Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (166)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Uttesting av høgdeeigenskaper på Arapaho Peaks
- Datum:
- 10.07.2014
- Tourcharakter:
- Hochtour
- Tourlänge:
- 9:00h
I New England er det som kjent ikkje fjell. Men i Colorado er det visst nok fjell, så årets sommarferie er to veker i klatre og fjell-mækkaet Boulder.
Første dag i Boulder ville vi teste trad-eigenskapane. Kona var keen på meir leding, så etter konsultering med ein lokal trad-nisse byrja vi opp ei enkel tolengders rute på Castle Rock. Kona leda djervt opp ei kort førstelengde, før eg kjekt hadde sett meg ut eit frekt utspring lenger oppe. Men utspringet var altfor frekt, og eg havna fullstendig av ruta, runout med ein fotballstor laus stein i fanget. Eg fekk satt ei sikring, pendla meg over til trygg grunn, og tatt opp kona. Men vi hadde ikkje kome halvvegs opp denne enkle nybyrjar-ruta, og her på standplassen (som forøvrig var meget pen, dagens høgdepunkt) byrja det å samle seg tordenbyger. >>>
Trad-o-rama i The Gunks
- Datum:
- 20.06.2014
- Tourcharakter:
- Klettern
Gunks er jo innmari artig. Denne helga fikk vi besøk av Tore og Signe, og snakka dei inn i klatring på denne trad-fornøyelsesparken. Tre dagar med stas og kos i veggen!
Sist vi var her så var eg ny for trad-kunsten, så då holdt vi oss på 5.2-3 talet. Denne gongen susa vi opp den eine 5.7en etter den andre.
Det er framleis meir å gå på, for alt gikk på første forsøk, men det første ledfallet er framleis noko eg ser fram til med noko uro.
Denne helga holdt vi oss innafor, og alle fire var i den skarpe enden av tauet ila. helga. Signe kjøpte seg endatil sitt eige trad-rack og har tenkt å herje dei sørlandske hammarane i åra framover.
Tick liste:
Horseman 5.5
Rhododendron 5.6
Nice crack climb 5.7
Katzenjammer 5.7
Laurel 5.7
Handy Andy 5.7R
Ken's Crack 5.7+
Mount Moosilauke
- Datum:
- 15.06.2014
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:30h
- Entfernung:
- 12,0km
Rumney
- Datum:
- 01.06.2014
Herrrrlig dag i Rumney, perfekt temp, ikkje altfor mykje mygg, men diverre ingen foerar. Varma opp pa ZigZag Crack som kanskje er den finaste V1 i USA, eller i verden, eller i universet¿¿¿¿¿?????? og gikk sa fleire lette og moderate pene bulder. Utebuldreforma er ikkje heilt tippetitopp, men det kjem. Meget pen buldring med norsk stil.
Sa rota vi oss vekk i klatreklippene, og utan guidebok vart problema noko harde (til frustrasjon for Kona, som ville sende. Sjolv var eg ganske nogd nar forste ruta eg provde pa var 5.10a.
Etterpa vart det meget god mat og ol pa kafeen som ligg midt i krysset i Rumney (krysset der ein svingar av Buffalo Road), berre sa det er sagt.
Ticks buldring:
Zig Zag Crack V1 onsight
Left train track V1 onsight
Cilley Flakes V1 onsight
Rikochet V3 4-5 forsok
Firestarter V3 >>>
Franconia Ridge og Mt. Lafayette
- Datum:
- 03.05.2014
I dag kom eg meg så vidt over tregrensa, for første gong hittil i amerikaoppholdet mitt. Valet fall på den populære turen til New Hampshire sitt 6. høgste fjell Mt. Lafayette via delar av Franconia Ridge. Enkelte kallar denne ryggen spektakulær. Andre har problemer med å kalle noko som heldst i Appalachiane spektakulært.
Vi gikk frå trailhead parking ved 93'en opp god sti gjennom skogen. Vi valde Falling Water Trail, som går til fortoppen Little Haystack Mountain, som igjen gir ein kilometer eller to med rusling på ryggen før ein kjem til sjølve Mt. Lafayette.
Stien var full av hardpakka snø, så det er tydelig at dette er ein populær tur også om vinteren. Vi tok stort sett igjen folk i bakkane. Amerikanske fjellgåarar kan laust delast opp i dei svært velutstyrte (walking sticks, >>>
School of trad i The Gunks
- Datum:
- 19.04.2014
- Tourcharakter:
- Klettern
Finvær, langhelg, nytt trad-rack = The Gunks!
Køyrde frå Boston til New Paltz laurdag. Fin liten universitetsby, "alternativ" for den som likar slikt (og det gjer jo ein!), besøkte den meget velutstyrte butikken Rock&Snow, og så drog vi rett til klippene The Traps på Shawangunks 10 min utanfor byen.
Deilig temperatur, avslappa stemning, mykje folk, flotte ruter. Vi er relativt nye i trad-kunsten, så vi holdt marginane gode (5.2/3), men det var for det meste gode sikringar, og også enkle ruter baud på veldig artig klatring.
Siste dagen slo vi til med litt buldring, men etter å ha karra meg opp ein V2 med nød og neppe konkluderte eg med at kroppen hadde fått nok av klatring.
Men NESTE gong ... !