Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Buldring på Trolla - med ettertanke

Date:
30.04.2017
Characteristic:
Bouldering

Det vårast, og eg har ikkje buldra særlig ute på fleire år. Sjølv om det er lettvint så kan man ikkje basere seg på å tafse plastikk heile tida heller. Ut må man for å bli sterk på stein. I Trondheims umiddelige nærleik er det ikkje flust med buldring. Trolla er eit lite unntak, men det beste med Trolla-buldringa er at den er lett tilgjengelig, for å seie det slik. Likevel, prosjektet er kanskje det finaste bulderet i området, nemlig Overtråkksbulderet (7B). Det høyrest kanskje avskrekkande ut, og eg har difor ikkje planar om å toppe ut så lenge eg driv og rotar rundt i skogen aleine. Man kan jo nemlig ramle av ting, og er ein aleine og utan skikkelig sikring så kan det jo bli trasig. Ja, nettopp. Slike tankar gjekk gjennom hovudet mitt i dag. Rett før eg sette meg i bilen >>>

Map     3 comments

Heim frå jobb - via digresjonar i bymarka

Date:
20.04.2017
Duration:
2:30h
Distance:
19.9km
Map     2 comments

Kveldsjogg på Geitfjellet

Date:
18.04.2017
Duration:
0:56h
Distance:
7.1km

Så var det oss to igjen då, Geitfjellet. Loggføring for dei som likar slikt. Og det gjer vi jo, vi menn mellom 30 og 50 med stramme bukser i skauen. Slik har det blitt.

Map    

Pulktur til Steinegga

Date:
16.04.2017
Map    

Kvitegga

Date:
14.04.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:00h

Påska er tida for store og små skiturar. Denne påska var prega av lite snø og svært varierande vær, men ein del små skiturar vart det jo anledning til. Men for kvar vesle familieskitur vart behovet for ein stor skitur meir og meir påtrengande. Til slutt beordra Kona meg ut på tur. Det ville gjere underverker for humøret, meinte ho. Fredag var det pansermeldingar, og eg hadde sett at mine gamle bekjente frå Bergen, Knut og Kristin, var i området. Etter litt planlegging vart vi einige om at Kvitegga var eit flott turmål. Det er lite å utsetje på Kvitegga på ein slik påskedag: pirrande primærfaktor, Sunmørsalpane sitt høgste punkt, upåklagelig utsikt, og ein svært lang oppoverbakke (ja, slik har det blitt - oppoverbakken er viktigare enn nedoverbakken). Eg spurte Kroksleiven >>>

Map    

Jogg i vårsnø til Storheia

Date:
05.04.2017
Duration:
1:23h
Distance:
10.0km
Map