Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Edlandsfjellet og Åslandsnuten

Date:
04.05.2014

Sykla heimefrå til Neseskogen og gjekk opp til Edlandsfjellet og Bursfjellet. Det var heftig gras- og lyngbrann i dette området helga før, og store områder var nå svartsvidde. Edlandsfjellet er eit populært turområde sør for Ålgård og det er ein liten parkeringsplass i Neseskogen på sørsida av Edlandsvatnet. Derfrå er det god sti til Edlandsfjellet som er med i "Vardejakten" i Gjesdal som drives av kommunen og orienteringsgruppa. Frå Neseskogen og sykla eg videre Fv 506 vestover og tok av til Høga Håland for å gå opp på et par mindre topper som eg ikkje har vore på før. Sykla via Åsland på veg heim og var oppom Åslandsnuten. Kort veg men ca 180 hm stigning opp frå toppen av Åslandsbakken. Ingen tilrettelagt parkeringsplass her, men det er plass til nokon få >>>

Map    

Brådlandsknuten og Fidjaknuten

Date:
01.05.2014
Map    

Blåfjell og Stutaheia

Date:
28.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Vårskitur i indre Forsand

Date:
26.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
12:00h

Sykla på anleggsvegen frå Ådneram til Duge kraftverk nedanfor svartevassdammen. Vegen blei brøyta opp i slutten av mars pga utbetringsarbeid på demningen. Gjekk på ski over Grauthellervatnet forbi turisthytta og vest- og nordover over sørvestre del av Svartevatnmagasinet. Så vestover til Klumpen og nordvest til den namnlause 1174-toppen. Så austover via Tverråflærne til Svåhellerheia og Loneknuten. Rant så ned sørover ut på Svartevatnet til demningen og ned til Duge. Ca 1t å sykle kvar veg og 10t skitur i fint men disig og varmt ver.

Map    

Strandvassknuten og Gjuvheia

Date:
15.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing

Skitur over Litla Sandvatnet opp til skaret mellom Iglandsklubbafjellet og Molteheia ned til Lyngsvatnet. Veldig bratt ned til vatnet på denne sida, men går greit via tjern 731 så lenge det ikkje er rasfare. Vidare over austre del av Lyngsvatnet til Storaneset, og sørover opp til Bjørkelifjellet og austover til Strandvassknuten. Så vestover igjen og ned i Dyrskarddalen og opp til Gjuvheia. Rant så ned nordover ut på Lyngsvatnet igjen, og vidare vestover opp via tjern 731 tilbake til Litla Sandvatnet.

Map    

Tveitakollen og Vardekollen

Date:
04.04.2014
Map    

Siriknuten, Venelifjell og Falkekollen

Date:
03.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing

Parkerte langs Rv 42 ved Espetveit. Bar med ski og gjekk langs Nespervatnet opp til Kulivatnet der eg kunne ta på ski. Godt skiføre over 600 moh, og gjekk over Roneknuten, Nordheia, Siriknuten, Eldsteinen, Venelifjell og Falkekollen. Rant så ned til Kulivatn igjen og gjekk tilbake til Espetveit.

Map    

Høgknuten og Bringeknuten

Date:
31.03.2014
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk frå Maudal kraftverk i 10-tida oppover på anleggsvegen mot Stora Myrvatnet. Forlot vegen i den første hårnålssvingen på snaut 500 moh. Derfrå går det ein sti mot Brudle og Jensastølen som eg fulgte. Tok på ski då eg kom på samanhengande snø over 600 moh. Kryssa Jensavatnet og gjekk opp til Flassevannsbergene og vidare austover til topp 845 og Leitesknuten. Så sørover til Høgknuten og sørvestover til Bringeknuten. Vidare nordover til Jensavatnet igjen og tilbake same vegen ned til Maudal. Mykje snø etter ein snørik vinter og gode føreforhold på vårsnø.

Map    

Hest og Holmaheia

Date:
29.03.2014
Map    

Grubba og Bergheii

Date:
25.03.2014
Characteristic:
Backcountry skiing

Skitur frå høgfjellshotellet på Fidjeland. Gjekk i oppkjørt løype eit stykke opp Jogledalen og så opp i nordsida til Grubba. Var og bortom sørtoppen som har stor forseggjort varde og så videre austover til Såta og til Bergheii. Herfra rant eg ned på Svartavatnet og så ned til Jogledalen. Var ingen spor øverst i dalen. Kom inn på den oppkjørte løypa ved ei meste nedsnødd hytte ved Steinbutjødna. Rant så ned igjen til Fidjeland. Fint ver, men tungt skiføre pga 30 cm nysnø men stedvis avblåst, hardt og isete over 1000 moh.

Map