Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (166)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Skaun: Våttån - Eskil sin første pf100
- Dato:
- 14.04.2016
- Turtype:
- Spasertur
- Turlengde:
- 1:00t
Eskil hadde no passert den modne alder av 3,5 månedar. Som far og omsorgsperson var eg skamfull over at han enda ikkje hadde besøkt eit pf>100-punkt. Eg leita litt i Trondheim sitt nærområde, og fann Våttån som visst nok både hadde pf>100 og flott utsikt.
Eskil vart tanka opp, og vi hoppa i bilen. Vi fann raskt vegen, som var svært godt merka, og junior vart plassert i bæreselen. Han sovna heldigvis rimelig kjapt, og eg rusla opp traktorveg og sti ein halvtimes tid til toppen.
Der skreiv vi oss inn i boka, Junior glippa litt med augene, men verka ellers upåverka av utsikta over Trondheimsfjorden. Du må spa opp ein bedre tind enn dette om eg skal bli imponert, Pappa (zzzzz). Eg var frista til å seie meg einig. Pf>100-samling i Trøndelagen virkar som eit mindre interessant >>>
Buldrehelg på Harbak
- Dato:
- 09.04.2016
- Turtype:
- Buldring
Våren er i emning, og med den kjem trekkfuglane til Trøndelagskysten for å nyte fineværet. Så også Arve, og vi slo til med eit forsøk på utendørs familie-buldre-helg på Harbak.
Bilen vart pakka full av pads, barnestæsj og klatreutstyr. Den ferske småbarnsfaren leid moglegeins av ein smule overkompenseringssyndrom i forventningane om kva desse to dagane skulle bringe.
Etter å ha bunkra øl og sportstape i Åfjord sjekka vi inn på Edmundgården. Ypperlig overnatting med rimelig pris og hyggelig vertskap 10 min gange frå buldringa.
Så bar vi paddar, gut og heile spetakkelet opp i hula, der magien skulle iverksetjast. Harbak er hardt, og Harbak-sjokket slår deg alltid når ein ventar det som minst. Eg prøvde litt på Små muser (Harbak 6c=7a) som eg har gått før, men fikk ikkje >>>
Trekkfullt på Glitteregga
- Dato:
- 28.03.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 3:00t
Innmari lite finevær i påska gitt. 2. påskedag hadde gode meldingar, og eg og Kroksleiven la mektige planar. Men for kvar dag som gikk vart meldinga dårligare. Til slutt stod vi berre att med eit oppholdsvindu med kuling mellom 8 og 13 mandag formiddag. I slikt vær får ein jobbe på uværslista - Eid pf 100. For å bøte på det dårlige været bevilga vi oss litt skikkelig primærfaktor-porno i dag: Glitteregga.
Einaste bil på parkeringsplassen i Randabygda litt før 9 om morgonen. Opplett og vår i lufta, vi trakka oss opp roten påskesnø på vestsida av djupegrova. Kom så opp i hardt og lettgått terreng som vi fulgte radig i retning skaret mellom 1278-punktet og toppen.
Eg hadde gleda meg til utsikta frå toppen, men her var det mykje trekk, gitt. Vi småbarnsfedre veit jo at få >>>
På slep opp Tilleråsen
- Dato:
- 05.03.2016
- Turtype:
- Isklatring
Tur til Tilleråsen med Mats. Han tok stort sett ledertrøya i dag, og jogga først opp "Den andre i midten". Nydelig rute med masse spennande klatring. Diverre har all snøen gitt varierande iskvalitet. Start opp hjørnet på snø og is, opp formasjonar til høgre, spennande men med gode moglegheiter for stemming etc. Så ut på den fritthengande søyla frå god hylle. Delikat og supereksponert opp søyla (ingen skruar her!), så på roten is og snø inn i diederet over søyla (god sikring i busk). Litt vertikal snømåking før overraskande bratt sisteopptak til toppen. WI5 i dag (og pga søyla vil eg gjette at denne stort sett er WI5 då desse linjene sjeldan er veldig feite), 50m.
Plassering for sikrar i botnen av ruta er utsatt, og ein bør vurdere å klatre opp under overhenget >>>
Tilleråsen isklatring
- Dato:
- 21.02.2016
- Turtype:
- Isklatring
Eg har lenge vore gira på å sjekke ut isklatringa på Tilleråsen. Eg fekk med meg Pål Christian, som hadde skapet bre-fullt av ubrukt breutstyr.
Mykje frysing og tining i det siste skulle berge for gode forhold, og det såg slettes ikkje verst ut! Tillerpillaren var ikkje i nærleiken av å botne, men for den som ønsker kan ein snike seg opp is på høgresida. Mix-starten såg også underholdande ut.
Etter kjapp gjennomgang av grunnkurs isklatring gjekk vi laus på "Den til høgre"/"Right icefall"/? (WI3+). Eg merka kjapt at eg har leda lite denne sesongen, for eg skalv meg opp issvaet. Noko stressa sette eg halvvegs hengande standplass under cruxet.
Pål Christian fulgte etter i god stil, og byrja allereide å spørje om kva sånn kult isklatreutstyr kosta.
Bratta såg >>>
Tøftfossen
- Dato:
- 31.01.2016
- Turtype:
- Alpin klatring
- Turlengde:
- 6:00t
Det er vanskelig å konsentrere seg om søknadskriving på jobb når tankane ligg att i eit bratt juv i Drivdalen. Skitt la gå - eg må nytte min akademiske fridom til noko. Eg skriv turrapport.
Med fersk familieauke har det ikkje vorte så mykje isklatring denne sesongen, men denne søndagen fikk eg og Andreas troppa saman ein liten ekspedisjon til Drivdalen superklassikar Tøftfossen (150m, Wi4).
Det vart alpin start frå Trondheim klokka 6. Til vår forskrekkelse oppdaga vi at bensinstasjonane langs E6'en ikkje hadde opna (=ingen kaffi). Ein kan lengte tilbake til New Hampshire av mindre.
Men dette gjorde at vi var nokolunde raskt på plass ved Drivstua (etter den obligatoriske svippturen oppom Dovre etter å ha køyrt forbi målet). Termometeret viste -6, og det vart varmt opp gjennom småskogen. >>>