida og til Tyskebottsknuten via austsida. Vidare til Presteknuten og ned Litle Aurådalen og retur over Svartevassmagasinet. Veldig bra skiføre på heile turen. Litt kjølig søraust trekk i høyden. Anleggsvegen opp til Duge er normalt stengt med bom i Flatstøldalen.

Karte    

Hadvarshei og Dyngjanhei

Datum:
22.04.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
6:13h
Entfernung:
20,0km

Sykla frå bommen i Flatstøldalen opp til vegen inn til Flatstøl, og gjekk på ski derfrå. Gjekk så på ski opp til Hassteinsfjellet og vidare over Rupedalshei til Hadvarshei. Så vidare nordover til Dyngjanfjellet og Dyngjanhei. Retur nedover Kregdedalen til Flatstøl. Det skya til frå sør seint om ettermiddagen og skvatt litt regn om kvelden. Ca 3,5 km sykkeltur kvar veg tur/ retur frå bommen i tillegg til skituren.

Karte    

Bergeheii og Litle Auråhorten

Datum:
21.04.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:52h
Entfernung:
32,0km

Vegen frå bommen i Flatstøldalen opp mot Svartevassdammen var nylig brøyta. Sykla oppover og begynte skituren frå trafostasjonen ovanfor Duge kraftverk. Gjekk vidare på ski opp til Svartevassdammen og ut på kraftmagasinet Svartevatn. Det går kvistaløype mellom Grautheller og Litle Aurådal og Storsteinen turisthytter. Fulgte den løypa et stykke før eg gjekk over Molteheii og vidare til Bergeheii som er øytopper i Svartevassmagasinet. Så nordover til Litle Auråhorten. Retur over Svartevassmagasinet, med en avstikker oppom austtoppen til Loneknuten. Utenom skituren er det ca 15 km sykkeltur kvar veg frå bommen i Flatstøldalen.

Karte    

Stutaheia

Datum:
20.04.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:55h
Entfernung:
23,4km

Gjekk først over Tverråtjødnen og fulgte vidare stort sett kvistaløypa opp til Øyarvatnet. Enkelte andre også på tur denne dagen. Slo av en prat med to av dei på ruta opp mot Øyarvatnet. Lenger oppe var det ingen å sjå, anna enn to snøskutere som kjørte over Øyarvatnet. Oppe på Stautaheia var det lagt ut postkasse med vardebok i påsken i fjor. Mange har skrevet seg inn i boka i vinter- og påskeferiene, men relativt få i sommersesongen.

Karte