Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lundavarden på trått føre

Date:
19.02.2021
Duration:
2:30h
Distance:
8.6km

Treningstur for å teste skiterrenget bak huset. Det var ikkje overraskande ganske dårlig, men gav i det minste ei ganske god treningsøkt. Det noterast også at drømmesnøen frå kuldeperioden no er ein saga blått, og tilbake er sugeføre og kartong. For å repetere litt førre vekes skredkurs såg eg litt på brattheit, snøtype og denslags, og det såg ut som det meste var påverka av varmen. Men ikkje heilt lett å kome seg opp her under 30 grader. Eg rann deretter ned mot Orheimssætra der naboane har rydda ein fin skitrase, så det er fint nedrenn og greit å kome seg ned på skogsvegen. I dag var det ganske tungt føre på alle måtar, så håper ingen såg meg nedover her, sjølv om eg reknar med naboen såg innspurten frå tunet sitt.

Map    

Skredkurs Jostedalen dag 3

Date:
14.02.2021

Tredje dag på skredkurs i Jostedalen. Dag 1 Dag 2 Dagen i dag var litt mildare, og alle bilar starta av seg sjølv. Vi møtte igjen på Myri, og denne gongen gikk vi opp Vanndalen. På menyen i dag stod søk og redning med skredsøkar og utstyr. Ein programpost eg har gleda meg til sidan eg har hatt stæsjet i 10 år og aldri prøvd sakene - noko som vart klart for alle då eg drog ut søkestanga og prøvde å sette den saman som ei teltstang. Med påfølgande sogne-pedagogiske utbrot frå føraren. Vel vel. Litt kald trekk gjorde at vi gikk litt på til vi kom opp i lia ovanfor Vanndalsvatnet. Her vart det lunch i solveggen før vi tok nokon runder med søk og redning. Virkelig nyttig! Eg er ein idiot som ikkje har lært meg dette før. Deretter kom det endelig litt flott skikøyring ettersom eg hadde fått >>>

Map    

Skredkurs Jostedalen dag 2

Date:
13.02.2021

Andre dag på skredkurs i Jostedalen. Dag 1 Dag 3 I dag var det enda kaldare enn i går, og eg flira litt over hyttenaboane som sleit med å få start på bilane sine i kulden, før eg kom på at eg kanskje burde prøve sjølv - sidan vi skulle bruke min bil i dag (Teslaen til dei andre kursdeltakarane syntest heller ikkje kulden var heilt topp, og ladefasilitetane på campingen var av ein slik sort at sikringa gikk kvar gong panelovnen på soverommet mitt slo seg på). Vel, pickupen starta ikkje, så då måtte naboane berre taue den fram og gi den litt starthjelp. Det viste seg at ingen av bilane hadde starta, men at den eine hadde ein powerpack som då hadde hjelpt bilparken i gang ein etter ein. Ingen grunn til å bli høg i hatten altså. Vi køyrde deretter eit stykke ned jostedalen, tok til venstre >>>

Map     2 comments

Nf Skredkurs Jostedalen dag 1

Date:
12.02.2021

Som ein del av forflytninga til Nordfjord har eg tenkt å vere meir i fjellet, og også kurse meg litt opp - både for eigen del og for mogleg nytte for andre, kva no enn det kan bety. I alle fall, denne helga hadde eg teikna meg opp på skredkurs i Jostedalen med Norgesguidane. Det var fleire fordelar med dette. Både var kurset godkjent som ein del av kursstigen til Norsk Fjellsportforum, OG den var langt vekke frå ungar og kjas og mas - ein lang køyretur gjennom flott vestlandsnatur! Vi var berre tre påmelde, og skredguru Jostein Aasen skulle vere instruktør. Det var oppmøte på Myri Parkering fredag klokka 10, og sidan eg er nervøs for å kome for seint så gjorde eg alt klart kvelden før. Skia var pakka i lasteplanet med fellar på og alt på stell. Ein kunne jo ikkje framstå som >>>

Map    

Ljøsuregga

Date:
09.02.2021
Duration:
2:00h
Distance:
9.0km

Planen for dagens formiddagstur var Storetoren, som eg har tenkt på lenge. Godt driv opp trekket og deretter vidare til Ljosuregga. Ein gjeng med truger her oppe ved varden, såg tungt ut. Deretter bort til høgste punkt. Og brått vart det rimelig luftig. Fantastisk utsikt til fjord og fjell, og ikkje minst til torane og Felden. Men skulle eg prøve meg på sjølvaste Storetor? Det var spor ned egga til skaret, der det gikk eit skispor nedover langdalskopen. Ingen hadde gått opp renna til Storetoren, og herifrå såg den bratt ut. Nei, dette ville eg ikkje byrje på her aleine. Så eg tusla tilbake til skitoppen, og stod ned ljosurdalen. Litt oppkøyrt, og snøen har blitt litt vindpåverka, men framleis kremforhold. I etterkant har eg fått høyre at renna ikkje er så bratt som den ser ut, >>>

Map     2 comments

Hjelmelandsvarden pudderbonanza

Date:
05.02.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:48h
Distance:
4.8km

Eg hugsar Vestlandet fullt av regn og vind, og befolka av inneslutta folk hvis fremste høfligheitsgest var å la andre være i fred. Men her må det ha skjedd ein heil del! For her er det jo sol og sju minusgrader kvar dag - og fjella er fulle av tørr og djup laussnø. Til alt overmål har folk her fri kvar fredag til å gå på topptur, og denne fredagen fekk eg ikkje mindre enn tre turinvitasjonar! Dette var nok ein knalldag i den nye bakgården. Eg vart med naboane Gustav og Maike på tur til Hjelmelandsvarden, ein ettermiddagstur med høgdemeter rett frå parkeringa. I tillegg var Reidun og høgdemeteretaren (og andre halvdel av den legendariske fjellduoen frå Lote) Lise med. Så her var det berre å skru pulsklokka på max om ein skulle henge med. Det var brøyta spor heilt til topps >>>

Map    

Melshornet og Grøthornet

Date:
03.02.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:30h
Distance:
6.5km

Nydelig og kaldt vær. I dag hadde eg eit møte i Volda på føremiddagen, og start på mi nye karriere som klatreinstruktør for ungar på Hamna Trening på Eid på ettermiddagen. Og i slikt sinnsjukt fint vær måtte eg jo kome meg ein tur ut. Så grunna litt kort tid fall valet på utfartstoppen Melshornet. Mykje folk og ganske oppkøyrt, men likevel - det er jo heilt sjuuuukt fint! Milde måne, eg har ikkje nok superlativ i ordforrådet for å beskrive denne utsikta og føret. Eg prøvde å ta bilete frå toppen, men telefonen konka sjølvsagt før eg fekk sagt "panorama". Bileta hadde uansett ikkje klart å gjere utsikta rettferd. Med dette føler eg at eg har opna høgrentekonto i Sunnmørsalpane. No er det berre å byrje sparinga!

Map     2 comments