Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Olina på lundavarden

Date:
31.07.2023

Livet er fullt av store og viktige overgangar. Barnet tar sine første steg, lærer å snakke, ungdommen får sin første kjæreste, flyttar heimanfrå, går sin første 7A. Dei vaksne klarer ikkje lenger å perse i klatring ved ny sesong. Dei gamle legg inn årene. Alle er hendingar som markerer viktige vasskiljer i livet. Lundavarden er ei slik hending. Når ein klarer å fote seg på lundavarden aleine er ein eit menneske som kan flytte seg over rimelig avstand for eigen maskin. Det er stort - ikkje minst for dei vaksne. I dag var dagen då Olina skulle innlemmast i rekkene av autonome personar. Heile familyen gikk med godt mot frå parkeringa, der målet var toppen, samt å plukke molter. Det fikk vi gjort i rikt monn. Eg og Eskil plukka, medan Mari og Olina gikk taktfast mot varden. Vi møttest >>>

Map    

Bohuslän

Date:
30.07.2023
Characteristic:
Climbing

Endelig Bohus! Vi var tre familiar som hadde leigd eit stort hus ved Kungshamn for ei veke med bading, tur, kos og klatring. Litt vind og kjølig vær sette bremsene på badinga, men mykje kos vart det! Sidan dette er ein turblågg er fokuset naturlig nok på den delen av turen som handla om sjølvrealiseringa til den delen av turfølget som hadde med enorme mengder klatrestæsj over grensa. Men dette var berre ein del av ein ferie prega av minigolf, strandkrabbefiske, macka, mys, ordning och reda. Etter ein smæsjing tur til Indian Creek i haust, der eg nærast følte eg kunne flyge tilbake over atlantaren for eigen maskin, hadde eg visse forventningar om kva eg skulle utrette i Bohus. Eg skulle raskt få kontakt med landjorda igjen – bokstavlig talt. Første kvelden tok dei tre ivrigaste, >>>

Map    

Rindhovda/Ørnkampen Randsverk

Date:
10.07.2023
Characteristic:
Trip by foot

Overnatting på Randsverk camping på veg til Austlandet, og håp om litt finevær og fjelltrasking. Været var ustabilt, så det vart med denne turen for gjengen. Det var derimot ein framifrå tur for kidsa, og ein flott utsiktstopp mot både Rondane og Glittertind.

Map    

Trollhøe randsverk

Date:
09.07.2023
Map    

Kvitingskjølen

Date:
04.07.2023
Distance:
17.9km

Eit forsøk på å få meg ein 2000-m-tur i noko håplaust vær. Eg køyrde til Lom kvelden før og låg over i bilen. Dette var omtrent einaste delen av Jotunheimen som skulle sleppe nedbør, og skodda skulle tilogmed lette etter kvart. Eg skulle hente ungane på Otta klokka 14, så planen var å stå tidlig opp og ta runden så eg hadde god margin på tida. Opp klokka halv 7, og avgårde litt før 7. Skodda låg godt nedover toppane. Eg ville gå runden mot klokka, så kunne eg gå motbakkene til Vestre, og jogge ned frå Store. Dessutan litt meir sjangse til å få sikt på store om eg tok den sist. Opp mot vestre var det berre å gå etter GPSen, men ellers var ikkje skodda av den tettaste. I skaret mellom toppane var det blå himmel, før eg dukka inn i skodda igjen mot store. Her var det >>>

Map    

Muledalsegga +

Date:
02.07.2023
Distance:
20.2km

Hadde nokon aleinedagar i ferien før ungane skulle hentast på Otta tirsdag. Pakka bilen full av stæsj for allslags eventuelle friluftsplanar. Det var berre eit problem som eg måtte undertrykke så godt eg kunne: værmeldingane var av det bedritne slaget. Etter nøye studering av kartet fann eg at regnet ikkje skulle kome til valldal og romsdalen før i 5-tida denne dagen. Eg køyrde ditover, og sikta meg inn på Muldalsegga (høg pf) og Trollkyrkja (sexy profil) som turmål. Avgang frå turistjungelen klokka 11, varmt og godt oppover. Det låg mørke skyer både her og der, så eg sikta meg inn på Muldalsegga via Blåfjellet. Dei to enklare toppane burde vere realistisk å få til før regnet kom. God fart oppover, og på Blåfjellet etter 2 timar. Kom ei regnbyge, men den var av det lette >>>

Map