Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Isklatring på Grodås

Date:
12.12.2022
Characteristic:
Ice climbing

Tur ut på isen i kulden. Fekk med Marius som ikkje hadde prøvd isklatring før, og gikk for fossen i lia ovanfor Grodås sentrum. Denne hadde eg sett på på veg til Gullkoppen tidligare. Trudde det var den ein såg frå E39, men det viste seg å vere feil. Er altså to fossar i Kikhornselva - og dette var den øverste. Fossen var feit og fin, og gav 10-12 meter med max WI3. Behagelig start på sesongen der altså - hadde kanskje vore kjekt med litt meir utfordring. Men vi fikk ei effektiv økt med litt lapsing før Marius skulle på kveldsvakt. Ein fin lett foss som passar bra for topptauing og enkel leding. Lett tilgjengelig frå brua rett før Kirkhornssætra, ca 20 min gange frå parkeringa.

Map    

Mørkets hemmeligheter

Date:
04.12.2022
Characteristic:
Walk

Lundavarden stimerking

Date:
02.12.2022

Map    

Kråkhornet

Date:
13.11.2022
Characteristic:
Hillwalk

Trivelig familieluftetur til Kråkhornet med Lise og Vinjar. Dette er jo en topp eg har hatt litt vanskelig for å motoivere meg til, så at vi fikk tatt den på denne måten var jo perfekt. Eskil og Vinjar sprang så mykje hit og dit at dei sikkert tilbakela dobbelt høgd og avstand. Olina gikk jamnt og kom seg både opp og ned i god stil. Litt trekk på toppen, men sveler, kakao og andre godsaker vart delt raust ut. Takk for turen!

Map    

Kendric

Date:
26.10.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
14.7km

Beinstrekk til Kendric Peak.

Map    

Humphreys

Date:
24.10.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
19.0km

Når ein er i Flagstaff må ein sjølvsagt på Humphreys for litt tynn luft, utsikt og primærfaktor! Det var snø og vind i høgda på morgonen, men eg la avgårde allikavel. Kilometera kom raskt på den svingete stien, men etter kvart byrja den tynne lufta å gjere seg gjeldande. I skaret tok eg på litt meir klede før eg byrja turen bort mot toppen. Ein god del vind bortover her, men på toppen løya det litt. Fantastisk utsikt over flatlandet herifrå. Riktig så flott! Tilbake i skaret var eg ikkje klar for å dukke ned i skogen att, så eg la turen bortom Agassiz også. Her er det landskapsvernområde om sommaren, men no var det hverken skilt eller sperringar å sjå, så det var berre å traske opp. Deretter retur.

Map     6 comments

Flagstaff og indian creek

Date:
23.10.2022
Characteristic:
Climbing

To-vekers pappaferie (!!!!) til Arizona og Utah for å besøke Andreas og Solveig som har flytta til Flagstaff halvanna år. Planen var å sjå om dei oppførte seg i land of the free eller om dei hadde blitt til republikanske kåbbåiar, og dessutan klatreklatreklatre - med trad-mekkaet Indian Creek som hovudattraksjon. Blir difor litt klatrenerding i denne rapporten. Dei som ikkje gidd å lese slik henvisast til rapportane frå dei to turane med oppoverbakke som eg fekk logga under oppholdet. Bra primærfaktor, tynn luft og greier - bør altså vere interessant for dei fleste. Her og her . Men altså... Eg landa i Phoenix seint laurdag kveld, og var i Flagstaff tidlig søndag morgon. Vakna litt ut på føremiddagen og helste på vertskapet. Deretter tok vi oss ein tur på det lokale buldrefeltet Priest >>>

Map     2 comments

Lundavarden

Date:
14.10.2022
Characteristic:
Jogging

Map    

Brørne

Date:
09.10.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
15.3km

Map    

Premieutdeling og lisje blåfjellet

Date:
02.10.2022

I dag var det duka for fjelldag og premieutdeling for fjelltrimgruppa til Stårheim IL på Fannstøylen. Bra oppmøte av store og små. God stemning oppover, med natursti frå 4H. På støylen var det bålpanne, pølser, snop og alt som høyrer fjellet til! Etterpå fekk vi med oss ein gjeng unge fjellfolk til Lisje Blåfjellet, der vi skulle merke litt. Dei bygde vardar til den store gullmedalja, så skal ein gå seg vill her må ein gjere ein solid innsats. Ny topp for Eskil, som var i storform i dag. Deretter heim i regnværet. God stemning heile vegen, der vi mellom anna fann ein frosk.

Map