Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Hornet og svarthaugen
- Datum:
- 07.08.2024
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 19,6km
Dag to på transportetappe frå Vesterålen til Nordfjord. Køyrde frå Trondheim litt seint, og såg på værmeldinga at eg nerma meg dritværet - det skulle ligge omtrent på Dovre. Etter 3 veker med shorts ana eg uråd. Eg ville ha meg ein beinstrekk i dag også, og tenkte at eg minst måtte til Oppdal om eg skulle finne noko fjell med meining i.
Stoppa på Oppdal og gikk inn på VPG. Kom ut med litt forskjellig - mellom anna dei skoa hass Killian. Dei måtte jo testast! Valet fall på Drivdalshornet. Fint oppover bakkane, og skoa var virkelig gode! Var på toppen på NO TIME! Eg kunne jo ikkje gi meg no. Svarthaugen låg jo rett der nede! Raskt ned fjellsida, så gjennom diverse bukkemark, før likt og ulikt av stiar og beitemark, så nådde eg Svarthaugen. Etter det ein dryg jogg langs >>>
Kuklumpen Børgefjell
- Datum:
- 06.08.2024
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 12,9km
Køyredag sørover frå nordnorgeferie. Hadde tenkt å finne ein beinstrekk, men var ærleg tala litt sliten etter mange dagar på tur. Køyrde forbi det eine kremfjellet etter det andre. Svært varmt. Stoppa på Trixie på Trofors og åt spesialpizzaen "Viking", som var ein vikingskipforma pizza dynka i bernaise. Det gjorde underverker for energien, og når eg var på Majavatn var eg klar for utflukt.
Fin DNT-sti innover mot børgefjell. Så fulgte eg spreidd varding til toppen med det flotte navnet Kuklumen. Skulle jo vere ein kort tur, men litt var det jo allikavel. Stor utsikt innover mot Børgefjell. Fin jogg tilbake til bilen, og nådde overnatting i Trondheim kring midnatt.
Coley smoke
- Datum:
- 05.08.2024
- Tourcharakter:
- Klettern
Andre dag på aleinebiltur frå Vesterålen til Nordfjord. Denne dagen hadde eg fått napp på klatring hjå ein gammal kollega frå Molekylærbiologisk Institutt i Bergen. Kari hadde byrja å tradklatre på forskingsopphald i Peak District, og no var ho og venninda Ann Karin på Lofoten-raid. Dei ville klatre multipitch, og vi gikk for Coley Smoke (5+, 4tl) på Bare Blåbær-veggen.
Eg overnatta i bilen ved Djupfjorden, men unna meg ein frokostbuffet på Trevarefabrikken før oppmøte på parkeringa. Innmarsjen gikk unna, og klatringa såg fin ut! Her var målet å kose seg, og at alle skulle få prøve seg i skarpenden. Ann Karin tok første lengde (4) og den var raskt unnagjort. Så tok eg andre lengde (5), og angra raskt på at eg hadde pakka så stor sekk. Ingen planar om å gå tom for >>>
Vågakallen
- Datum:
- 04.08.2024
- Entfernung:
- 10,0km
I dag var felles familieferie over. Mari tok med ungane med fly til Oslo - og eg tok på meg den tunge oppgåva med å køyre bilen frå Vesterålen til Nordfjord.
Eg køyrde frå Alsvåg søndag formiddag. Avtalen var å hente familyen på flyplassen på Anda torsdag kl. 12. I mellomtida kunne eg gjere som eg ville.
I nord var det panserhøgtrykk, medan i sør var det dritvær. Reknestykket var altså som følger: kor lenge kunne eg drøye å køyre sørover og likevel rekke flyet? Det er 21 timar i rein køyretid frå Alsvåg til Sandane Lufthavn. Så her var det altså moglegheiter.
I allefall. Denne første dagen på frifot ville eg til Lofoten. Eg hadde fått napp på klatring dagen etter, så eg køyrde til Henningsvær. Her var det pakka fullt av folk, og eg sakna allereie Vesterålen sin >>>
Salen og Skipet
- Datum:
- 03.08.2024
- Entfernung:
- 7,3km
Siste dag før avreise på nordlandsferien. Kidsa hadde krutt i beina, så då gikk vi for ein lokal klassikar - Salen og skipet.
Kokheitt oppover bakkane, men det hjelpte at eit følge med bunad gjekk framom oss. Her var det giftarmål på gang. Olina var gira på å kræsje heile sermonien, men vi fekk ho med oss vidare.
Spennande terreng når vi kom opp på ryggen mot Salen. Tok lunch oppå her - varmt og godt. Smæsjing utsikt! Olina og Mari byrja så på tilbaketuren, medan eg og Eskil plukka med oss Skipet også.
Knall tur! Så rett på beachen!
Sørvågmelen Øksnes
- Datum:
- 01.08.2024
- Entfernung:
- 1,4km
Midt på myra mellom Alsvåg og Myre stikk ein einsleg liten tind 300 meter rett opp frå flata. Den heiter Sørvågmelen, og den måtte ein jo berre gå på.
I dag skulle kidsa ut med båt ein liten tur, så då passa det med ein liten ekspedisjon. StikUt har ein tur rundt Melen, men det var meir sparsomt med info om turen opp.
Eg fann ein sti gjennom granfeltet frå parkeringa, og deretter ein rimelig bratt fortsettelse opp bjørkelia. Her var det hengt opp ein hyssing som støtte for den nervøse. Deretter var det lettgått til rett under toppen, der det var nokon klyveopptak, der eit var litt utsatt. Har ein kids med her bør ein passe litt på sjølv om det heng eit tau.
Nesten utsikt på toppen, men ein del buskas då. Ein var tross alt ikkje høgt til fjells.