Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Klatrekurs i Uskedalen

Date:
27.06.2022
Characteristic:
Alpine climbing

Denne veka var det duka for praksis på DNT Fjellsportgruppa i Bergen sitt Grunnkurs i fjellklatring . Opplegget med kurset, som gikk over 6 dagar, var at deltakarar utan klatreerfaring skulle få ein kickstart i leding på eigne sikringar over fleire taulengder. Eit tilsvarane kurs har blitt beskrive her Det var oppmøte i downtown Uskedalen mandag, der eg møtte dei 9 deltakarane. Vi var tre instruktørar og 2 praktikantar, så her skulle det bli god oppfølging! Væreldingane var ganske gode for starten av veka og vart berre bedre og bedre ettersom dagane gikk. Etter litt handling gikk vi opp til basecamp i Eikedalen, der vi skulle vere eit par dagar. Eg hadde tatt med det store og xtremt solide familieteltet grunna frykt for vind. I tillegg hadde eg byrja på ei god bok rett før kurset - som også var ganske tjukk. >>>

Map    

Salen og Vardefjellet

Date:
15.06.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.0km
Map    

Lundavarden

Date:
11.06.2022
Map    

Dyrenibba

Date:
07.06.2022

Map    

Ålfoten multisport 2022

Date:
05.06.2022

Super campingtur til Førdsdalen i Ålfoten med kjekke folk! Litt blanda vær, men nok sol til at det var topp stemning. Fisking, sykling, buldring og litt ymse. Ungane var ivrige på buldringa, og vi gikk masse kjempefine ruter av ulik vanskegrad og høgd - heilt topp! Etter mykje om og men og nokon turar i kjellaren kom eg meg opp rissprosjektet eg oppdaga i fjord. Av mine finaste buldreopplevelsar - heilt rått! Devonrisset. Eg set 7A på dette sjølv om eg eigentlig ikkje heilt veit kva det bør stå i. Eg synest det var knallhardt, men risskompetansen er jo litt avgrensa. Uansett skikkelig fin rissklatring frå fingerlåsar til handjammar, overhengande med dårlige fottak. Fingrane kjennest ut som kjøtkaker i dag :-) Takk for turen

Map     2 comments