Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Store smørstabbtind

Date:
29.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:13h
Distance:
13.3km

Siste dagen på Jotunhelga sikta eg meg inn på Store Smørstabbtind - ein topp som med sin frekke profil og vaksne høgd må reknast med på kremtopplista. Det hadde vore værskifte, og den tidligare så skyfrie himmelen hadde gitt etter for blanda skydekke, særlig kring dei høgare toppane. Hurrungane låg innhylla i skyer, men Smørstabbane låg akkurat på grensa. Så eg satsa på at det skulle klarne opp, og la avgårde frå Krossbu i 10-tida. Sjølv om beina framleis var prega av helgas utskeielsar, gikk det svært mykje lettare enn gårsdagens tur til Kyrkja. Det var i tillegg deilig lettgått landskap innover, grønt og fint og mindre prega av steinura som kyrkjeturen var full av. Elva Leira var flott å sjå på der den fossa og brusa nedover dalen. Breen og Store Smørstabben i seg >>>

Map    

Kyrkja

Date:
28.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.0km

Dagen etter stortur på Skagastølsryggen ville eg også over 2000 meter, men med litt mindre innsats. Sidan eg ikkje har vore i Leirvassdalen før, køyrde eg inn dit, og fann ut at eg måtte ta meg ein tur på Kyrkja. Denne er jo både berømt og fin. Rusla med blytunge bein opp ura til Kyrkja. Møtte masse folk i klyvinga, og litt ymse kor komfortable dei var i bratta. Oppe var det nydelig utsikt. Eg har vore ganske lite i Jotunheimen, og i mitt stille sinn har eg tenkt at Jotunheimen kanskje har vore ein opphausa sak av oslofolk som ikkje veit bedre. Men, det er faktisk ganske fint her. Der er kyrkja, nei der, nei der, DER! nei...

Map    

Skagastølsryggen

Date:
26.07.2019
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
24:00h
Distance:
18.0km

Innledning (bablealarm - hopp til neste kapittel om du berre er interessert i turen) Småbarnsperioden er eit Sahara i det Afrika som er sjølvrealisering. No vil kanskje mange lesarar – og kanskje særlig dei som er i sine fjellfulle før-familie-år, seie at eg kan takke meg sjølv. Ja, det kan eg. Men no er det ein gong slik at ein i tillegg til fjelldrift har både kjønnsdrift og forplantningsdrift, og at desse før eller sidan vil kome i konflikt med kvarandre. For fleirtalet vinn dei to siste, sjølv om det finnast hederlige unntak. Dessutan har Erna sagt at ein treng fleire ungar her på berget, så her er det berre å step it up. Vel vel, nok av denne blandinga av sjølvmedlidenheit og sjølvrettferdigheit. Den som har vandra gjennom ørkenen ei stund veit at der også finnast oasar. >>>

Map     4 comments

Storheia heimanfrå

Date:
21.07.2019
Characteristic:
Jogging
Map    

‘Fisketur’ på Grimeskarvatnet

Date:
06.07.2019
Characteristic:
Fishing

Fisketur til Grimeskarvatnet med kjekke folk - store og små. Eg raska kjapt med meg litt diverse fiskeutstyr frå buda, og spadde opp nokon makk mellom tulipanløkane. No skulle junior sjå koirleis ein klarer seg i villmarka. Det vart lite fisking. Forrige eigar av snella hadde reparert den med ein kvist, viste det seg. I dag orka ikkje kvisten meir og snella kasta inn årene. Eller kvistane. Ellers veldig trivelig med kjekke folk som drog opp den eine kræda etter den andre!

Map    

Blåfjellet og Furekleiva

Date:
05.07.2019
Characteristic:
Jogging
Duration:
2:00h
Distance:
8.0km

Ny kveldstur, denne gongen med mål om å ta Furekleiva - ein nøkkeltopp på Eidalista. Ei liste som snart vil vere historie ved fødselen av Stadt kommune. Så kva dør passar denne nøkkeltoppen til då? Det er ikkje lett å svare på. Men så er jo også listesamling ein selsom aktivitet. Vel vel, det er fint på fjellet - det er det viktgaste! Eg ville også stikke innom Blåfjellet på turen ettersom eg ikkje har vore her på sommarstid før, og heller ikkje gått frå frå Navestøylen - ein tur som ser veldig fin ut. Det var den også, og sjølv om eg soknar til Stårheim på mange vis så må eg innrømme at Kjølsdølane har eit godt grep om turløyper. Stien startar ved ei lita bru over ein bekk, rett ved ei hytte. Mange stiar og skilt i området, og denne var ikkje skilta, men lett >>>

Map    

Nausdalskamben

Date:
04.07.2019

Familietur etter nokre svært sure dagar på sommarferie. Tidvis sol og byger, men god stemning i gjengen. Snø over 1000 meter. Men nausdalskamben er ikkje over 1000 meter heldigvis.

Map