Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Snillfjord-søndag: Aida (7)

Date:
27.08.2017
Characteristic:
Climbing

Denne nydelige haust-søndagen sneik eg meg med Skarpklatrarane på tur til Snillfjord igjen. Skarpklatrarane er berre kjent frå den interne klatrepressa. Alle veit kven dei er, men ingen veit kvar dei er. Før det brått er dobbeltsider i den årlige kaffibordblekka til Kluben. Uvant i denne SoMe-tidsalderen. Sjølv satsar eg heller på mange men lavthengande publikasjonar. Dei skulle støte på dei harde prosjekta sine. Eg skulle prøve og gå Aida, 7'aren eg psyka ut på sist eg var der. Sidan det har den berre fortsatt og psyke meg ut. Eg fekk hengt opp topptau på prosjektet mitt, og forsøkte ei runde. Det gjekk veldig fint. Det er ikkje så pumpande - eit buldreproblem på toppen av 25 meter med meir moderat klatring. Dette skulle gå. Imens eg tenkte på dette topptaua Skarpisane og prata >>>

Map    

Date climb på Lyneggen

Date:
23.08.2017
Characteristic:
Climbing

Endelig ville Kona vere med på Størehammaren! Ikkje berre det, ho ville også lede! Vi omplasserte junior til bestisane og hoppa i bilen etter jobb. Tind, nut, nos - eller i alle fall Lyneggen - her kjem vi! Nedanfor Størenhammaren stod ikkje mindre enn 4 bilar denne onsdags ettermiddagen. Hell i uhell, for eg hadde berre tatt med ein taubrems. Ein svenske lånte oss ein til. Eg leda opp første taulengda, Motorveien (5), som vanlig den hardaste og finaste lengda på Lyneggen, og kom til ei hylle full av folk. Det vart heligvis faktisk ikkje så ille med venting allikavel. Kona tok neste lengde (4-), bratt opp eit dieder på gode tak. Ettersom det er ei stund sidan sist ho leda på kilar, vart det litt leiting i selen etter korrekte storleikar, men resultatet vart meget pent satte sikringar. >>>

Map    

Ilsvika-Geitfjellet kveldsjogg

Date:
10.08.2017
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:48h
Distance:
8.0km
Map    

Baklidammen - Geitfjellet

Date:
07.08.2017
Duration:
0:43h
Distance:
6.2km
Map    

Sonen sin første telttur

Date:
05.08.2017
Characteristic:
Expedition
Duration:
15:00h

Eg har lenge snakka om kor eg har gleda meg til å ta Sonen på telttur. Merkelig nok har eg ikkje gripe nokon av dei mange sjangsane som har bydd seg. Då Kona brått, laurdag formiddag, foreslo at vi kunne fare på telttur, så var det kanskje akkurat den ekstra motivasjonen eg trengde for å iverksette dette barn-i-naturen-tiltaket. Etter ein heil haug med pakking og sosing kom vi oss i bilen i 5-tida og køyrde til Kobberdammen. Alle dei finaste teltplassane var fulle av meir eller mindre (mest meir) lydfulle campingturistar, så det vart ei lita runde rundt vatnet før vi slo oss til i kveldssola på austsida. Her vart det full rulle med blåbær, bading, konglar etc etc etc. Klokka var godt over leggetid då Sonen vart forsøkt lagt i søvn i teltet. Søvn kunne vi imidlertid berre drite >>>

Map     2 comments