Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (169)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (46)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Oppdalshelg
- Date:
- 26.01.2026
- Characteristic:
- Ice climbing
Helg på Oppdal for å klatre litt is med Pål Christian og Aslak. Den stabile kulden over sørnorge gjorde at eg aldri har køyrt forbi så mykje is for å klatre is før.
Eg seier det som det er: isklatring har aldri blitt heilt det samme for meg. Etter å ha hatt veldig oppdrift på dette for ein ti års tid sidan har eg ikkje heilt klart å finne samme gleden. Meir usikker og meir nervøs. Så dette er jo også eit forsøk på å finne tilbake til det som var noko av den artigaste klatringa eg visste om - ta det litt ned og gå litt moderate morsome ting. Tidlig i januar hadde eg tre turar på is, og det var kjekt. Så no var forhåpningane der!
På Oppdal var det dritkaldt. -23 over dovre fredag kveld, og -18 i drivdalen laurdag morgon. Aslak skulle ein tur på ski. Eg og PC stakk til TV-fossane. >>>
Holvikfossen med Aslak
- Date:
- 14.01.2026
- Characteristic:
- Ice climbing
Klara å skvise inn enda ein tur opp Holvikefossen før tøværet tok for hardt. Denne gongen var Aslak med. Litt varmare i trøya denne gongen, tok høgresida som er litt brattare. Med litt oppsøkande klatring vart dette WI4. Smøris og flotte saker om enn til tider litt bløtt. Morsom klatring - deilig å kjenne at ein slappar av i bratta igjen. Kanskje finaste tur opp fossen for meg dette. Tre taulengder, 3.5timar bil til bil. Slettes ikkje dårlig.
Holvikfossen med Jesper
- Date:
- 07.01.2026
- Characteristic:
- Ice climbing
Endelig vinterkulde og isklatreforhold! Berre å kome seg på Holvikfossen - Nordfjord sitt eige halvdags iseventyr! Jesper var med på ein onsdags morgen. Superdupert!
Bra kaldt på parkeringa og innsteget. Fossen var fullt forma og utan snø. Eg starta og tok det litt rolig (fossen er stor og kan gåast med litt ulik vanskegrad). Tok den i tre lengder i dag så det vart litt kortare å vente på standplass i kulden. Drog første lengdee. litt mot venstre og sette stand etter 30 m, ca WI3 og smøris. Jesper kom etter og gikk det litt slakare mellompartiet, med litt oppsøkande klatring. Så var spørsmålet om eg skulle prøve meg på den bratte venstrevarianten eller den slakkare høgrevarianten. For bratt for tynt for svak - det var høgrevarianten. Og den var ikkje så slakk som den brukar >>>