Trydalsfjellet og Nonåser (19.07.2019)

Start point Trydal (515m)
Endpoint Trydal (515m)
Characteristic Hike
Duration 7h 15min
Map
Ascents Nonåsen (646m) 19.07.2019
Nonåsen (894m) 19.07.2019
Sandefjellet (814m) 19.07.2019
Trydalsfjellet (1,030m) 19.07.2019

Var først oppom Nonåsen 646 på vestsida av Trydalstjørna, gjekk opp og ned nordsida på stedvis dyretråkk. Hovedmålet denne dagen var Trydalsfjellet, som er ein del lenger tur, men relativt greit tilgjengelig via veg på austsida av Trydalstjørna. Det er to veger oppover som går saman høgare oppe og eg valgte den nordligste vegen. Ved Borkebu gjekk eg ut av vegen og opp den bratte austsida av Trydalsfjellet. Gjekk ned nordover forbi austenden av Bjonesberdalstjønni og opp på Nonåsen 894. Så ned sørvestryggen over Sandefjellet ned til Byklestigen. Særs bratt sva eit stykke i sørsida av Sandefjellet, og vil ikkje anbefale å gå der uten å vere klyvekyndig. Byklestigen er ein gammal ferdselsveg som nå er turistattraksjon.

Frå rv 9 mot Nonåsen 646 der eg gjekk opp/ ned gjennom skogen i venstre side.

På toppen av Nonåsen 646 med Trydalsfjellet bak.

Trydalstjørna. På austsida ses litt av skogsvegane opp til Borkebu. Rv 9 t.h.

God ATV-veg opp mot Borkebu.
God ATV-veg opp mot Borkebu.
Toppen av Trydalsfjellet som ikkje er særlig markert.

Utsiktspunkt på søraustkanten av Trydalsfjellet. Nasefjell ses bak.

Søover Setedalen. Dravleskarven 1390 ses i midten lengst bak.

Trydalstjørna med Nonåsen 646 i venstre del. Nausen 1112 bak t.h.

Trigpunkt 1025 på Trydalsfjellet. Ser nordvestover.

Trigpunktet med jernbolt midt i bildet. Ser mot det litt høgare toppområdet bak t.v.

På veg ned nordsida med litt av kommunesenteret Bykle midt i bildet.

Mot Nonåsen 894.
Mot Nonåsen 894.
På toppen av Nonåsen 894 med trigpunkt litt lågare bak mellom bjørkene.

Trigpunkt med jernbolt på steinen foran. Trydalsfjellet i bakgrunnen.

På veg ned mot Sandefjellet midt i bildet. Nausen 1112 bak t.h.

Vestover.
Vestover.
Meir eller mindre gjengrodd sti mellom Nonåsen og Sandefjellet. Bru over bekken.

På Sandefjellet med Trydalsfjellet bak.
På Sandefjellet med Trydalsfjellet bak.
Sørryggen av Sandefjellet med svært bratt sva øverst.

Nede på Byklestigen med tilbakeblikk opp til Sandefjellet.

Tretrapp i Byklestigen. Litt av Otra t.h.

Moen der Byklestigen begynner i sørenden.

Infoskilt om Byklestigen.
Infoskilt om Byklestigen.
Infoskilt om Byklestigen.
Infoskilt om Byklestigen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.