Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sporlaus på Knektevasshytta

Date:
31.05.2023
Characteristic:
Climbing

Eg har lenge lenge ønska å sette kilane i sandsteinen i Ålfoten. Men eg har berre ikkje fått ut fingeren. Før i dag. Knektevasshytta DNT-hytte har fin sti og ein fin vegg like ved. Her skulle det vere lett tilgjengelig og fin klatring. Aslak var nyfrelst og hadde flunkande nytt utstyr - han var lett å be. Meldingane var mildt sagt av det mindre fordelaktige slaget. Ålfoten er noregs våtaste plass. Bygene tromma mot frontruta - men Yr sa det skulle blikke opp utover dagen. Nedbøren gav seg, men det var likevel ein søkkvåt vegg vi såg frå Knektevasshytta. Eg nytta kikerten for å sjå om det tørka, og til slutt klara vi ikkje vente meir. Her måtte det klatrast. Vi gikk mot ein høveleg høg og passe bratt/slakk del, og såg etter nokon formasjonar. Lenger oppe var tørken i gong, >>>

Map     2 comments

Sandskarhyrna

Date:
18.05.2023
Distance:
14.6km

Når turutsiktene er uklare kan langhelgene i mai vere ein forbannelse. Med særs usikre meldingar holdt 17. himmelfartshelga i sin heilskap på å gå med til intense studier av diverse værmeldingsplatformar. Eg og Kroksleiven hadde store planar, men det vart raskt klart at desse måtte vente. Men kva skulle kome i staden? Tøni snakka om nokon kronglete oppgangar til kvardagstoppar i Gloppen. Mange raude nåler, men nja tja... skulle det ikkje vere nedbør der då? Etter mykje leiting på kartet til Kroksleiven fann eg ei einsleg grå nål langt inne i oppstryn. Sandskarhyrna. Kroksleiven sat og såg på same nåla. To sjeler same tanke. Då vart det Sandskarhyrna. Behagelig avgang heimanfrå 8:30, og avgang frå parkeringa i Skjærdalen 10:30. Masse folk her som snakka framande tungemål (bokmål) >>>

Map    

Ein runde i skitrekket

Date:
12.05.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.5km

Etter ein vinter og vår dominert av andre typar sjølvrealisering, hadde eg i dag anledning til å nytte dagen i fjellet. Rikelig med snø og fint vær gjorde at eg la vegen mot Stryn Vintereski for å plukke Karifjellet, Hestefjellsnibba og Kragefjellet, som ligg på rekke og rad ovanfor skisenteret. Eg kunne ta på skia rett frå parkeringa, og jobba meg opp bakkanee mot første post: Karifjellet. Ganske varmt oppover. På toppen etter 2 timar. Det gikk kjapt bort til Hestefjellsnibba, der eg var 20 min seinare. Her møtte eg ein annan kar som avspaserte. Deretter ein litt lenger bakke til Kragefjellet, men på ingen måte avskrekkande. Då var det store spørsmålet: no var klokka 13, og eg hadde fiksa fjellfri heile dagen. Kunne eg utvide runden? Eg såg bort på Kyrkjenibba. Det var ikkje >>>

Map    

Fløtravarden ekstrarunde

Date:
07.05.2023
Map    

Snøfjellet

Date:
06.05.2023

Map    

Eidskyrkja

Date:
05.05.2023

Map