Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Karlskaregga
- Date:
- 01.04.2021
- Distance:
- 3.0km
I dag skulle eg og Kroksleven ha oss ein påsketurdag. Meldingane var gode men realitetane var langt meir blanda. Eg hadde lyst på ski, og Kroksleiven ville sanke småtoppar i havgapet, så her måtte det eit kompromiss til: vassing i snø sånn midt i mellom. Gjerne med skodde. Vi køyrde til Ålfoten for å sjå kva den hadde å by oss.
Etter litt speiding byrja vi med Karlskaregga. Overraskande fin tur til ein litt anonym topp. Etter litt busking gjennom lysløypa kunne vi følge ein fine sva heile vegen til topps, omtrent utan vegetasjon. Toppen var ein artig liten knatt i seg sjølv.
Herifrå såg vi austover til Dalsetfjellet - det såg litt hårete ut i all skodda. Nibbi kunne derimot kanskje vere aktuell, men då måtte vi tilbake til bilen først.
Nibba
- Date:
- 01.04.2021
- Distance:
- 10.3km
Etter å ha avlagt Karlskaregga eit besøk la vi i veg mot Nibba. For å kome til foten må ein navigere seg forbi nokon vatn, og dette vart litt offroad i buskas og myr. Skodda sende oss nesten tilbake mot bilvegen, men heldigvis var vi utstyrt med det nyaste av orienteringsteknologi, som vi etter kvart klara å finne ut av.
Då vi kom til foten av fjellet møtte vi neste mysterium: kvar var vegen opp??? Her var det berre ei jæævlig diger steinrøys, omkransa av bratte sva. Vi fann ingen merke som kunne gi oss nokon hint, men vi såg at det gikk eit drag frå aust mot vest oppover i høgrekant av ura, så vi prøvde det.
Vi gjekk ned på høgresida mot vatnet, og fulgte dette draget oppover til vi byrja å nærme oss nokre overheng. Her møtte vi neste mysterium - vegen vidare var ikkje openbar. >>>
Nedstefeltet trad
- Date:
- 19.03.2021
- Characteristic:
- Climbing
Eg og Kjartan tok ein tur til Nedstefeltet i Austefjorden for å teste tradforholda.
Dette er eit lite og fint kileklatrefelt - eit 40m høgt sva med lekre riss. Enkelttaulengdersruter på ca 40 m (altså fint å klatre med to tau så ein kan rappellere frå toppankeret). Mest på 6-talet.
Det er lenge sidan eg har lufta racket, så eg var gira på å bli litt varm i trøya igjen. Eg starta opp noko som skulle byrje som 5+ og gå over i eit veldig fint 6- riss. Syntest dette var stramt for grada, og svetta litt på svacruxet. Men med litt tilrop kom eg opp, måtte til og med jamme litt. Kjartan spaserte opp. Det viste seg at dette var ruta 78 (5+) med avslutning i Grønerisset (6-).
Deretter hoppa vi på Ny von (6). Denne kjendest sikker og fin heile vegen. Positive tak, og ein kunne sikre over >>>
Lianibba og kalvedalsegga
- Date:
- 16.03.2021
- Distance:
- 14.5km
I dag var det meldt ein litt ensom finværsdag, så den måtte utnyttast. Med dei fine meldingane ville eg litt opp i høgda, og etter litt tenking på snøforhold og diverse gikk eg for Lianibba.
Eg tok på skia omtrent rett frå parkeringa, tilstrekkelig med såle og 5 cm tørr nysnø. Men det var likevel litt magert opp gjennom skogen mot Tronstadsætra. Herifrå var det fint føre, og det gikk jamnt opp mot Lianibba.
Været slo ikkje heilt til, og skodda kom og gikk rundt toppane. Til dels ganske tjukke greier. Men eg gikk stort sett klar, sjølv om utsikta ikkje var den beste. Eg såg likevel nok til å la meg imponere over andre her på peakern, som tar mengder av desse bratte toppane aleine på ski i eit jafs, medan dei luftar hunden.
Vel vel, ryggen bort til Kalvedalsegga var av den trygge >>>
Skoddeøkt på Hanekammen og Skolma
- Date:
- 03.03.2021
- Duration:
- 2:55h
- Distance:
- 12.9km
Turdag etter forkjøling og diverse slit og strev. Det har vore tungt å stå på tunet og sjå all den flotte skodda fare forbi, men i dag fekk eg tatt det att i fullt monn.
Køyrde til Almenning for å sjå på eit klatrefelt, og deretter litt speiding på toppane for å tenke ut kva som kunne vere minst krevjande i dag. Valet fall på Hanekammen og Skolma.
Eg følgte stianmerkingar på kartet opp frå fiskemottaket. Dette var ei sleip og bratt affære, og eg møtte den eigentlige stien lenger oppe. Skiltet til den korrekte stistarten er lett synlig frå vegen rett bak dei store tankane 200 meter før parkeinga eg nytta. Anbefalast.
Deretter tydelig og fin sti opp ryggen til Hanekammen. Tendensar til utsikt før eg vart slukt av skodda på toppen. Rask innskriving i boka før eg fulgte stien >>>
Lundavarden på trått føre
- Date:
- 19.02.2021
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 8.6km
Treningstur for å teste skiterrenget bak huset. Det var ikkje overraskande ganske dårlig, men gav i det minste ei ganske god treningsøkt. Det noterast også at drømmesnøen frå kuldeperioden no er ein saga blått, og tilbake er sugeføre og kartong.
For å repetere litt førre vekes skredkurs såg eg litt på brattheit, snøtype og denslags, og det såg ut som det meste var påverka av varmen. Men ikkje heilt lett å kome seg opp her under 30 grader.
Eg rann deretter ned mot Orheimssætra der naboane har rydda ein fin skitrase, så det er fint nedrenn og greit å kome seg ned på skogsvegen. I dag var det ganske tungt føre på alle måtar, så håper ingen såg meg nedover her, sjølv om eg reknar med naboen såg innspurten frå tunet sitt.
Skredkurs Jostedalen dag 3
- Date:
- 14.02.2021
Tredje dag på skredkurs i Jostedalen.
Dag 1
Dag 2
Dagen i dag var litt mildare, og alle bilar starta av seg sjølv.
Vi møtte igjen på Myri, og denne gongen gikk vi opp Vanndalen. På menyen i dag stod søk og redning med skredsøkar og utstyr. Ein programpost eg har gleda meg til sidan eg har hatt stæsjet i 10 år og aldri prøvd sakene - noko som vart klart for alle då eg drog ut søkestanga og prøvde å sette den saman som ei teltstang. Med påfølgande sogne-pedagogiske utbrot frå føraren.
Vel vel. Litt kald trekk gjorde at vi gikk litt på til vi kom opp i lia ovanfor Vanndalsvatnet. Her vart det lunch i solveggen før vi tok nokon runder med søk og redning. Virkelig nyttig! Eg er ein idiot som ikkje har lært meg dette før.
Deretter kom det endelig litt flott skikøyring ettersom eg hadde fått >>>
Skredkurs Jostedalen dag 2
- Date:
- 13.02.2021
Andre dag på skredkurs i Jostedalen.
Dag 1
Dag 3
I dag var det enda kaldare enn i går, og eg flira litt over hyttenaboane som sleit med å få start på bilane sine i kulden, før eg kom på at eg kanskje burde prøve sjølv - sidan vi skulle bruke min bil i dag (Teslaen til dei andre kursdeltakarane syntest heller ikkje kulden var heilt topp, og ladefasilitetane på campingen var av ein slik sort at sikringa gikk kvar gong panelovnen på soverommet mitt slo seg på).
Vel, pickupen starta ikkje, så då måtte naboane berre taue den fram og gi den litt starthjelp. Det viste seg at ingen av bilane hadde starta, men at den eine hadde ein powerpack som då hadde hjelpt bilparken i gang ein etter ein. Ingen grunn til å bli høg i hatten altså.
Vi køyrde deretter eit stykke ned jostedalen, tok til venstre >>>