Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kvamfjellet

Date:
28.07.2021

Map    

Meskredholten, Eggene og Trollevassnyken

Date:
22.07.2021
Distance:
12.5km

Moglegheit for ettermiddagstur, og skodde på sunmørsgrensa gjorde at eg såg til dei to listetoppane Eggene og Meskredholten. I dag var det berre desse som var skoddefrie. Gikk frå Lote og til Lotsskaret, så bratt men fint på mose og lav lyng opp til Meskredholten. Retur til Lotsskaret og greit opp til Eggene. Herifrå såg Trollevassnyken flott ut, og det hasta ikkje med å kome heim, så då tok eg med denne også. Litt bratt ruteval opp, men nedatt veldig fin og direkte veg. Returen la eg via Branden. Fin rås frå Branden og ned, men ellers ein god del offpist. Fin runde over to litt anonyme toppar. Tok eit bad i sjøen på Lote før heim til Taco.

Map    

Rundt mosvatnet og lisjevatnet

Date:
18.07.2021
Characteristic:
Jogging

Map    

Ny juniortur til Lundavarden

Date:
13.07.2021
Map    

Skoddetreff på Råna

Date:
11.07.2021
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
13.4km

Eg og Kroksleiven har hatt ein tradisjon om å få med oss ein kremtopp no og då, og etter at eg gjorde stårheimar av meg trudde eg at det kom til å bli kremtoppar i eit einaste renn. Slik vart det ikkje, for Kroksleiven har jo alt mogleg anna å holde på med: saude, fødestue for kalvar, diverse gravemaskinoppdrag, og ein deltidsjobb inn på Eid som han driv med. Altså ikkje heilt rett fram for ein freelance bygdeakademikar å få turselskap. Men etter å ha vore 4 dagar med familiefeiring på Union Hotell Øye – potte tett av forkjøling, var eg desperat etter tur. Yr melde overskya på morgenen, men stråålande sol på ettermiddagen, så vi sette kursen mot Råna. Det hølja ned gjennom Norangdalen, men det skulle jo lette. Likeeins regna det godt opp over Nordkopen. Men letna det >>>

Map     2 comments

På Lundavarden med Eskil

Date:
03.07.2021
Duration:
4:00h

Tida var overmoden for ein tur på Lundavarden for Eskil. Denne veka var det knallvær og søskenbarn på besøk, så då låg alt til rette. Avgang frå Orheimssætra, og raskt til Orheimsbotnen. Brattebakken gikk fint for alle, og utsikta begeistra. Deretter sprang juniorane omtrent til topps, og det var stor stas for alle! Det er klart ein treng litt kjeks og nøttemix for å fylle opp lagera då. Så var det spørsmål om kvar vegen gikk vidare. Alle var gira på å gå rett ned til Orheim. Eskil og søskenbarn Henning må ha drukke av same vatnet som han Killian, for her gikk det raskt! Ein knalltur som viser at det er krutt i beina så lenge motivasjonen er riktig!

Map