Tovdalsberga og Rindhatten (14.10.2016)


Start point Kleva p-plass (740m)
Endpoint Kleva p-plass (740m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 00min
Map
Ascents Rindhatten (1,335m) 14.10.2016
Tovdalsberga (1,063m) 14.10.2016
Tovdalsberga Sør (1,049m) 14.10.2016

Sykla dei snaut 5 km frå Kleva til Jøldalshytta. Den betjente sesongen er til midten av sept, mens det er sjølbetjent avdeling utanom sesongen. Frå hytta fulgte eg sti drøyt 3 km nordover skilta til Resvatnet. På ca 860 moh forlot eg stien og gjekk oppom Tovdalsberga og vidare vestover over den frosne myra sør for Storrindvatnet og kryssa den grunne Gaskejohke. Så opp Bjørnaråa og nordaustryggen til Rindhatten. Sol frå nær skyfri himmel for 12. dag på rad! Hadde pause til sola gjekk ned og månen kom opp. Då gjekk eg ned i austsida sør for Dukfonna som det ikkje er så mykje igjen av lenger. Frå Storrindvatnet er det 180 hm opp igjen, men det var veldig greit å gå opp Åkerdalen som har sparsom vegetasjon. Det var kvelden før fullmåne og perihel (supermåne) så det vart ein flott kveld på tur tilbake til Jøldalshytta og Kleva.

Sykklelveg frå Kleva til Jøldalshytta.
Sykklelveg frå Kleva til Jøldalshytta.
Vestover mot Trollheimen.
Vestover mot Trollheimen.
Jøldalshytta.
Jøldalshytta.
Sti nordover.
Sti nordover.
Frå Tovdalsbera sør mot hovedtoppen.
Frå Tovdalsbera sør mot hovedtoppen.
På Tovdalsberga 1063.
På Tovdalsberga 1063.
Utsikt vestover med Trollhøtta t.v., Snota i midten bak og Rindhatten t.h.
Utsikt vestover med Trollhøtta t.v., Snota i midten bak og Rindhatten t.h.
Enkel elvekryssing over Gaskejohke. Rindhatten t.v. og Bjørnaråa t.h.
Enkel elvekryssing over Gaskejohke. Rindhatten t.v. og Bjørnaråa t.h.
Varde og bok på Rindhatten.
Varde og bok på Rindhatten.
Sørover mot Trollhøtta.
Sørover mot Trollhøtta.
Nordaustover med litt av Dukfonna i forgrunnen.
Nordaustover med litt av Dukfonna i forgrunnen.
Storrindvatnet t.v. med Tovdalsberga bak og Åkerdalen under månen.
Storrindvatnet t.v. med Tovdalsberga bak og Åkerdalen under månen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.