Stutaryggen og Høyversknuten (01.03.2019)


Start point Kleivaland parkeringsplass (252m)
Endpoint Kleivaland parkeringsplass (252m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 15min
Map
Ascents Himraheia (794m) 01.03.2019
Høyversknuten (959m) 01.03.2019
Nordstjerneknuten (863m) 01.03.2019
Sør for Stutadalen (830m) 01.03.2019
Stutaryggen (851m) 01.03.2019

Fulgte T-merka rute mot Trodla-Tysdal. Det er grusveg av litt ymse standard dei første 2 km så eg sykla på. Vidare på tydelig sti opp gjennom skogen til toppen av skaret mellom Kløv og Helgaland. Litt ned på sørsida er det stidele og eg fulgte umerka men god sti austover mot Djupadal. Frå brua over ånå gjekk eg opp den nordvendte fjellsida til det store platået på Himraheia.
Lite snø etter ein uvanlig varm februar, men frost siste døgn så snøen var fast og fin å gå på til fots. Gjekk austover Stutaryggen til toppen på ca 862 m. Kartet har oppført høyde på 856 m på trigpunkt. Sjølve toppen ligger snaut 100 m lenger vest og har 860-kote på kartet. Detaljkart oppgjer namnet Nordstjerneknuten, men har ingen oppgitt høyde. Anslår toppen til å vere minst 6 m høgare enn trigpunktet.
Herfrå er det ca 3,5 km vidare austover til Høyversknuten, men måtte først ned i Tverrdalen og gjekk over ein namnlaus topp på drøyt 820 m og litt småkupert vidare austover. Nådde toppen av Høyversknuten i god tid før solnedgang, men sola gjøymte seg bak skyene ei stund.
Gjekk ned igjen vestryggen og så ned i Stutadalen vidare vestover. Eit trongt parti med ur i dalen vest for Stutatjørna. Så gjennom breiere dal igjen og over det ca 3 km lange islagte Djupadalsvatnet. Då eg kom i land i vestenden var det så mørkt at lommelykta måtte på. Kunne då greit følge stien tilbake ned til Kleivaland.
Det var nøye planlagt å ta denne turen under slike forhold som denne dagen. Det ville vore uaktuelt å gått gjennom Stutadalen/ Djupadalen på barmarksføre og uten islagt vatn. Då ville eg heller ha gått over Stutaryggen på returen. Alternativt så kan Høyversknuten enkelt tas frå Grasdalen turisthytte, men det er dog ein god dagstur kvar veg inn til den hytta.

Sykla frå p-plassen over brua over Kleivalandsåna og vegen vidare t.h.
Sykla frå p-plassen over brua over Kleivalandsåna og vegen vidare t.h.
Stidele ved Kløv. Her gjekk eg rett fram på vestsida av den litla tjørna.
Stidele ved Kløv. Her gjekk eg rett fram på vestsida av den litla tjørna.
Kløv.
Kløv.
Umerka men god sti mot Djupadal.
Umerka men god sti mot Djupadal.
Trebru over over åna ca 1 km vest for Djupadalsvatnet.
Trebru over over åna ca 1 km vest for Djupadalsvatnet.
Djupadalen med det 3 km lange Djupadalsvatnet så eg gjekk over på returen.
Djupadalen med det 3 km lange Djupadalsvatnet så eg gjekk over på returen.
Vestover mot Skorva 872.
Vestover mot Skorva 872.
Himraheia.
Himraheia.
Liten varde på Himraheia. Stutaryggen i bakgrunnen.
Liten varde på Himraheia. Stutaryggen i bakgrunnen.
Frå Stutaheia 853 mot Skardheia 970.
Frå Stutaheia 853 mot Skardheia 970.
Mot Nordstjerneknuten.
Mot Nordstjerneknuten.
Toppen på Nordstjerneknuten med trigpunktet t.h. bak skyggen min.
Toppen på Nordstjerneknuten med trigpunktet t.h. bak skyggen min.
Tilbakeblikk mot Stutaryggen 853 t.v. og Skardheia og Austra Storaheia.
Tilbakeblikk mot Stutaryggen 853 t.v. og Skardheia og Austra Storaheia.
Søraustover mot Oddaheia.
Søraustover mot Oddaheia.
Trigpunkt 856 m med jernbolt t.h. for den litle ispodlen. Fjellsenden 1101 i bakgrunnen.
Trigpunkt 856 m med jernbolt t.h. for den litle ispodlen. Fjellsenden 1101 i bakgrunnen.
Høyversknuten i midten bak. 825-toppen litt t.h. framfor den mørke fjellsida.
Høyversknuten i midten bak. 825-toppen litt t.h. framfor den mørke fjellsida.
Frå 825-toppen mot Høyversknuten. Norddalen nede t.h.
Frå 825-toppen mot Høyversknuten. Norddalen nede t.h.
Varden på Høyversknuten.
Varden på Høyversknuten.
Søraust mot Sandkleivheia i bakgrunnen.
Søraust mot Sandkleivheia i bakgrunnen.
Tilbakeblikk over Stutaryggen under sola. Litt av Tengesdalsvatnet og Øvre Tysdalsvatnet t.v.
Tilbakeblikk over Stutaryggen under sola. Litt av Tengesdalsvatnet og Øvre Tysdalsvatnet t.v.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.