Trolledalsegga (22.10.2013)


Map
Ascents Sagtennene (1,023m) 22.10.2013

Eg var på besøk hjå "boven" og "ligroenb" denne kvelden og så tok Ove og meg ein køyretur til Trolledalsegga sidan bommen var åpen. Me diskuterte korvidt me kunne rekne dette som bestigning sidan me kjøyrte opp. Eg meiner at så lenge eg går ut av bilen og går bort på fjellets høgaste punkt så er det en gyldig bestigning. Det regna og var mildt så det aller meste av nysnøen som låg her var tint vekk. Rask og lettvindt bonustopp. Takk for turen Ove!

User comments

  • -
    avatar

    Heliskiing

    Written by boven 04.11.2013 20:40

    Toppen er din, og takk for besøket! Kravet er vel at ein har vore fysisk på toppen og så får kvar enkelt vurdere kva ein vil registrere. Men vidare...kva skjer når vi no dessverre etter all sannsynlighet må godta heliskiing? På Sunnmøre er det planar om helikoptertransport til fleire toppar, deriblant Skårasalen. Då blir det kjempelett å samle toppar!

    • -
      avatar

      Sv: Heliskiing

      Written by kobbenes 05.11.2013 11:56

      eg meinar lettaste veg opp via landjorda. då er bil og skitrekk gyldige hjelpemiddel (og bil brukar ein jo ofte til ei viss grad).

    • -
      avatar

      Sv: Heliskiing

      Written by kolla 07.11.2013 17:30

      Me vart vel ikkje enige nei. Meiner de at ein må gå opp til fots/ ski minst 400 hm opp til topps, eller minst 40% av fjellets høyde? Det vanlige er å køyre så langt det er åpen veg og så gå opp resten. Kva meiner de om å gå på vegen heilt opp? Vegen er eit kunstig inngrep i naturen og då burde ein gå i terrenget utanfor vegen!

      Eg likar ikkje utviklinga hvis det vert vanleg med helikoptertransport eller snøskuterkøyring opp til toppane. Men hvis ein står med føtene på høgaste punktet på fjellet så har ein vore på toppen uavhengig av korleis ein kom seg fram.

      Me som normalt går opp må arbeide fysisk for å nå toppen, mens dei som tek helikopter opp må kanskje arbeide litt ekstra på andre måter for å kunne finansiere helikopterturane...

      • +
        avatar

        Sånn vi tenker...

        Written by boven 08.11.2013 19:32
  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 04.11.2013 18:09

    enige vart vi ikkje;)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.