Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Romsdalsraid dag 3: Breitinden

Dato:
05.06.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark

Tredje dagen på romsdalsweekenden ville eg gå ein litt lenger tur, så eg tok sikte på Breitinden. Denne har ein flott profil sett frå Romsdalen, og ein pirrande primærfaktor. Sikkert ein nydelig utsiktstopp med fint overblikk over Mongejura og Trolltindmassivet. Eg byrja frå Trollstigen-senteret i 9-tida, omtrent samtidig med ein annan gjeng som skulle opp same veg. Dei "boota" i forvegen - fint å ha nokon som kan vise vegen, og fint å ikkje vere heilt aleine i fjellet. Eg hadde tatt med liten sekk på ferie, og måtte difor ta skia og skoa på skuldrane. Det vart noko strabasiøst opp bakkane til ca 900 meter, der snøen låg. Esj, det blir ny sekk på meg i morgon! Her kom eg i snakk med gruppa foran meg. Han eine var ein amerikanar frå Vermont som hadde jobba som skiinstruktør >>>

Kart    

Romsdalsraid dag 2: Alnestinden

Dato:
04.06.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:57t
Distanse:
6,2km

Etter gårsdagens heildagsprosjekt på Mongejura skulle eg no ha eit par dagar for å teste ut den berømte vårslushen på Trollstigen. Sidan det allereide var langt på dag (etter kaffi, tindeburger, tindemuseum, handling av kjølebag og andre camping-assesoaries), og grunna at før nevnte heildagsprosjekt framleis sat litt i kroppen, ville eg ha ein kort tur. Men eg ville også høgt til fjells. Og det er jo nett det Trollstien er til for! Valet fall på Alnestinden. Då eg spente på meg skia klokka 16 skrensa det eine gliset etter det andre ned mot vegen. Dette måtte bli bra. Endelig er skisesongen i gong! Eg har ikkje stått så mykje på ski denne sesongen, og i kombi med før nevnte heildagsprosjekt kjendest det tungt oppover bakkane. I bratta i nordaustflanken stod to jenter og spann >>>

Kart    

Trekkfullt på Glitteregga

Dato:
28.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t

Innmari lite finevær i påska gitt. 2. påskedag hadde gode meldingar, og eg og Kroksleiven la mektige planar. Men for kvar dag som gikk vart meldinga dårligare. Til slutt stod vi berre att med eit oppholdsvindu med kuling mellom 8 og 13 mandag formiddag. I slikt vær får ein jobbe på uværslista - Eid pf 100. For å bøte på det dårlige været bevilga vi oss litt skikkelig primærfaktor-porno i dag: Glitteregga. Einaste bil på parkeringsplassen i Randabygda litt før 9 om morgonen. Opplett og vår i lufta, vi trakka oss opp roten påskesnø på vestsida av djupegrova. Kom så opp i hardt og lettgått terreng som vi fulgte radig i retning skaret mellom 1278-punktet og toppen. Eg hadde gleda meg til utsikta frå toppen, men her var det mykje trekk, gitt. Vi småbarnsfedre veit jo at få >>>

Kart    

Orkdal: Våvasslifjellet - sesongstart på ski

Dato:
27.12.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t

Det er endelig snø og kuldegrader i Trøndelagen. Eg leita fram fjellskia frå tre års dvale og drog mot Snillfjord for å teste føret. Sidan eg var litt sein ut av redet i dag vart det ein kortare tur. Parkerte på Sætergarden P-lomme, der termometeret leste -8 grader. Eg satsa på ei blanding av blå swix og tre år gammalt klister, og labba oppover vegen mot steinbrotet. Kom opp ei skulder over steinbrotet der det var like mykje frosa myr som snø. Det funka fint ei stund, til siste bratta. I staden for å gå rundt, tok eg av skia og gjekk opp ei renne til venstre for den tydelige hammaren. På toppen bles det friskt, og det var nydelig og klar vinterluft, kanskje 10-15 minusgrader. På veg ned gjennom skogen vart det rimelig tydelig at eg ikkje er heilt inne i fjellskikøyring. Noko varierande >>>

Kart    

Puddersesongen i gang på Mannfjellet

Dato:
24.11.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Kråkvasstind pudderextravaganza

Dato:
27.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Fløtatind

Dato:
20.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Ruten Hemne

Dato:
05.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:30t
Kart    

Lisje blåfjellet

Dato:
25.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Kart    

Keipen

Dato:
24.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:30t
Kart