Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Mosvarden

Date:
30.12.2019
Characteristic:
Jogging
Distance:
12.0km

Tradisjonen tru måtte eg ha meg ein julejogg til Mosvarden. Denne gongen baud det på litt meir utfordrande forhold. Sidan englebarna er litt "aktive" for tida må turaktiviten foregå etter leggetid (i bekmørkna), og sidan det er realt sunnmørsk julevær (sidelengs regn) så er slike turar av den karakterbyggande sorten. Men, eg klarer liksom ikkje la være, så slik vart det. Eg sprang grusvegen opp mot Mosvatnet, eg hadde eigentlig berre tenkt meg dit, før eg vart magnetisk drege ut i lyngen. Rimelig stivt på toppen - skodde og generelt rusk og rask. Ned att hadde eg tenkt å nytte meg av ein ny grusveg som etter sigende skulle gå over vikeskaret. Litt feilnavigering ned mot Røde-Kors-hytta, før eg kom ned til dalen der eg skulle kome inn på denne grusvegen. Ingen grusveg >>>

Map    

Isklatring på Engan - Kleivkallen (WI4 80m)

Date:
15.12.2019
Characteristic:
Ice climbing

Det opna seg ei moglegheit for å lufte seg litt, og når valget stod mellom julebord og friluftsliv fall valet lett på det minst slitsomme: friluftsliv. Eg ville klatre litt is, men sidan alle mine venner er småbarnsforeldre er det vanskelig som pesten å finne nokon som har tid. Eg tok difor ein sjangse, og spurte nokre ungfolar frå Tindekluben si korrekturlesegruppe om dei var gira på tur. Dei var forsåvidt ikkje så mykje yngre enn meg i alder. Men, sidan dei ikkje har ungar har heller ikkje aldringsprosessen deira skutt drastisk fart enda. Dei hadde sjølvsagt eit hav av tid og kunne klatre når som helst, så vi plukka vi ut søndag, og eg foreslo litt cragging på skiferbrotet på Engan i Drivdalen. Eg sat på med Ulf til Oppdal, der vi møtte Odd Rune og Ragnhild på CircleK, før >>>

Map     5 comments

Gråkallen pudderjojo

Date:
01.12.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map