Rysstadåsen og Kisteknausen (28.10.2018)


Start point Kvisletoppen hyttefelt (720m)
Endpoint Kvisletoppen hyttefelt (720m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 00min
Map
Ascents Berghei (811m) 28.10.2018
Fisstøylheii (852m) 28.10.2018
Kisteknausen (1,028m) 28.10.2018
Kvævfjødd (869m) 28.10.2018
Rysstadåsen (913m) 28.10.2018

Ankom Furestøyl-området dagen før for turen til Løefjell og Berefjell. Denne dagen ville eg ta ein lenger tur på sør for Myklevassåni/ Faråni. Det er åpen veg opp til Kvisletoppen hyttefelt som er eit nokså nytt hytteområde med mange fasjonable hytter til salgs. Gjekk forbi Stavtjørn opp til Rysstadåsen. Her var det faktisk god sti oppe på sjølve toppryggen. Blei ikkje klok på kor denne stien kom frå. Det er veg frå Rysstad opp i dalføret sør for Rysstadåsen, så mulig den stien går derfrå hvis den ikkje går frå Kvisletoppen. Det var frosne fotspor i stien og traff også tre stk denne dagen så det virker som ein bra besøkt topp dette sjøl om det ikkje var vardebok.
Gjekk så tilbake igjen vestover over Kvævfjødd og ned den bratte sørsida forbi Stemtjørn og opp til Kisteknausen. Litt meir utanfor allfarveg her. Rester etter trigmerke på både 1028 og 1027. Så gjekk eg ned nordvestover forbi Tjørneheii over Fisstøylheii og Berghei. I dette området er det merka løype med brøytestikker frå både alpinanlegget og hyttefeltet. Det vert nok kjørt opp skiløyper her om vinteren. Dette blei ein flott rundtur under skyfri himmel og frosen bakke.

Stavtjørn med Rysstadåsen i bakgrunnen.
Stavtjørn med Rysstadåsen i bakgrunnen.
Frå Kvævfjødd mot Rysstadåsen.
Frå Kvævfjødd mot Rysstadåsen.
Trigpunkt på toppen av Rysstadåsen. Løefjell bak t.v.
Trigpunkt på toppen av Rysstadåsen. Løefjell bak t.v.
Nordover Setesdalen i bakgrunnen.
Nordover Setesdalen i bakgrunnen.
Nedover Setesdalen.
Nedover Setesdalen.
Sørover mot Kisteknausen
Sørover mot Kisteknausen
På Kisteknausen med 1028 i midten og 1027 t.h.
På Kisteknausen med 1028 i midten og 1027 t.h.
Toppområdet på 1028 mot Setesdalen i bakgrunnen.
Toppområdet på 1028 mot Setesdalen i bakgrunnen.
Rester etter trigpunkt på 1028. Ser nordover med Rysstadåsen rett bak.
Rester etter trigpunkt på 1028. Ser nordover med Rysstadåsen rett bak.
Same punkt med utsikt vestover.
Same punkt med utsikt vestover.
Sørover mot 1027-toppen.
Sørover mot 1027-toppen.
På 1027-toppen med 1028-toppen bak.
På 1027-toppen med 1028-toppen bak.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.