Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Busperreaksla mix

Date:
20.12.2024
Characteristic:
Mixed climbing

I dag fekk eg endelig lurt meg med Erlend til Glopparane sin eigen mixklatrevegg på Busperreaksla. Dette er så nær skotsk miksklatring ein får det utanfor skottland, så dette haddee eg sett fram til! Det er etablert mange linjer i veggen, men det er ein del hemmeligheitskremmeri i dete Glopske klatremiljøet. Rykta seier at topo er på veg. Vi ville klatre nokon litt kortare ruter, og då måtte vi heilt opp på venstresida. Etter ein god brøytejobb stod vi ved veggen etter 2.5 timar. Her var det masse linjer. Vi ville klatre noko nytt og peika oss ut ein fin venstrevendt diederformasjon på sida av ein pillar, med tydelige riss. Erlend tok ledertrøya, og det vart 30 meter med kjempefin og moderat klatring M4. Vi traska tilbake til innsteget, og såg på høgresida av pillaren. Der var >>>

Map     4 comments

Coley smoke

Date:
05.08.2024
Characteristic:
Climbing

Andre dag på aleinebiltur frå Vesterålen til Nordfjord. Denne dagen hadde eg fått napp på klatring hjå ein gammal kollega frå Molekylærbiologisk Institutt i Bergen. Kari hadde byrja å tradklatre på forskingsopphald i Peak District, og no var ho og venninda Ann Karin på Lofoten-raid. Dei ville klatre multipitch, og vi gikk for Coley Smoke (5+, 4tl) på Bare Blåbær-veggen. Eg overnatta i bilen ved Djupfjorden, men unna meg ein frokostbuffet på Trevarefabrikken før oppmøte på parkeringa. Innmarsjen gikk unna, og klatringa såg fin ut! Her var målet å kose seg, og at alle skulle få prøve seg i skarpenden. Ann Karin tok første lengde (4) og den var raskt unnagjort. Så tok eg andre lengde (5), og angra raskt på at eg hadde pakka så stor sekk. Ingen planar om å gå tom for >>>

Map    

Ålfoten utviklercamp 24

Date:
02.06.2024
Characteristic:
Bouldering

Map    

Dalen med stor M

Date:
26.05.2024
Characteristic:
Alpine climbing

Endelig Molladalen! Eg har aldri vore i Molladalen før. Dette til tross for at eg har budd like ved i lengre periodar av livet. Det har sine forklaringar. Ørsta var ein plass vi køyrde forbi. Fjellturar gikk ein der ein hadde gått før, fortrinnsvist der det ikkje var spisst og høge kantar. Molladalen kom dårlig ut av denne likninga der. Når eg først byrja klatre budde eg andre stader, og når eg flytta heim har eg rett og slett hatt hovudet for fullt. Sånn enkelt sakt. Men denne helga skulle mange stjerner legge seg i rekke! Det byrja med det sinnsjukt fine mai-været vi har hatt i år. Så skulle kona på hyttetur med venninner – ikkje ein suksessfaktor isolert sett. Men så vart guttungen invitert på campingtur. Då byrja tannhjula å knirke – kunne eg få lånt vekk minstemor >>>

Map    

Holepiggen bail

Date:
12.03.2024
Characteristic:
Ice climbing

Map    

Isberga Heidal

Date:
12.03.2024
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
5:00h

Eg og Pål Christian vart i haust einige om å ta ein isklatreweekend for å skjerpe greiene litt. Det har vorte mykje rust og lite skarpt stål og skarp psyke dei siste vintrane. Sidan ting i familien må planleggast godt gikk vi for at dette skulle skje i Guldbrandsdalsområdet, sidan det har stabile forhold. Naturlig nok burde dette opplegget gjennomførast i starten av sesongen, så det fekk fungere som ei flying start inn i isklatresesongen. Men den gang ei - det var for mange barneselskap og diverse fandens oldemor. Så då vart det i februar. Men då februar kom, og eg var på veg gjennom stryn sentrum mot strynefjellet køyrde eg forbi eit skilt som sa STENGT. Faktisk stengte både dovre og strynefjellet i fleire dagar denne helga, og det kom så mykje regn på vestlandet at eg måtte >>>

Map    

Skiferis

Date:
18.02.2024
Characteristic:
Ice climbing

Map    

Holvikfossen

Date:
18.01.2024
Characteristic:
Ice climbing

Tur opp Holvikefossen med Torbjørn. Denne fossen har jo klassikarpotensiale så det held! - stor foss som frys overraskande ofte (har vore inne 3 gonger berre i vinter) - parkering rett ved Sandane sentrum (eller gangavstand frå rutebilstasjonen om du er dirtbag) - anmarsj: 15 min sherpatrapp - to taulengder der du kan halde deg på 3-talet stort sett heile vegen, og brattare ting om du vil tøffe deg - lang nok til å svette litt - ca 100 klatremeter - awesome utsikt over Sandane Sentrum on route - siste standplass på turistplattformen på toppen (er du heldig er der også turistar) - retur via sherpatrapp rett tilbake til parkeringa. Yes, altså. Eg har gått å glodd på denne isen heile vinteren, og i dag fekk eg med Torbjørn på tur. Det hadde kome ein god del snø sidan i går, så vi ante >>>

Map    

Videfossen høgre

Date:
17.11.2023
Characteristic:
Ice climbing

Endelig isklatring! Etter ein usedvanlig kald og tørr november var eg over gjennomsnittlig spenna klar til isklatring. Juan hadde ikke prøvd før, og var gira! Turen gikk til Videfossen for å sjå om den kunne by på fin krægging for rustne sjeler. Etter litt nødvendig kontorarbeid (vatn og avløp i Måløy ordnar seg ikkje utan utstrakt telefonverksemd) kom vi oss avgarde opp svingane til Gamle Strynefjellsveg. Forholda låg an til å vere perfekte. 0 grader, ingen snø, tørt og fint, og masse is på veggane ikring oss. Det viste seg å stemme. Videfossen hadde bygd skikkelig solid. Fossen har to større isar: hovedløpet, som fører ein del vatn, og eit sideløp (høgrelinja) - ein bekk som frys fint til. Pluss ein del mindre greier som sig ned i juvet. Vi skulle prøve oss på høgrelinja.

Map    

Strandtur

Date:
05.08.2023
Characteristic:
Sport climbing
Map