Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Størenhammaren

Date:
26.04.2021
Characteristic:
Climbing

Map    

Lisjeblåfjellet

Date:
24.04.2021
Distance:
6.5km

Fin tur mellom snøbygene. Tørr nysnø og fine forhold - skulle hatt breide ski så hadde det vore gode greier. Fann ein fin formasjon for nedrenn som ein kan ta heilt ned i botnen av dalen om ein vil, og sannsynligvis under 30gr heile vegen om ein føl litt med.

Map    

Sandfjellet med naboen

Date:
16.04.2021
Distance:
9.8km

Maaike inviterte på tur i dag sidan husbonden var på monstertur i Reinheimen. Vi vart einige om å prøve Sandfjellet, som skal vere ein fin og lett topp i Hornindal. Lettgått heile vegen, men litt varierande snø. Utsikta på toppen var virkelig bra, og det var heilt vindstille i vårsola. Sat her ein god halvtime før vi rann ned att på det samme skiftande føret. Super dag og ikkje ei sky på himmelen!

Map    

Blåfjellnibba og Kvitegga

Date:
15.04.2021
Distance:
17.4km

Med knallmeldingar måtte jo denne dagen nyttast - særlig med tanke på at kona skulle avspasere frå familien heile helga. Etter Uglefisk sine fristande bilete frå Kvitegga var turmålet enkelt! Snø frå første meter, og ein blikkstill fjord som kulisse. Finfint opp til sætra, med skilt som kunne forklare om både det eine og det andre som hadde foregått opp i bakkane her. Forbi Ljøsætra fulgte eg berre spora, før eg oppdaga at dei leda meg opp mot ein liten knatt rett ovanfor sætra. Eg snudde rett under toppen og sette kursen opp Ljødalen. For å sitere Cpt. Alberto Bertorelli frå den BBC-produserete dramaserien "Allo allo": what a mistaka to maka. Meir om dette seinare. Opp Ljødalen var spora frå tidligare i veka berre såvidt synlige, så her vart det brøyting i staden >>>

Map     2 comments

Fint vær!

Date:
12.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.5km

Map    

Lundavarden pudder

Date:
08.04.2021
Distance:
8.8km

For ein som har "Væråret" mellom sine favorittprogram er Nordfjord ein flott plass! Denne veka vart vi velsigna med masse flott og spennande vær, og med eit lite vindauge mellom bygene torsdag ettermiddag måtte eg sjølvsagt oppom Lundavarden og sjekke forholda. Det er kjekt å nerde litt, og sidan eg nett har lært bitte litt om snø og skredvurdering så tok eg sjølvsagt med heile utstyrsapparatet til fjells. Intet kantkorn skulle forbli uoppdaga! Ski rett frå tunet, pudder av finaste sort! Forbi norstunet (her var det ikkje pudder) og opp mot Orheimssætra. Bra snødekke heile vegen, tørr nysnø frå første meter, på fin såle. Oppover den sørvestvendte lia ovanfor Orheimssætra var det som venta fine forhold etter nordvesten dei siste dagane (ja nettopp!). På toppen bles >>>

Map    

Karlskaregga

Date:
01.04.2021
Distance:
3.0km

I dag skulle eg og Kroksleven ha oss ein påsketurdag. Meldingane var gode men realitetane var langt meir blanda. Eg hadde lyst på ski, og Kroksleiven ville sanke småtoppar i havgapet, så her måtte det eit kompromiss til: vassing i snø sånn midt i mellom. Gjerne med skodde. Vi køyrde til Ålfoten for å sjå kva den hadde å by oss. Etter litt speiding byrja vi med Karlskaregga. Overraskande fin tur til ein litt anonym topp. Etter litt busking gjennom lysløypa kunne vi følge ein fine sva heile vegen til topps, omtrent utan vegetasjon. Toppen var ein artig liten knatt i seg sjølv. Herifrå såg vi austover til Dalsetfjellet - det såg litt hårete ut i all skodda. Nibbi kunne derimot kanskje vere aktuell, men då måtte vi tilbake til bilen først.

Map    

Nibba

Date:
01.04.2021
Distance:
10.3km

Etter å ha avlagt Karlskaregga eit besøk la vi i veg mot Nibba. For å kome til foten må ein navigere seg forbi nokon vatn, og dette vart litt offroad i buskas og myr. Skodda sende oss nesten tilbake mot bilvegen, men heldigvis var vi utstyrt med det nyaste av orienteringsteknologi, som vi etter kvart klara å finne ut av. Då vi kom til foten av fjellet møtte vi neste mysterium: kvar var vegen opp??? Her var det berre ei jæævlig diger steinrøys, omkransa av bratte sva. Vi fann ingen merke som kunne gi oss nokon hint, men vi såg at det gikk eit drag frå aust mot vest oppover i høgrekant av ura, så vi prøvde det. Vi gjekk ned på høgresida mot vatnet, og fulgte dette draget oppover til vi byrja å nærme oss nokre overheng. Her møtte vi neste mysterium - vegen vidare var ikkje openbar. >>>

Map