Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Mikroeventyr på Øysand - ny linje?

Date:
22.02.2018
Characteristic:
Ice climbing

Isklatresesongen er ikkje over sjølv om snøen legg seg og sola stig. Kveldens mikroeventyr var ei fin lita linje som eg topptaua eit par gonger i fjord. I kveld var eg og Pål Christian ute for å lede saken. Først lett opp i eit hjørne til høgre for istappen, eit par kammar inn under overhenget, før ein lena seg ut med ei øks i risset i hjørnet. Få øksa opp over kanten, og svinge seg ut på isen. Artig! Herifrå var det i år overraskande bratt is til topps. Tok meg god tid og skrudde tett. Anker i godt tre rett over kanten. Deretter tok vi eit par runder på topptauet, og medan vi holdt på med dette kom det ein politibil sigande. Den stoppa, og ut kom onkel politi. Eg kunne ikkje tenke meg at vi gjorde noko gale her, men man kan jo alltids bli litt stressa av å bli sjekka av politiet. >>>

Map    

Sjokomelksethytta

Date:
18.02.2018
Characteristic:
Ski trip
Map    

Strukafossen

Date:
04.02.2018

I denne tidenes isvinter har mitt enorme alpinpotensiale vorte distrahert av gravid kone og ein meget aktiv toåring. Når til alt overmål svigers stakk tre veker til kanarie-øyene midt i januar var det klart at eg ikkje kom til å utmerke meg med store nyturar i Sunndalen i år heller. Men i samme sekund som svigerfar landa på Værnes sende eg ut melding til min likeså heimekjære omgangskrets av klatrande småbarnsforeldre om at no måtte det støtast! Til alt overmål fekk eg ein heil gjeng på kroken. Etter ein god runde med klager på feber, kulde, låke kne og diverse kroppslige forfall landa vi på Struka - ein foss på Langstein som etter sigende skulle vere stor og fin og i kjekk form. Det var subalpin start frå trondheim ein gong mellom 8 og 9, med Arve, Mats og Pål-Christian >>>

Map     4 comments