Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Joikastemning på Snøhetta-traversen

Date:
29.07.2017
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
7:00h
Distance:
16.0km

Først ei lita omgrepsavklaring: Joika er eit uttrykk som i klatrekrinsar blir brukt for koseklatring. Ein kan vere joika - ein person som vil kose seg på klatring. Og ein kan ha joikastemning - enkel klatring som berre gir god stemning. Dette er i utgangspunktet positivt, men det kan ha ein nedsetjande undertone om klatrarar som berre vil ha kos og aldri utfordring. Som når kaffipausa og kassegitaren går på bekostning av prestasjonane i veggen. Vel vel, i denne samanhengen er joikaomgrepet berre positivt: dette var ein veldig koselig tur! Denne helga hadde plutselig både eg, erlando (Erlend Hassel) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) halvannan dag ledig. Det er tida ein treng for å kome seg rundt Snøhettatraversen og framleis ha litt marginar. Vi køyrde til Hjerkinn fredag kveld, og etter ein tur på Viewpoint Snøhetta sette vi opp lavvoen >>>

Map     3 comments

Gråkallen og Geitfjellet frå Byåsen butikksenter

Date:
25.07.2017
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:51h
Distance:
13.0km
Map    

Mislukka skoddetreff på Skruvane

Date:
19.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
15.0km

Vi leita og leita, men denne dagen måtte vi gi opp. Uansett kvar vi såg var det berre blå himmel over gullrekka av Sunnmørske tindar. Ikkje ein skoddedott å sjå. Spøk til side, dette var altså ein kjempedag. Skruven er ein klassikar i Norangsdalen - ikkje like kjendt som diverse turistmål i området, men både høg og fin. Dessutan får ein jo to toppar i slengen sidan det er ein dobbeltopp. Dette var sommarferien sitt hovudmål for meg og kroksleiven (Torleiv Orheim) , og denne gongen ville vi ha finevær. Finevær fikk vi, og vi planla ein liten runde for å få med skruven og listetoppen Tverrfjellet. Vi køyrde inn den flotte Synnylvsmolskredalen og parkerte på Bygdastøylen. Her var dagens to turmål lækkert synlige. Det var ein del skilting herifrå mot diverse dalar. Vi fulgte stien, og kom etter kvart til >>>

Map     4 comments

Skoddeøkt på Saudehornet

Date:
16.07.2017
Characteristic:
Jogging

Eg kjem meg liksom aldri på desse Ørsta-toppane! Kvar gong eg er på fjellet i Ulsteinvik så ser eg heile gullrekka, men som regel køyrer vi berre forbi på veg til ein annan stad. Denne kvelden skulle eg avlevere Kona på Hovden der ho skulle hoppe på flyet mot Barteby. Eg hadde så innmari lyst på Saudehornet, men til tross for generelt høgt skydekke låg det sjølvsagt ein solid skoddedott over toppkrona på akkurat det nevnte horn. Men då eg kom ut av flyplassen såg det ut til at skodda var i ferd med å letne. Eg tok ei lynrask avgjerdsle om at her køyrer vi på! Etter litt safari i byggefelta fann eg parkeringa, hoppa i joggeskoa, og byrja på motorvegen opp mot hornet. Rimelig bratt grusveg opp det første stykket, før det var tydelig men blaut sti vidare, svært godt merka. >>>

Map     3 comments

Fartsprøve på Storebroren med venner

Date:
15.07.2017
Distance:
16.2km

Dette er ei klassisk runde på Hareidlandet, der ein hankar inn heile fire postar på Hødd Fjelltrim. I min barndom tok vi den frå Ulsteindalen, men med dei nye trimvegane frå Ulsteinvik er det overkomeleg å ta den frå Vik. Her sprang eg rett frå døra i barndomsheimen. Den ligg framleis øvst i byggefeltet, med nærfjella rett i ryggen. Klassikerstatusen til denne turen er ikkje berre grunna trimpostane. Her oppe har ein virkelig nydelig turterreng, med lav og fin vegetasjon og ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane og heile ytre Sunnmøre. Dei moderate høgdeforskjelane og det kjekke terrenget gjer det til ein flott løpetur. Hadde eg ikkje tatt så mange selfiar på Storebroren hadde eg kome under to timar. Det får bli neste gong.

Map    

Sist men ikkje minst (300m 5), Kårnyken sørveggen

Date:
13.07.2017
Characteristic:
Alpine climbing

Eg har lenge tenkt på om sørveggen på Kårnyken kunne vere klatrebar. Den er veldig flott, men steinkvalitet og sikringsmoglegheiter er alltid eit spørsmål. Denne sommaren hadde eg avtalt med Arve Stavø at vi skulle sjekke ut veggen. Tid og vær gjorde at vi stod i Ålfoten 10:30 i dag, med skiftande vær og regn i lufta. Dottera til Arve, Tuva (17), var også med og var gira på å teste alpinklatreskillza. Vi hadde uansett ikkje ambisjonar om dei tøffaste linjene i dag, og tenkte at vi heller fekk rekognosere litt. For å ha ein sjangs om å nå toppen valde vi formasjonen lengst til venstre i veggen. Den var kortare enn resten av veggen (men desto lenger anmarsj), og såg ut til å ha like artig klatring. Heldigvis var skogsvegen god å køyre langt opp, så vi sparte ein god del anmarsj. >>>

Map     2 comments

Dua

Date:
11.07.2017
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.5km
Map    

Blåsvednyken

Date:
09.07.2017
Distance:
10.7km

Map    

Buldring i Haushellaren

Date:
09.07.2017
Characteristic:
Bouldering

Skoddetreffet 2017: oddekloven og storkjelen

Date:
08.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
10.3km
Map