Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Våttåsen med Eskil

Date:
26.11.2017
Duration:
1:00h
Distance:
4.2km

Vel vel, medan somme klatrar storveggar borti junaiten må andre ta seg av Melhus pf>100-lista. Fin tur på Våttåsen med Eskil i meisen. Glatt oppover vegen, men fint novembervær! Hadde håpa på utsikt på toppen, men tett trønderskog sperra for utsynet. Vi rusla nedatt og tok nista i bilen.

Map    

Til Estenstadhytta med Farfar

Date:
19.11.2017
Characteristic:
Walk

Farfar på besøk i Trondheim og fint vintervær. Eskil gikk nesten heilt ned igjen, og lo rått av folk som sklei på glatta.

Map    

Opning av isklatresesongen 2017-18 på Kongsvollfossen

Date:
11.11.2017
Characteristic:
Alpine trip

Det byrjar jo omtrent å bli tradisjon med sesongstart på Kongsvollfossen. Fekk med Arve og Mats. Stoppa på VPG for det aller mest nødvendige, før vi svusja opp i Drivdalen. God is, fint vær og god stemning. I dag prioriterte vi kos framfor frykt og ekstremsport. Først litt scrambling, så dei to første ordinære lengdene løpande, før eg fekk uttoppinga, som i dag var lett. Deretter retur, berre med stopp på Oppdal Bakeri for det aller mest nødvendige. Og ein nødstopp på polet for innkjøp av sterkøl. "Sterkøl er jo det aller mest nødvendige" meinte Arve.

Map    

Ilsvika-Våttakammen kveldstur

Date:
08.11.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
0:38h
Distance:
3.5km
Map