Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fingeren med klivrelaget

Date:
19.09.2021
Characteristic:
Alpine climbing

Siste dagen med føring for Klivrelaget - i dag var det Fingeren og Sylen som stod på menyen. Vi tok ei direkte rute opp nordryggen på Fingeren for å få litt klatring. Dette vart 2-3 taulengder med opptaksvis klatring og klyving. God stemning på toppen! Sidan det var mykje att av dagen tok Andreas med seg to av klubbmedlemmane på Sylen. Dette var meir krevjande greier, så her var det på med svasko. Eg vart att nede for å ta bilete og kome med oppmuntrande tilrop. Alle kom seg både opp og ned i god stil, og med det var ei flott helg i nydelige ørstafjell over. Takk for turen Andreas og Klivrelaget!

Map    

Sv-egga på søre Blåtind med klivrelaget

Date:
18.09.2021
Characteristic:
Alpine climbing
Distance:
7.2km

I dag var det duka for føringstur med Klivrelaget. Vi hadde med fire forventningsfulle gjestar i fjellet i dag, og fekk ein flott tur med utfordringar, mestring og ekte fjellklatring i ville Sunmørsalpar! Takk for turen!

Map    

Sylen og fingeren

Date:
17.09.2021
Characteristic:
Alpine climbing
Distance:
8.8km

Denne helga var det duka for føring på Standalseidet. For å gjere ei lang historie kort: i mitt forsøkl på å skaffe meg praksis etter metodekurset vart eg spurt av Klivrelaget i Ulsteinvik om eg kunne få til føringsturar for klubbsamlinga deira på Standalseidet laurdag og søndag 18-19. sept. Sidan eg jobbar med dette på Hamna Trening på Nordfjordeid fann vi ut at dette måtte vi prøve å få til. Sidan vi sjølv ikkje har NF-godkjenning, fekk eg min gode venn og taulagsmakker Andreas Nordstrand til å hoppe i bobilen og kome nedover. Han har fullført NF høgfjell og hadde både papira og erfaringa i orden. Vanskelig å seie nei til ei helg full av klatring midt i Sunmørsalpane. Klivrelaget ønska turar kring Standalseidet, og vi landa på SV-egga på Søre Blåtind, og dei klassiske >>>

Map     1 comment

Tor og Tor

Date:
13.09.2021
Characteristic:
Jogging
Distance:
13.3km

I min iver etter å springe Laurdalen rundt på ein perfekt finværsdag har desse kremtoppane i nabolaget blitt ståande ubesøkt. I dag fann eg ut at nok fekk vere nok. Litt sein avgang gjorde at eg måtte vurdere turomfanget litt, men eg gikk for ein plan om å gå frå Furuhogane og sjå kor langt eg kom før eg måtte snu for å rekke barnehagen. Alt i alt ein flott dag i mitt næraste høgfjellsområde, med eit ruteval som eg trur var ganske effektivt. Her fikk ein både fin klyving, laus ur, og litt forskjellig imellom. Samt spektatkulær utsikt og mykje blåbær. Olina vart ikkje henta sist i barnehagen i dag heller, sjølv om marginen ikkje var enorm. Så æra i behold. Felden får stå til seinare.

Map    

Berstadhornet og andre vaksinedose

Date:
02.09.2021
Map