Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Telttur i kulden og blåfjellet

Date:
29.10.2023
Characteristic:
Expedition

Etter å ha sett Monsen kvar kveld i heile haust var Eskil veldig klar for telttur. Denne helga var vi heime aleine og været var fint. Eg hadde skrytt fælt av fisket i Furekleivvatnet, så då vart det turmålet. Kanskje vi kunne ta ein slengar innom sjølvaste Blåfjellet også! Litt sein avgang laurdag ettermiddag frå Navestøylen. Det var kaldt, og vi nådde aldri att sola oppover lia. Denne kvelden var det fullmåne og det skulle endatil vere delvis måneformørkelse utover kvelden. Eskil peisa på opp bakkane, og klaga over lett sekk. Då vi kom opp på høgda møtte vi fullmånen på heilt klar himmel. Då vi såg det islagde vatnet tenkte eg at dette med fisking kanskje var litt bom. Og at det kom til å bli kaldt. Då vi slo opp teltet sank temperaturen. Vi fyrte opp eit lite bål og >>>

Map    

Sonen sin første telttur

Date:
05.08.2017
Characteristic:
Expedition
Duration:
15:00h

Eg har lenge snakka om kor eg har gleda meg til å ta Sonen på telttur. Merkelig nok har eg ikkje gripe nokon av dei mange sjangsane som har bydd seg. Då Kona brått, laurdag formiddag, foreslo at vi kunne fare på telttur, så var det kanskje akkurat den ekstra motivasjonen eg trengde for å iverksette dette barn-i-naturen-tiltaket. Etter ein heil haug med pakking og sosing kom vi oss i bilen i 5-tida og køyrde til Kobberdammen. Alle dei finaste teltplassane var fulle av meir eller mindre (mest meir) lydfulle campingturistar, så det vart ei lita runde rundt vatnet før vi slo oss til i kveldssola på austsida. Her vart det full rulle med blåbær, bading, konglar etc etc etc. Klokka var godt over leggetid då Sonen vart forsøkt lagt i søvn i teltet. Søvn kunne vi imidlertid berre drite >>>

Map     2 comments