Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kveldstur til løsethornet og svartdalshornet

Date:
26.06.2019
Characteristic:
Jogging
Duration:
3:00h
Distance:
12.0km

Kveldstur til to listetoppar i Hjelmelandsdalen. Sidan eg kom meg avgårde litt seint var hovedmålet Løsethornet. Gjekk frå Lomtjønna, skilt merka mot Svartedalsvatnet. Stien kom og gikk litt, men vart tydeligare opp i lia. Frå Svartedalsvatnet fulgte eg næraste rygg rett opp. Litt buskbryting vart det, men fann ein grei veg opp. Holdt litt nord og opp ei grasrenne siste bratta. Denne såg litt bratt ut på avstand, men var heilt uproblematisk. Deretter fulgte eg eit snøfelt nesten heilt til topps, der eg kunne bla gjennom ei bok med høg peakbook-faktor :-) Interessant for toppsamlarar dette fjellet, mindre besøkt av andre. Bedre enn sitt rykte vil eg seie. Det kom skodde sigande, så eg slo frå meg Svartdalshornet og byrja på nedturen. Men då det letna litt ned i bakkane vart freistinga >>>

Map    

Hasundhornet

Date:
24.06.2019
Map    

Gråkallen med Olina

Date:
16.06.2019
Characteristic:
Hike

Map    

Tyven tyven

Date:
02.06.2019
Characteristic:
Climbing

Sidan Andreas er i siste innspurt på doktorgrada, har det naturlig nok blitt ein del timar med vandring i myr og kratt i Bymarka - slik det gjerne blir når noko viktig men litt kjedelig, må/bør/kan gjerast. Her har han til alt overmål gått seg på ei klippe som kunne huse nokon kileruter av kort men spennande art. Han gjekk raskt den finaste linja, ei 6+ med finfin klatring og sikring av det litt delikate slaget, og kalla den Tyven tyven. Slikt kan ein ikkje la gå ubemerka forbi her ein sit i sitt sjølvvalgte reproduktive eksil. Så innimellom forkjølelse, søknadsskriving etc etc etc klara vi og rydde av litt tid ein kveld så eg skulle få meg eit forsøk. Eg hadde tjuvtrent litt med cloggen ein kveld før, så etter ein liten oppvarmingsrunde på topptau sende eg saken. Etterpå >>>

Map