Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vardafjell

Datum:
09.04.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:00h

Tur heimefrå over Kolfjellet og ned til Søredalen. Der er der merka tursti til Sygno frå sørenden av Skjelbreidtjørna. Gjekk så over Kråkeberget og Vaulaberget og rundt nordenden av Skjeldbreidtjørna og inn på anleggsvegen til Vardafjell frå Leikvam i Noredalen. Det er stengt og skilta med adgang forbudt for uvedkommende, men lett å gå rundt. Ingen aktivitet skjærtorsdag, men det var andre turgåere. Det er merka sti til Vardafjell frå sørenden av Skjelbreidtjørna som krysser anleggsvegane. Dei omstridte vindmøllene er ennå ikkje satt opp, men det kan skje om få mnd. Det skal visstnok settes opp i alt 32 (7+25) møller, så landskapet vil då endra seg ein del. Fulgte den vegen som går mot Svanetjørna og derfrå er det kort gange i terrenget til toppen. Retur via Husafjellet >>>

Karte    

Svartevassknuten

Datum:
07.04.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
10:00h

Parkerte på sørsida av Stavtjørna for å slippe p-avgifta på 60 kr på den store p-plassen på nordsida. Lite aktivitet og innstilt skitrekk denne påsken pga koronarestriksjoner. Fulgte oppkjørt skiløype til Åkroken og Sandvassdalen til Barbuvatnet. Så opp sør- og vestryggen til Eikerinden og vestover igjen til den namnlause 853-toppen. Vidare via tjern 802 og opp austryggen til Svartevassknuten. Gjekk så austover for å ta med nokre sekundærtopper mellom Krokavatnet og Storavatnet. Retur over Barbuvatnet som hadde begynt å få råtten is så måtte vere litt forsiktig der, og så skiløypa på skareføre tilbake til Stavtjørn i månelys kveld.

Karte    

Myrfjell

Datum:
30.03.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Det er nå satt opp bom ca 500 m før Maudal kraftverk pga anleggsarbeid på vegen opp til Myrtjørna. Traff ein av anleggslederne som gav meg lov til kjøre på utsida av bommen og opp til røyrgata siden dei ver ferdige med sprengning for denne dagen. Skiføre frå første hårnålssving opp til Myrtjørna. Isen la seg seint denne vinteren, men var nå rundt 15 cm. Så bratt opp til Reiarsskaret der eg bar skia det øverste brattaste partiet. Vidare over Krokavatnet og opp sørryggen til Myrfjell. Greit skiføre med 5-6 cm nysnø oppå skaresnø, men avblåst i toppområdet rundt Myrfjell etter nordavinden dagen før. Yr lovte fint ver, men sånn blei det ikkje og skodda la seg nedpå. Hadde tenkt å ta med Storbakknuten, men droppa det pga skodda. Den letta og det klarna opp då eg kom ned.

Karte    

Iglandsklubbafjellet

Datum:
28.03.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
21.03.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Dyranuten

Datum:
06.03.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Vallresknuten

Datum:
05.03.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Karte    

Risfjellet

Datum:
29.02.2020
Tourcharakter:
Wanderung

Dei fleste går nok til Risfjellet frå Gjesdalhallen på Solås/ Ålgård, men det er sti også frå Flassamyrveien på nordsida av Risfjellet. Gjekk på vegen ned til vestenden av Flassavatnet, og så på blåmerka stedvis sorpete sti opp til toppen som nå har fått ny arkeoplanboks med vardebok. Risfjellet er nå med i det gode selskap av 12 andre topper i Vardejakten som arrangeres av Ålgård Orientering. Sterk sønnavind og litt nedbør i lufta så det blei kort stopp før eg gjekk vidare vestover til Ravnefjell før retur til Flassamyrveien og opp til Blegafjellet der det ikkje er sti. Var og oppom Krossfjellet som også er ein av Vardejakt-toppane.

Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
19.02.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Dyranuten

Datum:
14.02.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Karte