Kattaborga og Foreknuten (05.07.2019)


Start point Eltarvåg (70m)
Endpoint Eltarvåg (70m)
Characteristic Hike
Duration 7h 30min
Map
Ascents Bjøro (113m) 05.07.2019
Dueberget (100m) 05.07.2019
Espefjellet (101m) 05.07.2019
Foreknuten (168m) 05.07.2019
Holmaknuten (144m) 05.07.2019
Husafjellet (103m) 05.07.2019
Høgebjørg (161m) 05.07.2019
Iglemyrknuten (149m) 05.07.2019
Kattaborga (164m) 05.07.2019
Kattaborga nord (157m) 05.07.2019
Lauvåsen (144m) 05.07.2019
Tidefjellet (92m) 05.07.2019
Øykjafjellet (133m) 05.07.2019

Parkerte i vegkanten mellom Eltarvåg og Vier, litt sør for Nordavatnet. Gjekk opp vestover forbi ei hytte og så gjennom skogen eit kort stykke til dagens første topp Iglemyrknuten. Så vidare sørvestover mot Kattaborga. Kryssa ein nordgåande skogsveg og kom inn på ein sti som viste seg å føre opp til Kattaborga. Her kom det og sti opp både sør- og vestfrå.
Sendte i vår epost til Kartverket ang høyden på denne toppen. Økonomisk (digitalt) kart med 1 m-koter stemmer ikkje overens med vanlig kart. Kartverket vedgår at "Det er tydeligvis noe som ikke stemmer her!" Ifølge punktarkivet skal toppen av den 7,5 cm høye jernbolten være 164,027 m. Jernbolten står etter det eg ser ikkje på absolutt høgaste punkt, men ikkje langt i frå. Var også oppom ein knaus drøyt 200 m NNV for Kattaborga som er tilsynelatande like høg, men som ifølge ØK er 157 m.
Vidare tok eg ein runde nord- og austover til Høgebjørg, Øykjafjellet, Holmaknuten og Foreknuten. Kom inn på ein merka sti i nordsida av Foreknuten som eg fulgte til topps. Postkasse med vardebok her. Fulgte merka sti vidare ned den bratte søraustryggen.
Så fulgte eg asfaltvegen vestover til Lauvås og gjekk ein runde over skogstoppane Husafjellet, Espefjellet, Tidefjellet og Bjørga og til slutt oppom Dueberget. Ikkje særlig utsikt frå desse toppane pga skogen. Flott ver og behagelig temperatur med under 20 grader, men det skya til seint om ettermiddagen.

Frå Iglemyrknuten mot Kattaborga.
Frå Iglemyrknuten mot Kattaborga.
Frå Kattaborga med utsikt mot Vårlivarden i midten lengst bak.
Frå Kattaborga med utsikt mot Vårlivarden i midten lengst bak.
Toppunktet på Kattaborga. Jernbolten ses bak den litle bjørka midt i bildet.
Toppunktet på Kattaborga. Jernbolten ses bak den litle bjørka midt i bildet.
Same punkt sett frå motsatt side.
Same punkt sett frå motsatt side.
Frå knausen rett nord for Kattaborg nordover mot Høgebjøg som skal vere drøyt 2 m lågare enn Kattaborg.
Frå knausen rett nord for Kattaborg nordover mot Høgebjøg som skal vere drøyt 2 m lågare enn Kattaborg.
Utsiktspunkt frå Høgebjørg mot Stavanger i bakgrunnen.
Utsiktspunkt frå Høgebjørg mot Stavanger i bakgrunnen.
Rotatjørna som ligger mellom Høgebjørg og Øykjafjellet. Holmaknuten bak.
Rotatjørna som ligger mellom Høgebjørg og Øykjafjellet. Holmaknuten bak.
Frå Holmaknuten mot Foreknuten og Hammarsfjellet skjult bak. Nordavatnet i midten.
Frå Holmaknuten mot Foreknuten og Hammarsfjellet skjult bak. Nordavatnet i midten.
Tårn på toppen av Fåreknuten.
Tårn på toppen av Fåreknuten.
Sittebenker på Fåreknuten. Utsikten er dessverre sterkt begrensa av skog.
Sittebenker på Fåreknuten. Utsikten er dessverre sterkt begrensa av skog.
På søraustkanten av Fåreknuten med utsikt over Høgsfjorden og Jørpeland i bakgrunnen.
På søraustkanten av Fåreknuten med utsikt over Høgsfjorden og Jørpeland i bakgrunnen.
Utsyn over Breivik og Hammarsfjellet.
Utsyn over Breivik og Hammarsfjellet.
Litt skjult av busker står turskiltet mot Fåreknuten ca 50 m N for vegkrysset på fv 4508.
Litt skjult av busker står turskiltet mot Fåreknuten ca 50 m N for vegkrysset på fv 4508.
Trigpunktet på toppen av Bjørga.
Trigpunktet på toppen av Bjørga.
Frå Dueberget mot Fåreknuten i midten.
Frå Dueberget mot Fåreknuten i midten.
Tilbake på Viervegen om kvelden etter ein lang dag på skogstur.
Tilbake på Viervegen om kvelden etter ein lang dag på skogstur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.