Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Premieutdeling og lisje blåfjellet
- Date:
- 02.10.2022
I dag var det duka for fjelldag og premieutdeling for fjelltrimgruppa til Stårheim IL på Fannstøylen. Bra oppmøte av store og små. God stemning oppover, med natursti frå 4H. På støylen var det bålpanne, pølser, snop og alt som høyrer fjellet til!
Etterpå fekk vi med oss ein gjeng unge fjellfolk til Lisje Blåfjellet, der vi skulle merke litt. Dei bygde vardar til den store gullmedalja, så skal ein gå seg vill her må ein gjere ein solid innsats. Ny topp for Eskil, som var i storform i dag.
Deretter heim i regnværet. God stemning heile vegen, der vi mellom anna fann ein frosk.
Felden, Klakken og Lisjetoren
- Date:
- 30.09.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.8km
Felden har stått på ønskelista ei stund. Kanskje litt for lenge ettersom den er rett i nabolaget. Vel, slik er det når ein har for mykje å velge mellom. Med det flotte haustværet kunne ein ikkje sitte på heimekontoret og slite hol i buksebaken. Her måtte det bli tur!
Felden er jo eit mystisk fjell på fleire måtar. Det stikk seg fram både her og der - klassisk signaltopp. Fleire har lagt merke til dette. Det skal ha foregått diverse ritualer her oppe på det som skulle vere Odin sitt fjell. Tor har jo fått to fjell i dette dalføret, og Frøya eit (Frøhornet). Det er ruinar etter ei steinhytte som visst nok skulle vere åstaden for æse-rituale her oppe. Heksene stoppa visst her på veg til blokksberg - fine landingsforhold på den slette toppen. I tillegg er det eit monogram for >>>
Dobbel kremtind: Klovetindane og Rognestøyltindane
- Date:
- 10.09.2022
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Distance:
- 7.8km
Hausten slo til med knallvær etter ein begredelig sommar, og alle prosjekta vi ikkje fekk gjennomført i sommar kunne no få ein ny sjangse. Eg og Kroksleiven hadde ikkje samla oss til ein einaste fellestur heile sommaren, og det var ikkje berre grunna været. Planar, derimot, hadde vi rikelig av.
Ein av desse var Klovetinden i Kvistadalen. Denne har jo fått ein viss status etter at den hamna på lista over Noregs 10 vanskeligaste tindar . Denne lista gjekk etter vanskeligaste klatrepunkt på enklaste veg. Sidan Klovtinden har klatring på 4-talet enklaste veg opp (og dette er faktisk ikkje så innmari vanlig sidan det ofte går an å lure seg ein veg opp på dei fleste fjell) så hamna den på lista. Når det er sagt er ikkje klatringa særlig lang, og tinden er relativt lett tilgjengelig. Så ein kan argumentere for at >>>
Toppar rundt Traudalen
- Date:
- 08.09.2022
- Distance:
- 24.0km
Etter-jobb-tur til nokon av dei meir eksotiske toppane på Gloppen-lista. Prøvde å holde litt tempo heile dagen for trimmen sin del - intill eg tempoet brått fekk seg ein brems. Men meir om det seinare.
Fint innover langs Traudalsvatnet og Instevatnet. Deretter litt diverse opp Ljoren. Fann ei grei rute vidare gjennom litt rotete terreng. Litt lett klyving her og der. Traff ein flokk sauder på Botnafjellet. Deretter strake vegen til Breidalsegga, 11 km gange frå start. Litt drygt der altså. Tok ei skjeve og såg på utsikta.
Så ganske strake vegen ned til Styggevatna, som er skilt av ein liten bekk og ca halvmeteren i høgdeforskjel, og så grei oppstiging til Vidstøylsegga. Godt med litt molter å styrke seg på opp her. Ny skjeve på toppen, så vidare mot Svineryggen. Byrja å kjenne >>>
Helgehornet
- Date:
- 03.09.2022
Farfar og Farmor slo fram på om tur ein stad mellom Ulsteinvik og Stårheim. Var dette dagen eg endelig skulle få ticka av Helgehornet?
Ja det var visst det. Super tur med ungane, som var i storslag. Satt lenge på toppen og såg på utsikta, som kanskje er det likaste med denne turen.
Avslutta med pannekaker på Treet i Volda. Tipp topp!
Ulvanosa frå geitadalen
- Date:
- 27.08.2022
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 12:00h
Tredje dag på veilederkurs klatring høgfjell i Uskedalen var langtur i alpint terreng. Sidan vi trengte litt snø til øving på snøteknikk hadde Lars og Trond Kristian sett ut ein skikkelig rundtur. Planen var å gå opp til breen i Geitadalen, ta demo på utstyr for brevandring samt bremseteknikk, før vi skulle klatre opp veggen mot Ulvanosa, og retur til fots tilbake til lavlandet.
Det var fint vær opp svaa mot Geitadalen, der deltakarane hadde fått ulike føringsoppgåver. Så her vart det både gelendertau og litt forskjellig.
Nydelig landskap og kjekt å kome seg til fjells. Eg og Sander hadde fått jobben med snømanndemo, og vi tok ein runde på det så alle fekk brukt utstyret sitt.
Vi delte oss så i to taulag og såg etter moglegheiter. Vi gikk for ei spennande og litt kort men ny rute litt i venstrekant av >>>
Veilederkurs klatring høgfjell i Uskedalen
- Date:
- 25.08.2022
- Characteristic:
- Alpine climbing
På praksis i Uskedalen i Juni vart eg tipsa av Lars om at han skulle ha veilederkurs i august. Der måtte eg jo melde meg på! Så sant som gjort - eg slengde inn søknad til godkjenning. Brattkompetanse.no var tydeligvis i godlune, kona bytta vakter både her og der, og magasjauen i byrjinga av veka gikk raskt over - her skulle det faktisk bli kurs!
Eg byrja køyringa tidlig onsdag formiddag, men grunna trafikkulukke på Flåm vart det ei solid omkøyring. Kjekt å endelig få sjå Geilo då! :-P Då eg ankom Rabben Camping onsdag kveld var det som sistemann.
Vel, det var eit sterkt crew som måtte innsjå at torsdagen var av det fuktige slaget - lite eigna til svaballett. Det passa fint til pedagogiske øvingar om bevegelsesteknikk, sikringsplasseringar, standplassrutiner etc. Etter felles >>>