Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Til Nirvana og tilbake

Date:
14.03.2018
Characteristic:
Ice climbing

I følge hinduistisk religion det ultimate målet og nå nirvana. Det var også målet vårt i dag. Nirvana er ei relativt lang linje i Snillfjord, 4 solide taulengder med vedvarande firerklatring. Den er berre inne kvart jubelår, og med Søviknes bak spakane i Olje-og-Energidepartementet kan det bli lenge til neste gong. Den har vore inne i heile vinter, men grunna etc etc etc så har vi ikkje kome oss avgårde for å teste den. Heilt på tampen av sesongen rydda eg og Arve ein dag midt i veka. Sola har byrja å ta i trøndelagen, men isen har jo vore tjukk denne vinteren. Vi tok med ski som plan B. Det mest moralske ein hinduist kan gjere er likevel ikkje å gå i Nirvana. Det er å sjå inn i Nirvana for så å vende til almuen for å spre deg glade bodskap. Dette var veldig viktig for oss >>>

Map     2 comments

Elgsethytta via gaupeterreng på Klefstadmyra

Date:
10.03.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:00h
Distance:
10.0km
Map    

Bail på Tilleråsen

Date:
08.03.2018
Characteristic:
Ice climbing

Med denne fine isvinteren er det jo ei skam om ein ikkje får prøve seg på nokon av dei finaste islinjene i Trondheim, nemlig Tilleråsen. Men det har vore omtrent umogleg å oppdrive tid og folk, så i dag beslutta eg og Pål Christian og ta ei kveldsøkt. Eg var innstilt på kos i dag - prøve på den meir moderate linja "Den til høyre" (WI3+/4), men her var det berre 3-4 cm is på svaet. Så då vart det å gå over på "Den til venstre" (WI4). Denne var tynnare enn då vi var her for 2 år sidan, og difor også brattare. Men rikelig med is. Eg byrja opp det bratte start-partiet, og merka kjapt at dette ikkje var kremforhold. Isen var stålhard og sprø, og det tok 5-6 øksesving for å få gode plasseringar, alt med heftig utsprenging av is. Etter 10 meter merka eg at >>>

Map    

Ilfjellet walkabout

Date:
04.03.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
20.0km
Map    

Mikroeventyr på Øysand - ny linje?

Date:
22.02.2018
Characteristic:
Ice climbing

Isklatresesongen er ikkje over sjølv om snøen legg seg og sola stig. Kveldens mikroeventyr var ei fin lita linje som eg topptaua eit par gonger i fjord. I kveld var eg og Pål Christian ute for å lede saken. Først lett opp i eit hjørne til høgre for istappen, eit par kammar inn under overhenget, før ein lena seg ut med ei øks i risset i hjørnet. Få øksa opp over kanten, og svinge seg ut på isen. Artig! Herifrå var det i år overraskande bratt is til topps. Tok meg god tid og skrudde tett. Anker i godt tre rett over kanten. Deretter tok vi eit par runder på topptauet, og medan vi holdt på med dette kom det ein politibil sigande. Den stoppa, og ut kom onkel politi. Eg kunne ikkje tenke meg at vi gjorde noko gale her, men man kan jo alltids bli litt stressa av å bli sjekka av politiet. >>>

Map    

Sjokomelksethytta

Date:
18.02.2018
Characteristic:
Ski trip
Map    

Strukafossen

Date:
04.02.2018

I denne tidenes isvinter har mitt enorme alpinpotensiale vorte distrahert av gravid kone og ein meget aktiv toåring. Når til alt overmål svigers stakk tre veker til kanarie-øyene midt i januar var det klart at eg ikkje kom til å utmerke meg med store nyturar i Sunndalen i år heller. Men i samme sekund som svigerfar landa på Værnes sende eg ut melding til min likeså heimekjære omgangskrets av klatrande småbarnsforeldre om at no måtte det støtast! Til alt overmål fekk eg ein heil gjeng på kroken. Etter ein god runde med klager på feber, kulde, låke kne og diverse kroppslige forfall landa vi på Struka - ein foss på Langstein som etter sigende skulle vere stor og fin og i kjekk form. Det var subalpin start frå trondheim ein gong mellom 8 og 9, med Arve, Mats og Pål-Christian >>>

Map     4 comments

Sjokomelkbonanza på Elgsethytta

Date:
21.01.2018
Characteristic:
Ski trip
Distance:
8.0km

Map    

Topp tauing på øysand

Date:
16.01.2018
Characteristic:
Ice climbing

Tur på crag'et med eit nytt bekjentskap - Jean-Marie, som hadde klatra både her og der i den store verden, men som no trente seg tilbake i form etter ei paraglider-ulukke. 2 plussgrader og smørisbonanza i veiskjæringa i dag, eg leda opp ein grei 4(+?)-variant. Deretter topptauing, både på gardina og Bomber, som i dag hadde gammal og steinhard is. God treningsøkt!

Map    

Hakking på Theisendammen

Date:
09.01.2018
Characteristic:
Ice climbing
Map