Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Hjelmelandsvarden pudderbonanza
- Dato:
- 05.02.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:48t
- Distanse:
- 4,8km
Eg hugsar Vestlandet fullt av regn og vind, og befolka av inneslutta folk hvis fremste høfligheitsgest var å la andre være i fred. Men her må det ha skjedd ein heil del! For her er det jo sol og sju minusgrader kvar dag - og fjella er fulle av tørr og djup laussnø. Til alt overmål har folk her fri kvar fredag til å gå på topptur, og denne fredagen fekk eg ikkje mindre enn tre turinvitasjonar!
Dette var nok ein knalldag i den nye bakgården. Eg vart med naboane Gustav og Maike på tur til Hjelmelandsvarden, ein ettermiddagstur med høgdemeter rett frå parkeringa. I tillegg var Reidun og høgdemeteretaren (og andre halvdel av den legendariske fjellduoen frå Lote) Lise med. Så her var det berre å skru pulsklokka på max om ein skulle henge med.
Det var brøyta spor heilt til topps >>>
Melshornet og Grøthornet
- Dato:
- 03.02.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 6,5km
Nydelig og kaldt vær. I dag hadde eg eit møte i Volda på føremiddagen, og start på mi nye karriere som klatreinstruktør for ungar på Hamna Trening på Eid på ettermiddagen. Og i slikt sinnsjukt fint vær måtte eg jo kome meg ein tur ut. Så grunna litt kort tid fall valet på utfartstoppen Melshornet. Mykje folk og ganske oppkøyrt, men likevel - det er jo heilt sjuuuukt fint! Milde måne, eg har ikkje nok superlativ i ordforrådet for å beskrive denne utsikta og føret. Eg prøvde å ta bilete frå toppen, men telefonen konka sjølvsagt før eg fekk sagt "panorama". Bileta hadde uansett ikkje klart å gjere utsikta rettferd. Med dette føler eg at eg har opna høgrentekonto i Sunnmørsalpane. No er det berre å byrje sparinga!
Ettermiddagspudder på lisjeblåfjellet
- Dato:
- 31.01.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 6,2km
Ja då har det altså skjedd - eg har flytta tilbake til vestlandet. Og ikkje berre det, vi har flytta til min barndoms ferieparadis Stårheim. Ikkje heilt venta for han som ein gong var Ulsteinvik sin hardaste urbanist. Men sånn er livet - sidan den tid har både eg og bygda endra seg. Og når vi det siste året summerte opp grunnane for og imot så såg vi til slutt ingen grunn til å la vere!
Så no er vi altså på plass i slektsgarden på Orheim, Stårheim. Ei tømmerkasse frå 1880-talet, med eit nyare påbygg frå 1920. Midt i ei pågåande kuldebølge så var det ein litt kjølig affære. Men ungane er tøffe - dei har genar frå kalde stader.
Sidan det har vore perfekte skiforhold i marka har det vore litt smertefullt å vere oppteken med barnehagetilvenning den siste veka.
Men no var >>>
Sosetur til Stadsheia og litt 2020-oppsummering
- Dato:
- 01.01.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
På sjølvaste nyttårsdagen måtte eg ut i finværet, og eg tenkte at no måtte eg jammen kome meg på ski. For å unngå kø valde eg Stadsheia, og der var det ingen kø. Derimot var det rimelig frose på opp dei ellers våte myrene, og ikkje altfor mykje snø. Eg konkluderte med at på den dagen det var aller best fotturføre på denne ellers så blaute myrvåtten, så stilte eg med ski på beina. Men slik er det. Så ser eg at 2020 oppsummerast på peakern, og det er morsomt å lese. Så eg slenger inn ei oppsummering sjølv: det vart eit annleis-år også for meg, og den store mengda heimekontor gjorde at eg fekk logga mange turar i bymarka. Men elles vart det ikkje anledning til dei store prosjekta. Turen med Ove og Torleiv til Breheimen i Mai står att som eit høgdepunkt. For dei som >>>
Dronningkrona og Sunndalens høgsong
- Dato:
- 19.06.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 6:00t
- Distanse:
- 16,0km
Etter at heile stabelen av årets søknadar var innsendt, sat eg og lurte på om nokon kom til å sakne meg på heimekontoret denne fredagen. For det var nemlig panserhøgtrykk og uvanlig store snømengder, og eg hadde ein viktig ryddejobb å gjere i Sunndalen. Teiknestiften på superklassikaren Dronningkrona lyste framleis grått og matt mot meg frå liste etter liste. Kor lenge kunne det stå slik?
Det var særdeles varmt gjennom Oppdal, og ned Sunndalen. Sunndalen altså, for ein plass. Eg blir ikkje vand til denne dalen - den er så brutal og så vakker. Det er signaltoppar heile vegen frå Gjøra ned til Øra. Veggar, toppar, fossar, alpinruter, isruter, traversar, sætrer, bjørkeskogar, blomster - no var alt i sin midtsommars prakt. Hetebølga hadde satt alle fossane på max. Hjartet >>>
Kroksleivhøe og førstebestigning av Krossbakkenosi
- Dato:
- 22.05.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 7:00t
- Distanse:
- 26,5km
Andre turdag frå Sottjønnbu med Kroksleiven og Boven. Denne dagen var det ein del vind, så vi klødde oss litt i hovudet om kva som skulle vere dagens mål. Boven sikla på Sveinkollen, som han ville sjekke ut for innlemming i lista "Bovens Kremtopper i Norge". Men han var også svært interessert i Krossbakkenosi, som han venta store ting av. Om vi gikk for siste kunne vi jo også få med Grønntjønnhøi, som Kroksleiven var interessert i. Dessutan var jo dette to toppar det var vanskelig å ta igjen ved ei seinare anledning, om no samlemanien skulle melde seg att.
Etter ein svært fyldig frokost som nesten sende oss tilbake i senga for å kvile litt, sette vi kursen mot dei to sistnemnde toppane. Boven har skildra turen meir i detalj her (inkl GPS-spor).
På Grønntjønnhøi var det svært utfordrande >>>
Holåtindan frå Sottjønnbu
- Dato:
- 21.05.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 8:30t
- Distanse:
- 30,8km
Første turdag med toppsamling frå Sottjønnbu med Boven og Kroksleiven etter at vi gikk opp til hytta dagen før . Det var litt skiftande skydekke men vi var likevel optimistiske - dagen i dag hadde dei gildaste turmåla for min del - Holåtindane. I tillegg var Gjelhøi og Grønntjønnhøi også på menyen.
Turen var bereikna til 3 mil og 1500 høgdemeter - med god margin min lengste skitur. Vi diskuterte om vi skulle ta runden med eller mot klokka, men enda med klokka. Kanskje hadde vi fått ein litt bedre turopplevelse om vi hadde gått andre vegen, og fått finare vær over Holåtindane, men men.
Vi passerte Tundradalsbandet, over 1515-vatnet, opp over skaret sør for Ytre Gjelhøi, over Ytre Gjelåbreen, og opp til Gjelhøi. Føret var av den sugande sorten. Det låg skodde vestover, og denn kom >>>
Toppsamling frå Sottjønnbu med Kroksleiven og Boven
- Dato:
- 20.05.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 6,0km
Desse mai-dagane hadde eg moglegheit til å stikke på tur, og eg ville kome meg i høgfjellet på ski. Litt på måfå sende eg ei melding til Kroksleiven om han var gira, og like etter ringde telefonen: Kroksleiven og Boven hadde hive seg rundt og leigd Sottjønnbu frå onsdag til laurdag. Her skulle det bli mil etter mil og topp etter topp i Breheimen! Ja, lite visste eg at Måfå ligg like ved Breheimen (i Bøverdalen faktisk). Så slik kan det gå - eg takka sjølvsagt ja til invitasjonen på flekken.
Fjellskiekspertane frå Nordfjord har svært lange skiturar fulle av høgdemeter og raude teiknestiftar som spesialitet. Dei bedyra si dårlige form. Berre tull sjølvsagt. Om eg ikkje hadde forstått det før, så vart det rimelig raskt klart der Boven skreva oppover slushen frå Sota Sæter >>>
Storgruvpiken
- Dato:
- 10.05.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 4,9km
Etter Tjønnpiken tok eg turen på Storgruvpiken. Skia på i vegkanten, så 500 hm til topps. I dag var eg innmari heldig med været - dette var einaste staden med sol i heile Trøndelagen såg det ut som.
Tilbake til bilen var det nydelig skiføre, med 10 cm tørr og lett snø på hardt underlag. Mars-vær i midten av mai.