Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Blåberga

Date:
30.06.2017
Characteristic:
Walk
Distance:
2.9km

Eg har eit ganske ambivalent forhold til desse topplistene: på den eine sida synest eg ein skal gå fine turar heller enn ufine turar, men på den andre sida klarer eg ikkje å la listene vere heller. Eg er berre for glad i å samle, strukturere og loggføre. Vel, på første dag i sommareferien var planen å vaske leiligheita medan sonen var i barnehagen. Det er vel gjerne slike dagar ein endar opp på turar som denne. Fulgte hogstveg over hogstfelt eit godt stykke, før det vart litt vassing på slutten. Fikk selskap av 200 000 fluger. Er ein interessert i bringebær er det nok å jobbe med opp i her på seinsommaren.

Map    

Motbakkefestival på Hovsnebba

Date:
25.06.2017
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
5:00h
Distance:
6.0km

Etter gårsdagens trimtur i Innerdalen våkna eg i tilnærma god form i teltet mitt på tjuvcampen bak Teknisk Etat sitt utendørs lager av brukte brannslokningsapparat. Eg hadde hatt bjarte planar om Storkalkin i dag, men merka raskt (i det eg røyste meg) at det kanskje var noko ambisiøst. Eg slo opp på Peakbook-appen, og såg at stien til Hovsnebba byrja rett bort i vegen. Det er jo eit fjell eg har glodd på lenge, så eg gikk for den! Etter 2 polarbrød og ein kopp kaffi var eg klar! Stien var lett og finne - her var det ikkje mykje anmarsj å snakke om. Høgdemetera kom raskt og i rikt monn! "Lett" er jo eit relativt omgrep, og i Sunndalen er det få ting relativt lett. Denne turstien var ikkje akkurat handicap-tilpassa, for å seie det slik. Den sneik seg opp gjennom diverse >>>

Map     5 comments

Ein midtsommardraum på Sørøst-hjørnet

Date:
24.06.2017
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
14:00h

Etter ein travel vår med mykje jobb for heile familien vart det denne helga brøyta plass til klatrehelg! Etter litt om og men og sondering av omgangskrinsen av opptekne småbarnsfedre slo Pål Christian til på ein tur til Innerdalen. Etter særs ustadige værmeldingar landa vi på laurdagstur på ultraklassikaren Sørøst-Hjørnet på Skarfjell. Vi ankom Dalen parkering fredag kveld klokka 22, fylte sekkane med det aller mest nødvendige + litt til (for eksempel to tubar tannkrem!), og la i veg mot Giklingedalshytta. Skodda hang tungt over Innerdalen, og luftfuktigheta var særs høg, for å seie det slik. Men meldingane for morgondagen var supre, så humøret var godt. Då vi kom opp mot Giklingedalen klarna det opp, og morgendagens turmål stod svært klart for oss! Som nyslått Klub-medlem >>>

Map     11 comments

Bæremeis på Storheia

Date:
16.06.2017
Duration:
2:05h
Distance:
8.8km
Map    

Myr, glede og kultursti: Sjåvidthøgda og Jervfjellet

Date:
11.06.2017
Characteristic:
Jogging
Duration:
2:34h
Distance:
14.5km

Det har sitte litt langt inne og jobbe på Trondheim pf>100-lista då iveren etter skogkledde våttar har vore så-som-så. Etter å ha lest diverse turrapportar som ikkje akkurat har hylla Sjåvidthøgda opp i skyene har den heller ikkje vorte prioritert. Men, denne søndagskvelden tok brakkesjuka overhand, og litt lei av bymarka tenkte eg at ein kombi med Jervfjellet kunen vere fint. Nydelig sommarvær i Trøndelagen denne kvelden, og etter studie av kartet parkerte eg ved Jervlandet og jogga skogsvegen langs Trøbekken til endes. Full fuglesang og nydelig lukt i skogen etter varmt sommarregn. Eg tok så til høgre ein sti mot vest, før eg braut rett av over lyng og hei meir eller mindre i rett linje mot Sjåvidthøgda. Litt torvklyving her og der, og eg passerte også nokon stiar som >>>

Map    

Ein hemmelig stad i bymarka

Date:
06.06.2017
Characteristic:
Bouldering

Det er framleis ukjente klatredestinasjonar i bymarka. Jungeltelegrafen er innfløkt - berre etter fleire års lytting kan ein kome steget vidare Frå dei etablerte førarane, via obskure nettførarar, til tåkelagte google-maps-bilete Nye bulder på god stein i bakgården til landets tredje største by Berre besøkt av - uteliggerar (alle steinar av ein viss størrelse i bymarka har nokon budd under) - skogsmaur, enorme mengder, det osar maursyre frå pad'en - 90talsklatrerar som sandbagga enkeltmoves-ruter i bymarka tilbake i hine hårde men som ellers oppdaga huler som no frekventerast av svært mykje større storleikar i Flatanger og stod ned snørenner som tilogmed i Romsdalen vert rekna som anstendige det var over 20 grader myggen beit godt myr over alt tett fureskog steinen var gøymt bak kratt >>>

Map    

Bæremeistur til Geitfjellet

Date:
05.06.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
2:20h
Distance:
6.4km

Den Midt-Norske Geitfjellekspedisjonen 2017. Nokre i ekspedisjonsteamet har lagt på seg sidan sist ekspedisjon. Kanskje begge, men særlig ein. På toppen var det tjukt av syd-trønderar, tross den kalde trekken.

Map    

Snillfjord-søndag

Date:
04.06.2017
Characteristic:
Climbing

Endelig tur til det hardaste kileklatrefeltet i midt-noreg. Eg og palchsa (Pål Christian Sandtrø) hang oss på to av Midt-Noregs skarpaste kileklatrerar. Medan dei hang i kvar sitt statiske tau og klogga på dritharde mooves, prøvde eg og PC oss på nokon av dei få "enkle" rutene der. Først prøvde eg meg opp ein søkkblaut "Diedret" (5). Denne kjendest så overgrodd og blaut at eg backa av etter nokon meter. Byrja å tvile på gradene på denne plassen - blaut 5'ar klatring skal jo ikkje vere umogleg. Så sende Mats oss i retning av Aida, som er 6- til første anker, med ei forlenging på 7 (minus i følge skarpklatrarane). Ruta byrjar med litt treklatring før ein går over til skikkelig granitt-jamming eit par meter, før meir opptaksvis vidare. Stivt nok med bratt jamming synest eg. Gikk fint, men >>>

Map    

Kveldsjogg på Storheia

Date:
02.06.2017
Duration:
1:12h
Distance:
9.2km
Map