Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

På Lundavarden med Eskil

Datum:
03.07.2021
Tourlänge:
4:00h

Tida var overmoden for ein tur på Lundavarden for Eskil. Denne veka var det knallvær og søskenbarn på besøk, så då låg alt til rette. Avgang frå Orheimssætra, og raskt til Orheimsbotnen. Brattebakken gikk fint for alle, og utsikta begeistra. Deretter sprang juniorane omtrent til topps, og det var stor stas for alle! Det er klart ein treng litt kjeks og nøttemix for å fylle opp lagera då. Så var det spørsmål om kvar vegen gikk vidare. Alle var gira på å gå rett ned til Orheim. Eskil og søskenbarn Henning må ha drukke av same vatnet som han Killian, for her gikk det raskt! Ein knalltur som viser at det er krutt i beina så lenge motivasjonen er riktig!

Karte    

Veten og Brurahornet - Måløy

Datum:
25.06.2021
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
7,0km
Karte    

Lundvarden - tom for batteri

Datum:
22.06.2021
Karte    

Rundt hoven

Datum:
18.06.2021
Entfernung:
21,5km

Strålande meldingar, og etter halvannan måned på heimekontoret var eg gira på ein skikkelig tur. Måtte bli til Stryn ettersom eg omtrent ikkje har gått på fjellet her før. Ettersom eg var usikker på kor mykje snø som låg att gikk eg for å sjekke ut området kring Hoven. Planen var som vanlig ambisiøs - her skulle det ikkje vere att mange raudnåler når dagen var ferdig! Skodda låg rundt toppane, og det strålande sola uteblei. Eg gikk for Årheimsfjellet først, og deretter over Skredfjellet. Veldig til nivå på stiane her i området. Her kan ein ta nesten heile runda på elsparkesykkel om ein vil. Over skredfjellet gikk eg stort sett i skodde og regn, så eg tenkte eg kunne gå nedom turistattraksjonen og ete niste og vente på finværet. Her var det ingen cafe å slå seg ned >>>

lundavarden

Datum:
15.06.2021
Tourlänge:
1:18h
Karte    

lundavarden - retur via legdene

Datum:
13.06.2021
Karte    

Rødsdammen med Eskil

Datum:
06.06.2021
Tourcharakter:
Jogging

Etter skoddetur på Stad kom Eskil på at eg hadde lova springetur på fjellet. Og slike tiltak kan ein sjølvsagt ikkje seie nei til, så då sprang vi eit stykke, og enda på Rødsdammen. Fin tur!

Karte    

Vestkapp

Datum:
06.06.2021
Tourcharakter:
Autotour

Planen var dagstur til Stad - der hadde ingen av oss vore før, og det skal vere så fint. Vi skulle tilogmed plukke med oss ein topp om det var stemning for det. Været var skya på morgonen, så fint som berre det. På veg opp til Vestkapp var det berre såvidt vi såg vegen. Cafeen hadde god mat og redda dagen. Vi våga ikkje nokon fottur - hadde ungane sprunge avgårde i denne skodda hadde vi aldri funne dei igjen. Men vi gikk ein runde rundt cafeen, og her fann vi ein varde som eg tenkte måtte vere kjerringa. Det viste seg å vere feil. Deretter ein tur til Erviksanden for å sjå på surferane, før vi køyre heim.

Karte    

Storevarden

Datum:
05.06.2021

Karte