Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Vingsand: hopaheia

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Jogging

Varda sti og fint og slakt terreng over sva på høgda. Flott utsikt!

Map     2 comments

Pinsebuldring på Vingsand

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Bouldering
Map    

Hjerkinnshøe

Date:
23.05.2020
Distance:
9.9km

På tur heim frå Sottjønnbu og mykje skodde rulla eg over Dovre i nydelig vårvær. Så måtte ein jo berre ut og få litt farge! Boven hadde tipsa om Hjerskavlen som eit lett turmål frå E6en, og når ein kom på nordsida så såg det ut som samanhengande snø heilt til topps! Det vart litt barmarkssport og ein del gjennomtrakk, men kva gjer vel det når været er godt og ein har orkesterplass til heile dovreveggen! Heilt nydelig var det! Eg hadde ikkje lyst ned igjen, så eg svinga innom Hjerkinnshøe Øst og Hjerkinnshøe også. Her blomstra lyngen og fine ting! For berre ei veke sidan låg det 15 cm snø i hagen i Trondheim. No hadde våren kome med rakettfart. No vende eg tilbake til bartebyen solbrend og glad!

Map    

Kroksleivhøe og førstebestigning av Krossbakkenosi

Date:
22.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:00h
Distance:
26.5km

Andre turdag frå Sottjønnbu med Kroksleiven og Boven. Denne dagen var det ein del vind, så vi klødde oss litt i hovudet om kva som skulle vere dagens mål. Boven sikla på Sveinkollen, som han ville sjekke ut for innlemming i lista "Bovens Kremtopper i Norge". Men han var også svært interessert i Krossbakkenosi, som han venta store ting av. Om vi gikk for siste kunne vi jo også få med Grønntjønnhøi, som Kroksleiven var interessert i. Dessutan var jo dette to toppar det var vanskelig å ta igjen ved ei seinare anledning, om no samlemanien skulle melde seg att. Etter ein svært fyldig frokost som nesten sende oss tilbake i senga for å kvile litt, sette vi kursen mot dei to sistnemnde toppane. Boven har skildra turen meir i detalj her (inkl GPS-spor). På Grønntjønnhøi var det svært utfordrande >>>

Map    

Holåtindan frå Sottjønnbu

Date:
21.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:30h
Distance:
30.8km

Første turdag med toppsamling frå Sottjønnbu med Boven og Kroksleiven etter at vi gikk opp til hytta dagen før . Det var litt skiftande skydekke men vi var likevel optimistiske - dagen i dag hadde dei gildaste turmåla for min del - Holåtindane. I tillegg var Gjelhøi og Grønntjønnhøi også på menyen. Turen var bereikna til 3 mil og 1500 høgdemeter - med god margin min lengste skitur. Vi diskuterte om vi skulle ta runden med eller mot klokka, men enda med klokka. Kanskje hadde vi fått ein litt bedre turopplevelse om vi hadde gått andre vegen, og fått finare vær over Holåtindane, men men. Vi passerte Tundradalsbandet, over 1515-vatnet, opp over skaret sør for Ytre Gjelhøi, over Ytre Gjelåbreen, og opp til Gjelhøi. Føret var av den sugande sorten. Det låg skodde vestover, og denn kom >>>

Map    

Toppsamling frå Sottjønnbu med Kroksleiven og Boven

Date:
20.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:30h
Distance:
6.0km

Desse mai-dagane hadde eg moglegheit til å stikke på tur, og eg ville kome meg i høgfjellet på ski. Litt på måfå sende eg ei melding til Kroksleiven om han var gira, og like etter ringde telefonen: Kroksleiven og Boven hadde hive seg rundt og leigd Sottjønnbu frå onsdag til laurdag. Her skulle det bli mil etter mil og topp etter topp i Breheimen! Ja, lite visste eg at Måfå ligg like ved Breheimen (i Bøverdalen faktisk). Så slik kan det gå - eg takka sjølvsagt ja til invitasjonen på flekken. Fjellskiekspertane frå Nordfjord har svært lange skiturar fulle av høgdemeter og raude teiknestiftar som spesialitet. Dei bedyra si dårlige form. Berre tull sjølvsagt. Om eg ikkje hadde forstått det før, så vart det rimelig raskt klart der Boven skreva oppover slushen frå Sota Sæter >>>

Map    

Geitfjellet med intervall

Date:
14.05.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:00h
Distance:
9.0km
Map    

Geitfjellet

Date:
12.05.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:00h
Distance:
8.9km
Map    

Storgruvpiken

Date:
10.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
4.9km

Etter Tjønnpiken tok eg turen på Storgruvpiken. Skia på i vegkanten, så 500 hm til topps. I dag var eg innmari heldig med været - dette var einaste staden med sol i heile Trøndelagen såg det ut som. Tilbake til bilen var det nydelig skiføre, med 10 cm tørr og lett snø på hardt underlag. Mars-vær i midten av mai.

Map    

Tjønnpiken

Date:
10.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:00h
Distance:
4.5km

Akutt brakkesjuke førte til nærlesing av Yr på ein maidag som skulle vere prega av snøbyger. I dag kunne eg gjort meg fortent til ei sånn "Eg treng ikkje psykolog - berre ein tur på fjellet"-skjorte, så målet for dagen var først og fremst å kome seg ut. På Nerskogen skulle det vere moglege moglegheiter, så eg køyrde dit med mål om to enkle og korte turar. Lavthengande raude teiknestiftar. Ja, gitt alt snøværet så kunne det kanskje bli litt fin skikøyring også! På Nerskogen var det berre fuglelivet som minna om at vi tross alt ser mai: vipe, bekkasin, tårnfalk (?) og diverse vadefuglar. Er det ei glødande ornitologi-interesse som gjer at så mange vil ha hytte her? På skaret var det i alle fall berre å ta skia på i vegkanten, for her var det snø i massevis. Etter >>>

Map     2 comments