Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Bergsvarden, Gjøafjellet og Lamdalsheia

Date:
22.12.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
3:30h
Distance:
12.0km

Førjulstid og man-flu er dårlige greier. Men som litt introvert er det naudsynt å fylle opp ensomheitsbatteria heilt fulle før jula skyller inn med alle sine selskapeligheiter. Snillfjordtoppane kvalifiserer særs godt til social distansing, så då vart det Bergsvarden i dag. Byrja på Berg, gikk gjennom tunet og opp traktorvegen. Deretter sti opp til tregrensa, så lettgått til Gjøafjellet, som var dagens finaste topp. Deretter fulgte eg høgda til Bergsvarden - ein stor varde som matcha fjellet den var plassert på: brei og lav. Deretter gikk eg bortom veggen på Lamdalsheia, der dei hoppar base og islinja Nirvana kjem opp. Luftig, men eg lurer på om det kan vere klatrepotensiale på denne steinen. I dag var det forøvrig flotte klatreforhold - mildt og tørt. Adiø Snillfjord.

Map    

geitfjellet+

Date:
14.12.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:36h
Distance:
12.5km
Map