Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Telttur i kulden og blåfjellet

Date:
29.10.2023
Characteristic:
Expedition

Etter å ha sett Monsen kvar kveld i heile haust var Eskil veldig klar for telttur. Denne helga var vi heime aleine og været var fint. Eg hadde skrytt fælt av fisket i Furekleivvatnet, så då vart det turmålet. Kanskje vi kunne ta ein slengar innom sjølvaste Blåfjellet også! Litt sein avgang laurdag ettermiddag frå Navestøylen. Det var kaldt, og vi nådde aldri att sola oppover lia. Denne kvelden var det fullmåne og det skulle endatil vere delvis måneformørkelse utover kvelden. Eskil peisa på opp bakkane, og klaga over lett sekk. Då vi kom opp på høgda møtte vi fullmånen på heilt klar himmel. Då vi såg det islagde vatnet tenkte eg at dette med fisking kanskje var litt bom. Og at det kom til å bli kaldt. Då vi slo opp teltet sank temperaturen. Vi fyrte opp eit lite bål og >>>

Map    

Telttur ved Hessjøen

Date:
13.06.2020
Characteristic:
Other trip

‘Fisketur’ på Grimeskarvatnet

Date:
06.07.2019
Characteristic:
Fishing

Fisketur til Grimeskarvatnet med kjekke folk - store og små. Eg raska kjapt med meg litt diverse fiskeutstyr frå buda, og spadde opp nokon makk mellom tulipanløkane. No skulle junior sjå koirleis ein klarer seg i villmarka. Det vart lite fisking. Forrige eigar av snella hadde reparert den med ein kvist, viste det seg. I dag orka ikkje kvisten meir og snella kasta inn årene. Eller kvistane. Ellers veldig trivelig med kjekke folk som drog opp den eine kræda etter den andre!

Map    

Nedalshytta med familyen

Date:
30.06.2018
Characteristic:
Other trip

Fin helg på Nedalshytta med familyen. Målet var å kose seg mest mogleg i det fine høgfjellsmiljøet, ikkje mase om peakbook-element, og gjere seg litt kjent med omgivnadane rundt hytta. Allerede første dag baud på høgdepunkt då eit redningshelikopter landa på tunet. Mannskapet brukte to timar på å ete ferdig vafla si i finværet, så alle ungane og nokre voksne fekk tatt bilete i helikopteret! Andre dagen vart det tid til ei lita utflukt langs stien mot Sylstasjonen. Vi satsa på kvalitet heller enn kvantitet, og åt nista vår eit par hundre meter frå hytta og prøvde og ikkje bli etne opp av klegg. Mykje å sjå på bortetter her. Både Eskil, og Kona kosa seg. Olina kosa seg også, i den grad søvn er eit uttrykk for kos. Og det er det jo for denne aldersgruppa. Stor stas! Vel tilbake >>>

Map    

Sonen sin første telttur

Date:
05.08.2017
Characteristic:
Expedition
Duration:
15:00h

Eg har lenge snakka om kor eg har gleda meg til å ta Sonen på telttur. Merkelig nok har eg ikkje gripe nokon av dei mange sjangsane som har bydd seg. Då Kona brått, laurdag formiddag, foreslo at vi kunne fare på telttur, så var det kanskje akkurat den ekstra motivasjonen eg trengde for å iverksette dette barn-i-naturen-tiltaket. Etter ein heil haug med pakking og sosing kom vi oss i bilen i 5-tida og køyrde til Kobberdammen. Alle dei finaste teltplassane var fulle av meir eller mindre (mest meir) lydfulle campingturistar, så det vart ei lita runde rundt vatnet før vi slo oss til i kveldssola på austsida. Her vart det full rulle med blåbær, bading, konglar etc etc etc. Klokka var godt over leggetid då Sonen vart forsøkt lagt i søvn i teltet. Søvn kunne vi imidlertid berre drite >>>

Map     2 comments

Romsdalssamlinga 2017

Date:
25.05.2017
Characteristic:
Other trip
Distance:
7.0km

Det er vår, langhelg, og på tide med det som nesten har blitt ein tradisjon, nemlig Romsdalssamling! Vi ymtar frampå om at Åndalsnes er Noregs Chamonix - Åndalsnix altså. Hehe. Eg har masa om pilegrimsferden heile vinteren, men det var ikkje før våre venners venner som vi var på Gjevilvasshytta med i vinterferien tok affære at det vart kjøt på dei luftige tankane. Vi var fire familiar med stort og smått som booka oss inn på Mjelva camping. Kona skulle jobbe Fredagen, så Eskil bestilte togbilettar nedover torsdags morgen. Torsdag Svært lavt skydekke over Åndalsnix. Ein noko utfordrande start. Fredag Dritværet fortsette, og det var tendensar til brakkesjuke i campinghytta. Pow-wow mellom dei voksne. Intens studering av Yr, er det eit solgløtt på ettermiddagen? Kanskje, spørs korleis >>>

Map