Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Eid pf>100: Trollenyken

Dato:
21.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,8km

Team pappaperm herjar vidare gjennom Eidalista. I dag stod ein skikkelig motbakke på plakaten: Trollenyken byr på 3,5 km luftlinje og 850 høgdemeter. Sonen sovna etter eit kvarter, og då var det berre og trakke på for å kome så langt ein kunne før han vakna. Kjekt med denne appen der ein kan følge høgdemeterane. Det gikk radig oppover på god sti, vi passerte Skipenessætra etter omlag timen, og deretter gikk det relativt fort til topps. Eskil vakna rett før toppunktet, så det var godt tima. Halvannan time på 850 hm med 15 kg på ryggen synest eg i grunnen var ganske bra! Verdas rausaste pappaperm er tydeligvis godt nytt for forma! Veldig flott utsikt frå toppen, både innover mot Trollevasstinden og Sunndalsnibba, mot Sandane, over til Skjærdalen og Hyen, og utover mot Ålfoten >>>

Kart    

Heimste blåfjellet med Eskil

Dato:
13.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t

Tur på heimste blåfjellet for å lufte sonen og teste meisen på litt lenger tur. Gikk frå Veienden/Sigrona til Fanstøylen. Veldig søvnig stemning i baksetet så dette gikk som smurt, og eg fortsatte opp austryggen til Heimste Blåfjellet. 20 grader i dalen i dag, så bra svett opp her med 10kg+ på ryggen. God stemning på toppen, og sonen fikk strekke litt på beina. Denne flotte toppen er lite besøkt frå Stårheimssida, men meir frå Kjølsdalen. Merkelig sidan det er ein veldig fin og lett tilgjengelig topp med nydelig utsikt. Nedatt gikk vi meir direkte ned sørflanken og ned i dalen.

Kart    

3 blad Starheim på Sneldelida

Dato:
12.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Halvrund runde i Rondane - eller Rondane halv-2K maraton

Dato:
04.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
12:45t
Distanse:
38,0km

Rondane stream-of-conciousness turrapport (her er det lov å tenke på for eksempel James Joyce) Konfirmasjon konfirmasjon konfirmasjon Det er kjekt med konfirmasjon, men eg hadde jo meldt meg på fjellmaraton den helga! Trent heile våren og sommaren Og no sit eg her med krut i beina til ingen nytte Eg må springe allikavel Bymarka? Runde i Bymarka? Det blir innmari mange snirklar og spesialvegar om det skal bli maraton altså Trollheimen? RONDANE! 2K 2K 2K! Pansermeldingar! Skal eg ta heile runden? 4600 høgdemeter? Nei, eg kan ikkje risikere å havarere oppi der. Eg gjekk meg jo nesten fast i Bymarka av berre krampe. Det blir så langt å køyre også, heilt til Spranget. Bjørnhollia? Rondane såg jo så innmari fine ut frå Folldalen. Ja! Dagens første middag: Steikt ball på Oppdal. Dei kan det på >>>

Løkeberget

Dato:
31.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Fladalen walkabout

Dato:
28.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:12t
Distanse:
19,8km

Dagen i dag mangla ikkje vidløftige planar. Men det mangla heller ikkje skodde. Alle Laurdalskremtoppane stod med hovudet i skyene, så man måtte sjå seg ikring etter lavare mål. Tua hadde ikkje skodde, så det fekk bli treningstur og litt jobbing på Eidalista her i staden. Greit opp til Tua. Nokon hadde gått amok med T-merkinga, og sti og merking var ikkje alltid like enkel å følge. Ein time til topps og halvtime tilbake til bilen. GPS-sporet NED frå Tua føl stien. Opp gjekk eg feil både her og der. Ved bilen var leggar og lår framleis friske. Eg hadde heile dagen til å gå på fjellet, så eg sprang avgårde mot Kvitegga og Hattemakaren. GPS-sporet må på ingen måte følgast, for dette var stort sett gaupeterreng. Eg anbefalar på det varmaste å angripe desse fjella frå ein >>>

Kart    

Famileforsøk på Kjerringklumpen (aka. Myrholet)

Dato:
22.05.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:25t
Distanse:
8,2km

Våren er komen, og den ferske familiefar og toppentusiast har studert kartet i det vide og breide for å finne ein passande tur for og lufte familien. Valet fall på Kjerringklumpen på Fosen, ein topp eg tenkte hadde passelig gåavstand, flott usikt og ikkje minst ein respektabel primærfaktor. Planen var like enkel som den var feilbarlig: stå opp søndag morgen, ete frokost, snøre på seg joggeskoa, hoppe på Fosenferga og ete sveler. Parkere på Revelltun og plassere junior i nøye utvald korrekt ergonomisk utforma bæreseletøy, bagge klumpen i nydelig vårvær (kanskje tilogmed ta med Brattliklumpen på veg ned!), for så og chille med softis på ferga medan eg doserte til kona om kor enkelt det er å ta med ungar på tur om ein berre vil. Det gikk ikkje akkurat slik. Eller, mange av >>>

Orkdal: Omnfjellvarden på skarp skare.

Dato:
23.12.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t

Ny dag i Trondheims nærområde. I dag stod Omnfjellvarden for tur - ein topp med fristande primærfaktor i eit område eg ikkje har vore før. I grålysninga køyrde eg fast bilen i stålskaren på Langlidalen parkeringsplass. Eg håpa at plussgrader ut etter dagen kunne bedre sjangsane for å få den laus, så eg luska avgårde oppetter myrane utan å gjere noko meir med det der og då. Det var skare som for det meste heldt vekta, men som var veldig glatt til tider. Merkinga var god, men på særtrøndersk vis noko usamanhengande. Eg mista raskt stien, og sikta meg inn på ei litt meir direkte linje mot toppen. Nett då eg kom opp på topp-platået stod sola opp i sørvest (som den gjer i Trøndelag, i motsetning til andre stader). Nydelig fargespel og ei fantastisk utsikt, særlig nordover. >>>

Lang trask til Mt. Washington, med overraskelse!

Dato:
10.11.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:30t
Distanse:
22,0km

Boston-oppholdet nærma seg slutten, og etter å ha jobba ræva av meg på lab'en i to år ville eg gi meg fridomen til å avspasere ein dag for å nyte fjellheimen. Eg tenkte over ulike alternativ, og kom på at eg ikkje hadde fullført Presidential Traverse i fjord . Ein tur til Mt. Washington skulle jo vere ein flott tur på tampen av USA-oppholdet. Eg tenkte ei stund på å prøve heile traversen, men det er jo eingong November, med korte dagar og lite folk i fjellet. Dessutan er det ein logistisk floke å få til trasport på kvar side av den 4 mil longe traversen. Heller vart det til at eg gikk frå AMC-hytta på Crawford Notch, og raska med meg ugåtte toppar sør for Mt. Washington. Det vart alpin start frå Boston kl. 6, og i bilen nordover kosa eg meg med kaffi, skjever og røvarhistorier frå K2 dosert lett sjølvhevdande av Ed Viesturs. >>>

Cruz de Juanar

Dato:
04.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
10,0km
Kart