Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Snota!

Date:
29.04.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
25.1km

Kona avspaserte i dag, og slo frampå om at eg kunne finne på noko om eg hadde lyst. Eg foreslo raskt at eg kunne ta meg ein tur på Snota – ein tur det går gjetord om i midtnoreg, og som eg har sikla på lenge. Kona sa at det kanskje ikkje var heilt det ho hadde tenkt – at eg skulle vere vekke langt til fjells heile dagen. Men då eg viste ho den flotte primærfaktoren, den alpine karakteren, og den omfattande utsikta måtte ho medgå at dette måtte eg få med meg. Dessutan, sa eg, tar turen etter sigende berre 4 timar! (eller kanskje bittebittelitt meir). OK, så var det ikkje heilt slik det gikk føre seg. Men eg gikk i alle fall frå vinterparkeringa ved Gråsjøen klokka kvart på 10 spent på kva dagen skulle bringe. Det første dagen skulle bringe var svært flekkvis skiføre, så >>>

Map     4 comments

Geitfjellet meisesafari

Date:
26.04.2019
Duration:
2:00h

"Livet er best ute" står det på t-skjorter. "Eg treng ikkje psykolog - eg treng berre ein tur på fjellet" står det på andre. Alt dette kan sjølvsagt diskuterast, men i dag hadde det faktisk noko føre seg. Den humørsjuke småjenta vart reine blidensolen på Geitfjellets alpine topplatå. Norge er ikkje skapt for å sitte på ræva. Untatt om ein ikkje kan gå. Då kan ein sette ræva der ein vil. Ein liten notis: siste person eg såg med t-skjorta "Norge er ikkje skapt for å sitte på ræva" var svært omfangsrik. Han hadde også snøscooter. Eg ser det har vore debatt om scooterkøyring sin status som friluftsliv i det siste. Er det slik at å køyre snøscooter ikkje reknast som. å sitte på ræva i somme miljø?

Map    

Geitfjellet

Date:
23.04.2019
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:58h
Distance:
8.5km
Map    

Kjølhaugan

Date:
20.04.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:00h
Distance:
23.4km

Det vart avtala Pappas turdag denne laurdagen. Eg skulle avlevere familien på Skatval før eg fekk fri turtid resten av dagen. Ei flott anledning til å besøke stortoppen Kjølhaugan i Meråkerfjella. Strålande sol og heile Meråker var i fjellet i dag. Eg tenkte å følge sporet til yppersteprestane av fjellskiturar - JoSo og Otto, og gå opp i skaret mellom dei to Kjølhaugtoppane. Eg var litt usikker på skivalg, men med den lange innmarsjen gikk eg for fjellski. Først scooterløype, og så litt sikksakk mellom lyngflekkane oppover. Litt komplekst terreng med utfallssoner for skred inne i skaret, men eg trur eg fann ein trygg veg. Runda så rundt på sørsida av Storkjølhaugen, og fulgte nokon gamle skispor for å finne beste veg opp. Siste 100 høgdemeter vart til fots. Her hadde det >>>

Map    

T/r storwartz

Date:
16.04.2019
Characteristic:
Cross-country skiing

Avholdshytta

Date:
15.04.2019
Map    

Enarsvola - igjen!

Date:
14.04.2019

Jammen vart det ikkje Enarsvola i dag igjen! I dag med heile klanen. Spent foran pulken som eg var identifiserte eg meg mest med asenet enn med frelsaren sjølv denne palmesøndagen, men det venta likevel ingen palmeblader foran fjellkyrkja på toppen. Derimot var dei sterke på dei meir verdslege varene: vafler og kaffi med påfyll. Nok ein gong knallvær.

Map    

Enarsvola

Date:
13.04.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
8.7km

Ankomst Røros for påskeferie med familien og svigers-klanen. Det er mange fine fjell på Røros, men denne påska stod i fellesskapets teikn. Nokon vil seie at mine eigne høgdemeterambisjonar var offerlammet denne påska. Andre vil kanskje seie at eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, og små ungar og ein nær og fin familie også har sin sjarm og verdi. Jada. Eg ser den. Vel vel, nok om det. Rett etter ankomst Røros Hotell opna det seg eit turvindauge. Det måtte handlast kjapt, og eg heiv på meg fjellskia og satte kursen mot næraste raude nål - Enarsvola. Det starta på preparerte løype, og deretter sette eg kursen beint fram gjennom tundraen med sikte mot mastene på toppen. Der ankom i nydelig ettermiddagslys, klartog fint med utsikt heilt til Rondane. På toppen møtte eg også >>>

Map