Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Ettermiddagspudder på lisjeblåfjellet

Datum:
31.01.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
6,2km

Ja då har det altså skjedd - eg har flytta tilbake til vestlandet. Og ikkje berre det, vi har flytta til min barndoms ferieparadis Stårheim. Ikkje heilt venta for han som ein gong var Ulsteinvik sin hardaste urbanist. Men sånn er livet - sidan den tid har både eg og bygda endra seg. Og når vi det siste året summerte opp grunnane for og imot så såg vi til slutt ingen grunn til å la vere! Så no er vi altså på plass i slektsgarden på Orheim, Stårheim. Ei tømmerkasse frå 1880-talet, med eit nyare påbygg frå 1920. Midt i ei pågåande kuldebølge så var det ein litt kjølig affære. Men ungane er tøffe - dei har genar frå kalde stader. Sidan det har vore perfekte skiforhold i marka har det vore litt smertefullt å vere oppteken med barnehagetilvenning den siste veka. Men no var >>>

Geitfjellet + runde i bymarka

Datum:
15.01.2021
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
18,5km
Karte    

Fryst Jord - Ny rute i vestveggen på Rabbolen

Datum:
08.01.2021
Tourcharakter:
Mixed-Klettern
Tourlänge:
6:00h

I går fekk eg og Andreas endelig tatt tak i eit gammalt prosjekt: ei førstebestigning av den bratte vestveggen på Rabbolen nord for Orkdal. Andreas har hatt denne på hovudet ganske lenge, og tok også ledertrøya denne flotte vinterdagen. Det vart ei fin og seriøs vinterrute opp denne mektige veggen. Andreas har skrive rapport og stiller for anledninga som gjesteskribent! Andreas Nordstrand Historien bak denne ruta begynner for et par år siden. Min gode venn Kristian, i sin hvileløse jakt på hauger og fjell med tilfredsstillende primærfaktor, hadde kommet over Rabbolen. Rabbolen er et populært utferdsmål for folk på Agdenes, men var helt ukjent for meg. Ikke et fjell man hører om i klatresammenheng. Det viste seg likevel at Rabbolen har en ganske spektakulær vestvegg. På sitt høyeste >>>

Kongsvollfossen venstre uttopping

Datum:
02.01.2021
Tourcharakter:
Eisklettern
Tourlänge:
6:30h

I dag fekk vi endelig stabla oss avgårde på ein isklatretur, både meg, Andreas og Pål Christian. Turen gikk til Kongsvollfossen tradisjonen tru. Vi hadde venta folkevandring her i dag, og hadde tilogmed munnbind med om det skulle bli trengsel på cruxet. Men i dag vart det berre oss og ein finfin dag på isen. Andreas starta med ein litt sprø førstelengde, og vi merka at det har vore tørt og lite nydanna is. Etter ei transportlengde tok Pål Christian oss opp turens finaste smøreis og opp på hylla under sistelengda. Her openbara turens store spenning seg. Den vanlige høgreavslutninga var fint forma, men det var også den litt meir eksklusive, og hakket kvassare, venstreavslutninga. Denne er ikkje alltid i god form, men no hadde den forma seg til ein flott og bratt pillar. Eg følte >>>

Sosetur til Stadsheia og litt 2020-oppsummering

Datum:
01.01.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf

På sjølvaste nyttårsdagen måtte eg ut i finværet, og eg tenkte at no måtte eg jammen kome meg på ski. For å unngå kø valde eg Stadsheia, og der var det ingen kø. Derimot var det rimelig frose på opp dei ellers våte myrene, og ikkje altfor mykje snø. Eg konkluderte med at på den dagen det var aller best fotturføre på denne ellers så blaute myrvåtten, så stilte eg med ski på beina. Men slik er det. Så ser eg at 2020 oppsummerast på peakern, og det er morsomt å lese. Så eg slenger inn ei oppsummering sjølv: det vart eit annleis-år også for meg, og den store mengda heimekontor gjorde at eg fekk logga mange turar i bymarka. Men elles vart det ikkje anledning til dei store prosjekta. Turen med Ove og Torleiv til Breheimen i Mai står att som eit høgdepunkt. For dei som >>>

Karte