Skeisknuten og Hakefjellet (17.09.2019)


Start point Koland (570m)
Endpoint Koland (570m)
Characteristic Hike
Duration 8h 00min
Map
Ascents Søre Hakefjell (836m) 17.09.2019
Hakefjellet (873m) 17.09.2019
Øvra Hakefjellet (862m) 17.09.2019
Knutsliheia (708m) 17.09.2019
Kolandsåsen (674m) 17.09.2019
Skeisknuten (777m) 17.09.2019
Skeisliin (710m) 17.09.2019

Kjørte bomvegen (50 kr) dagen før for turen til Midtstrandnuten og Hestefjellheia. I dag blei det ein lenger tur i området nord for det regulerte Gyvatn. Gjekk austover via Vrålsbukilen der eg måtte finne ein høvelig plass å kryssse elva mellom Stasvatn og Gyvatn. Vidare via Knutslifjellet til Skeisliin og så nordover til Skeisknuten der eg gjekk opp i den bratte vestsida. Liten varde på toppen. Gjekk ned den særs bratte nordsida der eg fant ei grei renne å gå ned i. Vidare nordover opp til Hakefjellet's mange toppunkter. Først trigpunktet 836 på sørkanten og 867 som ifølge ØK er 862. Så til trigtoppen 873 via ein austlig fortopp. Det er ein topp til med 860-kote eit stykke lenger nord som eg dessverre droppa. Den er uten oppført høyde på kartet "Austad", men det viser seg at den også er 873 så dermed litt usikkert kva som faktisk er høgaste topp. Trigtoppen 873 har stor varde som delvis har rast ned.
Retur ned skaret sør for trigtoppen på skrå ned til Kjosevassdalen langs austsida av Kjosevasstjørna og kryssa utløpet av den og vidare sørover. I sørvestenden av Kjosevatn kom eg inn på ein god sti som eg fulgte langs sørsida av Stasvatn. Ny elvekryssing uten bru over utløpselva som eg kryssa lenger nede tidligare i dag. Til slutt ut i terrenget igjen med "snarveg" over Åsen til Koland. Det aller meste av turen var i meir eller mindre kupert terreng med høg vegetasjon. Ellers flott dag med sol og haustens første nysnø som kom i nått over ca 900 moh i Sirdalsheiane i nordvest.

Veg til nordenden av Gyvatn.
Veg til nordenden av Gyvatn.
Mot Skeisliin.
Mot Skeisliin.
På Skeiliin med utsyn nordover mot Hakefjellet og Skeisknuten.
På Skeiliin med utsyn nordover mot Hakefjellet og Skeisknuten.
Skeisknuten.
Skeisknuten.
Liten varde oppå stor stein på Skeisknuten.
Liten varde oppå stor stein på Skeisknuten.
Trigpunkt/ jernbolt litt aust for varden.
Trigpunkt/ jernbolt litt aust for varden.
Nordover mot Hakefjellet.
Nordover mot Hakefjellet.
Utsiktspunkt på Søre Hakefjellet. Skeisknuten rett bak.
Utsiktspunkt på Søre Hakefjellet. Skeisknuten rett bak.
Mot Hakefjellet's hovedtopp.
Mot Hakefjellet's hovedtopp.
Like høg topp nordaust for hovedtoppen.
Like høg topp nordaust for hovedtoppen.
Varden på hovedtoppen.
Varden på hovedtoppen.
Raser ned på nordsida.
Raser ned på nordsida.
Tilbakeblikk mot Øvra Hakefjellet.
Tilbakeblikk mot Øvra Hakefjellet.
Hovedtoppen sett frå vestlig fortopp.
Hovedtoppen sett frå vestlig fortopp.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.