Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Strandtur

Date:
05.08.2023
Characteristic:
Sport climbing
Map    

Same procedure på Beachen

Date:
24.01.2022
Characteristic:
Sport climbing

Utnytta dritværet saman med Kjartan til å teste om Beachen virkelig er regnsikker! Svaret er ja og nei. Teknisk sett er den regnsikker, men strengt tatt er det så fuktig at forholda i veggen kan beskrivast som lett nervøse. Men det går fint an å klatre altså. Berre ikkje kom med perseforventingar. Eg er ein like dårlig sportsklatrar som tidligare (merkelig at eg ikkje blir bedre - uansett kor lite sport eg trenar?), men det er alltid eit slag i trynet kor dårlig pump eg faktisk har. Eg kom meg opp oppvarminga Whiskeykongen (6+) på andre forsøk, medan både det var ein fordel at ingen bevitna forsøka på Brillefin og Ny tid. Men ei bra treningsøkt var det! Og enormt forbedringspotensialw!

Map    

Sportsklatring på hell

Date:
21.06.2020
Characteristic:
Sport climbing
Map    

Koseklatring i Sperlonga

Date:
05.10.2017
Characteristic:
Sport climbing
Map    

Sportsklatring på Hell: Kaninartikler (7) mm.

Date:
14.05.2017
Characteristic:
Sport climbing

Det er ikkje så ofte vi driv og klippar boltar her i familien. Men skal ein bli seig så må det til. Og tross alt: buldringa kring T-town er ikkje all verden, men sportsklatringa på Hell er jo faktisk ganske bra. Eg og Kona avleverte jr. på hytta til Svigers, og sette snuten mot Hell i fantastisk vårvær. Der gikk vi først nokon moderate saker, før eg prøvde meg på Kaninartikler (7). Sidan eg har klatra så innmari lite sport har eg faktisk ikkje klatra 7 før. Det gikk heller ikkje no. Etter eit par forsøk vart det berre verre og verre. Så overraska Kona med å sende tre firerruter på rappen på led: Edderkoppen, Pompel og Pilt. Ho såg avslappa ut og greier. Medan vi pakka tenkte eg at eg kunne jo gi Kaninartikler eit støt til. Vi hadde tatt ned slyngene, men eg kunne jo øve inn >>>

Map    

Svake prestasjonar på beachen

Date:
24.07.2016
Characteristic:
Sport climbing
Map    

Rumney

Date:
26.09.2015
Characteristic:
Sport climbing
Map    

Rumney

Date:
11.04.2015
Characteristic:
Sport climbing

Temperaturen snik seg oppover i New England, og vi fyllte bilen med folk (Meg, Kona, Dan, Drew) og stakk til Rumney i håp om å finne tørr stein. Phil hadde skada skuldra, men han møtte opp som hangaround. Meldingane sa 15 grader og sol, men litt skuffa køyrde vi inn i overskya, 5 grader og vind. Likevel var det mange bilar på parkeringa og kødanning på dei få rutene som var tørre. Urgh. Etter litt leiting fann vi likevel tørr stein utan alt for mykje trengsel. Sola kom også fram, og etterkvart vart det riktig så koselig. Høgdepunktet på dagen for min del var onsight av klassikaren Romancing the Stone (5.10c). Eg og Dan prøvde også på Whip Tide (5.12b) men alle illusjonar av god form vart knust i dei steinharde fullkroppsavstivingane. Og det var jo også voldsomt kor langt det var mellom slyngene på denne >>>

Map     4 comments